Fiskerimuseet

Et hvitt trehus med brune dører huser fiskerimuseet ved siden av en klassisk gatelykt.

FiskerimuseetÅlesund

Utleige Fiskerimuseet

Fiskerimuseet gir ei vakker, kulturhistorisk ramme når konfirmasjon eller dåp skal feirast saman med familie og vener.



Utleige heile året - med unntak av 8 veker i sommarens skuleferie.

Anledning
Vi leiger ut til konfirmasjon, barnedåp og minnestund. Utleige også for møter og til bedrifter.

Kapasitet
Lokalet har plass til inntil 80 gjester.

Fasilitetar
Lokalet har dekketøy, internett, projektor, lerret og fullt utstyrt kjøkken med kvitevarer.

Utleige
Utleige av lokalet er basert på at den som leiger ordnar mat og servering samt rydding i etterkant. Tomgods, søppel og anna restavfall må takast med av leigetakar. Vask av lokalet er inkludert i leigeprisen.


EI EKSTRA KULTUROPPLEVING?
Vi skreddarsyr også kulturopplevingar om ein ønskjer å gi gjestane «noko ekstra». Alt frå forteljing om den spennande kysthistoria vår til aktivitetar eller omvising i utstillinga.

Om Fiskerimuseet
Ålesund er grunnlagd på fiskeri og handel. Fiskerimuseet fortel historia om framveksten av det moderne fiskeriet og korleis det forma byen og omlandet.

Museet ligg i Holmbua i indre hamn i Ålesundet, i ly av Molja og hamnefyret. Gata museet ligg i, er den best bevarte husklyngja i Ålesund frå før bybrannen i 1904.

Utleige til:
- Konfirmasjon
- Barnedåp
- Minnestund
- Møter
- Bedrifter

Kapasitet:
- Inntil 80 gjester

Periode:
- Utleige heile året, med unntak av 8 veker i sommarens skuleferie

Bestilling privat og bedrift

Ønskjer du å bestille lokale, båttur eller omvising? Send ein e-post til:

bookingsm@vitimusea.no