Sunnmøre museum
Beredskap, dyrking og helse
Bli med på eit inspirerande møte med Heide Kvaløy, som har ein lidenskap for dyrking av matplantar – ei interesse som strekkjer seg tilbake til barndommen.
29 apr., kl. 16:00 – 18:00
Heides kjærleik til matplantar starta i farmora sin store nyttehage på 3 mål, fylt med gamle frukttrær og bærbuskar. Der lærte ho gleda ved å kunne strekkja ut handa og eta rett frå naturen. Denne kjensla har ho forsøkt å gjenskape i sin eigen hage på Stranda.
I dag dyrkar Heide på ei tomt på 1 100 kvm, dominert av staudebed, litt plen, frukttrær og bærbuskar. I tillegg har ho ein 200 kvm stor grønnsakshage på eit nedlagt småbruk, der ho dyrkar eit mangfald av sortar og fargar – alltid økologisk, og alltid med eit auge for venleik. Stauder og sommarblomar får og vera med i matproduksjonen.
Heide deler si lokale kunnskap om:
- dyrking av matplantar
- hausting og bruk til mat og helse
- samplanting
- vekselskifte
- jorddekke
- handtering og førebygging av skadedyr
Dette arrangementet passar for alle som er nysgjerrige på dyrking – anten du er nybyrjar eller erfaren, har ein stor hage eller ein liten balkong.
Velkomen til eit lærerikt og inspirerande hagemøte!
Dato: Onsdag 29. april kl. 18.00
Arrangør: Ålesund og omegn hagelag
Pris:
Medlemmer: gratis
Ikkje medlemmer: 50 kr
Årskort gjelde ikkje for dette arrangementet.
Foredraget er på hovudbygget og har god tilgjengeligheit.
