Jugendstilsenteret og KUBE
Jugendstilsenteret og KUBE – Ålesund
Vestlandsutstillingen 2024
Vestlandsutstillingen er ei årleg utstilling sidan 1922 med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Utstillingen vises i KUBE frå 3. oktober til 3. november.
Foto: Helge Skodvin, Veiåpning, Valdres, 2020.
3 okt. – 3 nov. 2024
Årets kurator for Vestlandsutstillingen, Bjørn Hatterud, har retta blikket innover i det han ser, og følar, er det lokale i Vestlandet. Han har sett på korleis han kan presentere ei utstilling som ikkje legg seg ved internasjonale kunsttrendar og idear, men heller ser innover, og leitar etter noko av den «særvestlandske-landsdelsjela». I utstillinga vil du møte kjente namn, ukjente namn, og teknikkar og uttrykk som spenn frå det kjente og kjære, til kanskje det meir sære og uventa. Til saman skapar verka eit kunstnarisk kontrastfylt landskap som speglar Vestlandet sine eigne motsetnader.
Skal ein først lage ei landsdelsutstilling for Vestlandet, så kunne ein jo like gjerne drite i kunsttrendar. For, kva om eg heller prøvde å leite etter noko – tilgje meg om du set kaffien i halsen no – vestnorsk? Noko eksotisk ifrå sjølvaste vestkysten?
- Bjørn Hatterud, kurator.
Kunstnere: Unni Marie Lien, Preben Solevåg, Darryn Lee, Nora Adwan, Terje Grimen, Solfrid Aksnes, Nina Eriksson, Lars Korff Lofthus, Helge Skodvin, Amund Gravdal, Eirik Brandal, Tor Jørgen van Eijk, Eirik Falckner, Turid Sværen, Endre Aalrust, Audar Kantun, FAT (Anja Tveiterås & Fredrik Alden Thorsen)
Kurator: Bjørn Hatterud (fødd 1977) er kvart sunnmøring, har eit tverrfagleg kunstfagleg virke, og er i sitt arbeid særleg oppteken av motsetningspara høg-/lågkultur, konformitet/motstand og normalitet/avvik. Han er forfattar, musikar, kritikar og kurator, med ei lang rekkje utgjevingar og prosjekt i ulike sjangrar og kunstuttrykk bak seg. Han har saman med Jan Grue og Olaug Nilssen mottatt Fritt Ords Pris for sitt «bidrag til å belyse samfunnssituasjonen og ytringskulturen til funksjonshemmede i Norge». Kurator for Vestlandsutstillingen 2024.
Vestlandsutstillingen mottek støtte frå Vestlandsutstillingen mottek driftstøtte frå Vestland Fylkeskommune, Rogaland Fylkeskommune og Møre og Romsdal Fylkeskommune. Vestlandsutstillingen 2024 har mottatt støtte frå Stiftelsen Fritt Ord og Bildende Kunstneres Hjelpefond.
Kurator: Bjørn Hatterud
