Vandreutstilling for biblioteka i Møre og Romsdal
Sunnmøre – i boks
Utstillinga fortel om Sunnmøre, ein stad i verda der folk og kulturar har møtt kvarandre i mange tusen år. Nokon har kome og nokon har reist her i frå. Overalt er det spor etter menneska som var her før oss. Kven var dei?
2 feb. – 11 des. 2026
Utstillinga har fysiske objekt du kan ta på, objekt du kan zoome inn på, som eit mikroskop - og filmar. Den har også eit eige læreverk om du ønsker å lære meir om norsk språk og kultur.
«Sunnmøre – i boks» er blitt til i samarbeid mellom Viti, Interkommunalt arkiv ved SEDAK, Ålesund bibliotek, Nynorsk kultursentrum og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Utstillinga skal turnere til biblioteka i Møre og Romsdal.
Viktige samarbeidspartar har vore Vaksenopplæringa i Ålesund kommune, Røde Kors, Farstad foto (film), RUFO (transportable montrar), Nordvestprofil (trykk montrar) og Tegneren (grafisk design).
Monter 1 – Frå steinalder til mellomalder
Blindheimssverdet
Bronsesverd, truleg laga i dei sveitsiske Alpane rundt 1700 f. kr.
Sverdet er blant dei mest spektakulære norske funna frå bronsealderen, og eit handfast bevis på at folk på Sunnmøre hadde kontakt med resten av Europa.
Sverdet består av grep og klinge, og er støypt i to delar.
Grepet er festa til klinga med to naglar. Det har også fire naglar som dekorasjon. Klinga er smal, men utvidar seg i overgangen til grepet.
Spydspiss
Spydspiss i bronse, funne på Giskeøydegard i Giske kommune.
Bronse er ei legering av kobbar og tinn, truleg frå ulike områder. Tinn finnes ikkje i Skandinavia. Bronsegjenstandar vitnar om handel mellom fjerntliggande områder og viser kontakt med andre delar av verda.
Urnesspenner – mote i overgangsperioden frå norrøn til kristen tro
Det er funnet to urnesspenner i Borgundkaupangen på Sunnmøre.
Urnesspenner har fått namnet sitt frå stilen på treutskjeringane på Urnes stavkyrkje.
Motivet er ein dyrefigur med fire bein, lang hals, bøygd hovud og mandelforma auge.
Åttetalsforma slynger omgir dyret.
Den eine urnesspenna frå Borgundkaupangen blei funne i eit svart, steinfylt lag som er fylt på over eldre spor etter busetting i fleire omgangar. Den andre urnesspenna blei funne under eit lag med never i ei gamal dreneringsgrøft.
Talet på funn av urnesspenner i Noreg har meir enn dobla seg det siste tiåret, mykje på grunn av søk med metalldetektorar. Det er truleg funne delar av meir enn 100urnesspenner i Noreg i dag.
Bruken av urnesspenner er tolka som symbol for den danske kongemakta og den tidlege kyrkja. Vi veit ikkje om urnesspenner blei brukt av menn eller kvinner, eller begge deler.
Steinansikt
Ansikt hogd i kleberstein, ein «mjuk» steinsort som kan formest til figurar og skulpturar. Nidarosdomen og fleire andre kyrkjer er bygd i kleberstein. Fordi den er så lett å forme blei den tidleg brukt til både fiskesøkk frå steinalder, smeltediglar og kokekar frå yngre bronsealder, vevtyngder og spinnehjul frå jarnalderen og andre varer heilt frem til 1800-talet.
Glasperler
Glasperler var gjennom oldtida ei viktig handelsvare. Det blir hevda at glasperler i mange tilfelle var den første kontakta og handelsforbindelsen mellom kulturar.
I Møre og Romsdal har vi fleire funn av glasperler frå jernalder og mellomalder.
Ravsmykke
Seks halvmåneforma ravsmykke blei funne i to omgangar på Herøy. Funnet blei gjort i ei torvmyr på «omtrent på 2 alen dybt». Halvmåneforma på rav- og beinsmykke er kjent frå fleire funn i Midt-Noreg, frå yngre steinalder.
Rav er herda kvae frå no utdøydde nåletre. For mange millionar år sidan utsondra trea kvae som størkna, hamna i jorda og blei skylt ut i Østersjøen av elvar. Stormar rota opp botnlaga i Østersjøen, og ravet blei (og blir framleis) sprett langs kystane. Nokre plassar er det spesielt mykje rav, t.d. ved kysten av Jylland i Danmark. Det ravet vi finn i Midt-Noreg er sannsynlegvis importert frå desse områdane.
Monter 2 – tekstil og stereoskop
Raud topphue
Raud topphue – eller raudehua - var vanleg i heile Europa på slutten av 1700-talet.
Hua har røter tilbake til Tyrkia og antikken (frygiske huer). Bruken fekk ein oppsving etter den franske revolusjonen, som mote, protest og symbol for fridom.
Raudehua blei brukt av både innlandsbønder og fiskarbønder. Til å begynne med var raudehuene heimestrikka, men etter kvart blei det var stas å bruke importerte topphuer frå Holland, Tyskland og Frankrike.
Industripioneren Ole Andreas Devold, som grunnla Devoldfabrikken, produserte raudehuer.
Folkelivsgranskar Hans Strøm skreiv i 1762 at mannfolka på Sunnmøre brukte «Røde Franske Huer». Biletkunstnaren Jørgen Christensen Garnaas (1723 – 98) lagde i ca. 1750 ei tredukke av ein fiskar frå Borgund på Sunnmøre, med skinnhyre (trøye og bukse i vasstett skinn) og raudehue med blå flosskant.
Broderi – eller rosesaum
«Det er som om Sunnmørs-rosone dansar, so kvikke er dei, slik fart er det over deim og all slags morosame krokar slær dei på seg».
Slik skildra drakt- og folkedansgranskaren Klara Semb den sunnmørske rosesaumen rundt 1920. Broderiet i utstillinga er frå livet på Ørskogbunaden, designet i 1924.
Broderi kjem truleg frå Midtausten og Asia. I nordiske broderi frå mellomalderen finnes det mønster med tydeleg påverking frå Midtausten.
I katolsk tid skulle broderi gjerne ha form av planter omtalt i bibelen, som rose, lilje, palme, granateple, drueklase, tistel eller kornaks. Andre motiv var hjarte, kors, stjerne, måne, urner, beger eller geometriske ranker. Mykje av broderinga blei utført i kloster.
På 1600-talet blei brodering vanleg i velståande heimar og på1700-talet var blomstermotiv moderne. Først som border på skjørtekanten, så som detaljar over heile drakta. På 1700-tallet kom opplysningstida til Noreg, med auka kunnskap om natur og botanikk. Eksotiske blomar - som liljer, tulipanar, nellik, og roser - vart populære motiv til både dekorasjonsmåling (rosemåling) og broderi.
Silkesjal
Silkesjal var stor stas å eige, men på 1700-talet kom ei rekkje kongelege forordningar for å senke importen av utanlandske tekstile luksusvarer. Det største problemet var innførsel av silke, då Danmark hadde eigne silkefabrikkar det gjaldt å beskytte.
Embetsmennene ville at bøndene skulle gå i heimelaga klede. Både kvardags- og kyrkjeklede skulle vere tilverka og sydd i heimen, utan pynt og importerte element.
Etter unionsoppløysinga i 1814 var det framleis viktig å stoppe importen av luksusvarer for å hindre valutalekkasje. Påbod og oppfordringar til måtehald blei også no først og fremst retta mot bøndene på bygdene, ikkje embetsstanden i byane. Likevel brukte sunnmøringane luksusstoff om dei hadde råd. Spesielt små silkesjal var populære. Dei var ikkje så kostbare som t.d. ei skjorte.
Stereoskop
Språkforskaren Ivar Aasen levde i Noreg frå 1813 til 1896. Han laga skriftspråket som vi i dag kallar nynorsk.
Stereoskop, også kalla kikeskåp, viser Ivar Aasen sine eigne bilete frå tida då han levde. Stereoskopet er frå andre halvdel av 1800-talet.
Halsknapp i sølv
Kopi av ein halsknapp i sølv, med solhjul og dropar, frå Eiksund i Ulstein kommune.
Den er 4.5 cm. lang og truleg frå første del av 1800-talet.
Ermelinningane på skjorta blei lukka med messinghekter. Skjortehalsen lukka ein med ein halsknapp. Halsknappar er unisex - dei er like for menn og kvinner.
Bronseknappar
Bronseknappar som desse fantes over heile Noreg og Europa på 17- og 1800-tallet. Messingknappar er «sølvet» i dei sunnmørske folkedraktene. Folk flest hadde ikkje råd til knappar av sølv.
Oppgåvehefter
A1/A2 Nynorsk
B1/B2 Nynorsk
A1/A2 Bokmål
B1/B2 Bokmål
