Kystverkmusea
Vern mot storhavet
På 1800-talet satsa den norske stat på ei storstilt utbygging av samferdsle og kommunikasjonar i landet. Eit viktig satsingsområde var utbygging av fiskerihamner. I løpet av 150 år bygde den norske staten over 700 fiskerihamner.
Korleis ville Sunnmøre utvikla seg utan fiskerihamnene? Utan ein trygg stad der ein kunne levere fisk, få tak i vatn og ligge trygt i dårleg ver?
Nettutstillinga gjev ei oversikt over alle dei statleg utbygde fiskerihamnene. Du kan også utforske Sunnmøre eller dei områda du sjølv ønsker.
Utstillinga inneheld også «hamneportrett» der du kan få vite meir om utvalde hamner.
I vårt område har vi sett nærmare på fiskerihamnene på Silda, Alnes og Nordøyan. Her får du også få eit gløtt av sunnmøringar som deltok i bygginga.
