Brudavolltunet
Brudavolltunet – Ørsta
Setring og beitebruk gjennom 4000 år
Opphavet og utviklinga av seterbruket i Møre og Romsdal!
I dei eldste kjeldene om setrene, heilt tilbake til mellomalderen, heiter det at seterbruket skal vere som det har vore frå gamal tid.
Men kor gamal er eigentleg seterbruket og kva for nokre faktorar var det som låg bak etableringa av denne driftsforma? Korleis har bruken av fjellbeita utvikla seg frå dei første husdyra kom hit i slutten av yngre steinalder og fram til det nådde sitt høgdepunkt på 1800-talet?
25 feb., kl. 18:00 – 19:00
Kristoffer Dahle er arkeolog og rådgivar ved Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, og avla nyleg eit doktorgradsarbeid om dette.
På bakgrunn av eit bredt spekter av nye og gamle metodar, vil han tilnærme seg desse spørsmåla og presentere ei samla framstilling av seterbrukets opphav og utvikling - med særleg vekt på forhold i Møre og Romsdal.
Seterbruket som har stått så sterkt her i fylket, står no på UNESCO si verdsarvliste for immateriell kulturarv.
Det blir også eit lite glimt inn i folkemusikkarkivet, lydklipp av liljing og lokking - ein urgamal måte å kommunisere på mellom folk, og folk og dyr.
Velkomne til ein kveld om setring og beitebruk gjennom 4000 år!
Foto 1 og 3: Kristoffer Dahle
Foto 2: MRFK
Onsdag 25. februar kl. 19-20
Inngang:
Vaksen kr 100.
Barn (opp til 18 år) gratis


