Kunnskap

Min favoritt – «Myre-Mons leiken»

Min favoritt – frå samlingane til Folkemusikkarkivet

Ein gjenstand, eit kunstverk eller ein installasjon? Kanskje ein særeigen folkemusikktone?

Vi spør eit utval av gjestane våra om kva som er deira favoritt!

Janne Urkegjerde frå Stranda er elev ved Folkemusikklina ved Vinstra VGS. Hennar favorittslått er “Myre-Mons-leiken", òg kalla “Springdansen hans Myre-Mons". Slåtten er etter Mons Samuelsson Høghjelle (f. 1791) frå Valldalen. Han gifta seg med Jakobine Larsdotter Langdal og slo seg ned som husmann på garden Myra.

“Å kor fint han Myre-Mons trilla han etter seg”, sa trallarkvinna og songkjelda Karen Olave Tafjord (1829-1915) om springaren.

Janne likar den sprettne, hurtige og godt dansbare slåtten godt.Då den går i g-dur er det ògveldigfint å nytte open basstrengsaman med melodien.

Lær meir om våre ulike arenaer gjennom serien "Min favoritt"!

Besøkande i alle aldra deler sine tankar om gjenstandar eller kunstverk som har gjort inntrykk på dem.

Folkemusikkarkivet

Folkemusikkarkivet, Volda

Folkemusikkarkivet dokumenterer og formidlar folkemusikk og folkedans for heile Møre og Romsdal.