Anders Svor-museet
Anders Svor-museet – Volda
Utstilling Svormuseet
Utstillinga rommar fleire av dei viktigaste arbeida laga av Anders Svor og gir eit unikt innblikk i bilethoggaren sine arbeidsmetodar, motivkrets, typologi og stilutvikling frå ein detaljert naturalisme via klassisime til symbolisme.
Fast utstilling
Anders Svor (1864–1929) utmerka seg tidleg som treskjerar. I 1882 drog han frå heimbygda Hornindal for å studere ved Den Kongelige Tegneskolen i Kristiania, og vidare ved kunstakademiet i København. Etter eit studieopphald i Paris midt på 1890-talet etablerte Anders Svor seg med eige atelier i Kristiania, der han vart buande livet ut. Svor var ein av dei sentrale norske bilethoggarane i sin generasjon. Han er innkjøpt av Nasjonalmuseet og deltok på fleire nasjonale og internasjonale utstillingar.
Museet rommar ei samling på nærare 600 objekt: frå skisser til fleire av hans mest sentrale arbeid som gipsskulpturen Ung pike (1895) og bronsefontena Bylgja (1913, nystøyping 1979)).
Opningstider
20. juni - 16. august
Ons-lør 11-16
Elles ope etter avtale
tlf. 70 23 90 00
Prisar
Vaksen
kr. 80
Gruppe vaksne (min. 10 pers.)
kr. 60
Barn 0 - 18 år
Gratis
Student
kr. 60
Eigne prisar på arrangement











