Middelaldermuseet
Middelaldermuseet – Ålesund
Turtips! Frå Byparken til Borgund
Turtips! Rusle Pilegrimsvegen frå Byparken til Middelaldermuseet!
Ei magisk og vakker pilegrimsvandring langs merka stiar. Passar for heile familien!
Om lag 6 km vandring – i ditt eige tempo.
- Start i Byparken i Ålesund
- Følg 418 trappetrinn opp til Fjellstua
- Langs merka stiar går du vidare innover og ned til Fagerlia
- Kryss brua over Nørvasundet
- Følg skilt til Middelaldermuseet og nøkkelstaden Borgund
Retur til Ålesund?
Buss frå Sunnmøre museum til Ålesund busstasjon tek om lag 15 minutt. Sjå rutetider frammr.no.
Kystpilegrimsleia
Kystleia til Nidaros var det viktigaste pilegrimsmålet i Nord-Europa fram til reformasjonen i 1537. Kystpilegrimsleia er ei spektakulær og vakker reise langs kysten, som startar i Egersund og endar ved Nidaros domkyrkje i Trondheim. Langs leia er det etablert 26 nøkkelstadar – inkludert nøkkelstaden Borgund i Ålesund. På kvar nøkkelstad får du eit stempel du kan samle i eit eige pilegrimspass. Med seks stempel kan ein motta Olavsbrevet i Nidarosdomen.
Pilegrimspass får du kjøpt på Middeladermuseet og Sunnmøre museum.
Nøkkelstaden Borgund
Borgund ved Ålesund var eit maktsentrum. Ein handelsplass med god hamn og ein stad der folk på reise langs kysten kunne handle og finne husrom og kvile. I dag ligg Middelaldermuseet på den gamle handelsstaden. Her ligg også Borgund kyrkje som er bygd delvis på restane av Peterskyrkja frå 1100-tallet.
Foto: Siw Solvang / Viti