Midlar til betre tilgjenge ved friluftsmuseet

Viti har fått støtte frå Stiftinga Kjell Holm til å utbetre tilgjengelegheita ved friluftsmuseet på Sunnmøre museum.
– Ei utbetring av stiar og småvegar, kombinert med fleire kvileplassar, vil ikkje berre vere til nytte for dei med spesielle behov. Det som er nødvendig for nokon, er nyttig for alle. Vi vil alle ha varierande behov for tilrettelegging gjennom ulike fasar i livet, seier Ingvill Naalsund, fellesteneste formidling i Viti.
Borgundgavlen er eit mykje brukt tur- og rekreasjonsområde, med om lag 120 000 besøkande i friluftsmuseet kvart år.
Betre stiar og småvegar vil gi fleire høve til å oppleve utsikta, samspelet mellom natur og kultur, og det varierte kulturlandskapet – også for dei med funksjonsnedsetting.
I 2025 kartla Viti tilgjengelegheita ved friluftsmuseet. Arbeidet vart gjennomført i samarbeid med Ålesund vaksenopplæring og deltakarar med ulike grader av funksjonsnedsettingar.
- Gjennom prosjektet fekk vi ny innsikt og viktige innspel. Med støtta frå Stiftinga Kjell Holm kan vi no gjere konkrete grep som gjer friluftsmuseet meir tilgjengeleg for fleire, avsluttar Naalsund.
