Sunnmøre museum
Sunnmøre museum – Ålesund
Forestilling: Nesegrevet
I samarbeid med Å studio ønskjer vi velkomen til forestillinga Nesegrevet med skodespalearar frå Teater 3-4.
Spelestad: Opshaugløa.
22 mai, kl. 22:00 – 22:00
I Eventyrlandet langt, langt borte går ikkje alt heilt som det pleier i eventyr. Ei dronning meiner nemleg at historia blir fortald feil – og bestemmer seg for å rette opp i det sjølv.
Vi møter eit lite troll som prøver å vere snilt, ein prins som er forheksa til ein isbjørn, ei fattig jente som tør å følgje hjartet sitt, og Nesegrevet – ei trolljente som berre ønskjer å bli elska for den ho er.
Gjennom kjende eventyrfigurar, humor, magi og litt kaos blir historiene vikla saman i eit eventyr om kjærleik, mot og fridom. For kven bestemmer eigentleg kven vi skal vere – og kven vi skal elske?
Tid: Laurdag 23. mai
Begge forestillingane er UTSELD!
Spelestad: Opshaugløa på Sunnmøre museum
Tilgjengelegheit: God
Skodespelarar: Teater 3–4
Arr.: Å studio
