Middelaldermuseet
Middelaldermuseet – Ålesund
Dokumentarserie: Borgund -byen som forsvann
Oppdag ein av dei store løyndomane på Sunnmøre! På området rundt middelaldermuseet låg i vikingtida ein kaupang, som i løpet av tidleg mellomalder vaks til ein by.
Byen Borgund var ein relativt stor by etter mellomalderen sine mål. Tala varierer, men somme meiner der kan ha budd eit par tusen menneske eller meir, på det meste.
Etter svartedauden kan det sjå ut som byen mista litt av posisjonen sin. I løpet av dei neste par hundre åra forsvinn den ut av historia, og tidleg på 1500-talet ligg Borgundkaupangen øyde.
I 1912 vart det under nyrydding oppdaga rester av ei bygning, og dette førte til dei første utgravingane. Dette blir faktisk rekna som den første faglege mellomalderutgravinga i Noreg.
I perioden mellom 1955 og 1981 var det utgravingar i området. 10-15 prosent av området er grave ut, og det er funne over 40 000 gjenstandar.
Alle dei fem episodane om Borgundkaupangen finn du på Viti sin Youtube-kanal, ved å klikke her.
Les meir om arbeidet med Borgundkaupangen her:
Tilbod: 8.-10. trinn og vidergåande
