Sunnmøre museum

Utstillingsrom med store hvite tekstblokker på svarte vegger som stiller kritiske spørsmål om innva.

Sunnmøre museumÅlesund

VGS: Omvising «Eg var her»

Elevane blir med formidlaren på ei omvising i utstillinga «Eg var her». Her treff dei tema som: møte mellom kulturar, samfunnsutvikling, bruk av naturressursar og sosial kontroll.

Sunnmøre er som alle andre område i verda påverka av plassering, klima og menneska som har funne vegen hit og herifrå igjen. Kvar finn vi spor av denne påverkinga? Utstillinga «Eg var her» tek utgangspunkt i samfunnet, landskapet og menneska som har vore før oss.

Gjennom omvising, samtale og gjenstandane i utstillinga nærmar vi oss dei som har budd her før oss. Kven var dei? Korleis har livsgrunnlag og valmoglegheiter endra seg?

I omvisinga inviterer vi elevane til deltaking og refleksjon gjennom direkte respons blant anna på tekstveggar i utstillingsromma. 

Opplegget kan og utvidast med besøk i eit eller fleire av husa i friluftsmuseet.

Tilbod til: Vidaregåande skule

Stad: Sunnmøre museum

Når: Etter avtale i museets opningstid

Pris: 30 kr per elev

Tid: 1-1,5 time