Sunnmøre museum
Sunnmøre museum – Ålesund
Møt gjenferdet til Aarsille Strøm
Last ned appen HIDDEN (App Store eller Google Play)
Scann QR-koden og bli med Lille Aarsille på ein annleis tur i friluftsmuseet!
Appen er gratis.
31 des. 2025 – 30 des. 2028

Lille Aarsille er ein app som nyttar utvida verkelegheit, der du mellom andre får møte det litt frekke gjenferdet til Aarsille Strøm ( 1724-1748). Ho var søstra til den kjende opplysningspresten Hans Strøm (1726-1797).
Aarsille tek deg med på ein annleis tur i friluftsmuseet, der du også møter andre rare typar.
Ved bruk av AR, animasjon, historieforteljing og utfordringar opplever du og dine nye virtuelle vener dei gamle husa og historia på ein ny måte.
Lille Aarsille har blitt utvikla i samarbeid med barn og ungdom, og er også eit forskingsprosjekt.
