Sunnmøre museum

Hvit, taggete logo med teksten GAVLA ROCK på svart bakgrunn.
Fem ungdommer sitter og lener seg tett sammen på en sofa i et mørkt rom med gardinbakgrunn.

Coy

Fire langhårede personer i band-T-skjorter står foran en vegg med graffiti i et svart-hvitt bilde.

Slaughterhead

Tre personer står ute i en skog ved skumring, kledd i mørke klær, med trær og et svakt lys i bakgrunnen.

Standard Prosedyre

Nidhög

Sunnmøre museumÅlesund

GAVLAROCK 2026 – RÅARE. TYNGRE. TETTARE PÅ.

Elskar du tung livemusikk? Er nyfrelst fan eller eit garva metalhovud? Då blir du med på GavlaRock 2026!

Ein kompromisslaus kveld med tung lyd, rå energi og ekte speleglede - midt i historiske omgjevnader på utescena ved Sunnmøre museum.

15 aug., kl. 16:00 – 21:30

Fem band inntar scena! Her får du metal, rå energi og morgondagens headlinarar – tett på og ekte.


HEADLINER: Nidhög
Gruppa frå Ålesund som imponerte på Tons of Rock 2025! Nidhög leverer metal med presisjon, kraft og ein sceneenergi du kjenner i brystet.

LINEUPEN DU IKKJE VIL GÅ GLIPP AV
Fem band. Éin kveld. Ingen kompromiss.

Tre av banda består av unge, lokale musikarar som allereie har byrja å markere seg.

Dette er ikkje berre konsertar – dette er morgondagens headlinarar. Ver der før alle andre.


GavlaRock 2026 - FOR DEG SOM:

  • Elskar metal og tung livemusikk
  • Heiar på den lokale metalscena
  • Vil oppleve noko ekte, nært og ufiltrert
  • Er fersk fan eller garva metalhovud

  • Aldersgrense 18 år


SIKRE DEG BILLETT
Dette er kvelden du ikkje vil høyre om i ettertid. Dette er kvelden du vil seie: "Eg var der."

Avgrensa tal billettar – kjøp no


MEIR ENN EIN KONSERT
GavlaRock er ikkje berre eit arrangement – det er ei rørsle. Bygd av ungdom. For ungdom. Driven av ekte engasjement for musikk, kultur og det å skape noko eige.

Her møtest det rå og det lokale. Det nye og det etablerte. Her får Ålesund ei scene som har mangla.


Illustrasjon: Lars Helland

Takk for støtte til arrangementet:


Tid: Laurdag 15. august kl. 18.00 - 23.30

Stad: Utescena på Sunnmøre museum

Tilgjengeligheit: God

Aldersgrense: 18 år

Billett:
Vaksen kr 350
Student kr 250
Ledsager gratis

Årskort er gyldig på dette arrangementet


KJØP BILLETT!




Vil du vere med som frivillig på GavlaRock 2026?
Vi søkjer deg over 18 år som vil bidra til å skape ei rå konsertoppleving.

Som frivillig kan du hjelpe til med rigging, billettkontroll, publikumsvert, backstage, transport, rydding og reinhald.

Du blir ein del av eit engasjert miljø, får verdifull erfaring – og oppleve festivalen frå innsida.

Send ein e-post til Richard Lindin. Sjå vedlagt kontaktinformasjon.