Kystverkmusea
Frå fyr til fyr
Visste du at det er bygd 30 fyrstasjonar i Møre og Romsdal?
Fyra er bygd over ei periode på 155 år. Dei aller fleste vart sett opp mellom 1850 til 1893.
Tenk deg kysten utan fyr. Utan lys og lyd som kan syne deg sjøvegen? For å hjelpe dei sjøfarande budde det familiar ute på fyra som passa lyset og dei som ferdast på havet. I dag er det ingen fyrvaktarar attende. No er dei fleste fyrstasjonane eigd av Kystverket. I samarbeid med frivillige lag og foreiningar prøver ein å gjere fyra tilgjengelege for alle.
Her kan du lære meir om alle fyra som er bygd i fylket. Viti/Kystverkmusea har laga ei oversikt som du kan finne her.
