Jugendstilsenteret og KUBE

En teksturert skulptur av en torso i hvitt og grått med metalliske blader som stikker opp fra midte.

Torsoari tre, bly, messing, kopar og saker og ting som du aldri hadde trudd kunne brukast til å lage ein kropp.

Det er noko der inne i bringa. Noko som sprengjer på. Nei, ikkje noko så enkelt og tyntflytande som gråt. Gråten kan jo tyte opp og ut frå tårekanalane og fylle auga og du kan tørke han vekk og vere ferdig med han for denne gongen.

Det er noko anna der inne. Noko som sprengjer på. Ei kraft, ein villskap. Noko ukjent. Sterkare enn ribbein og muskulatur. Seigare enn senehinner og hud. Seigare enn ei brynje av bly, sterkare enn ei rustning av kopar. Har det noko med hjartet å gjere? Hjartet som plutseleg hamrar i veg, heilt utan grunn. Eller lungene, pusten, anden?

Det er noko meir der inne. Noko som sprengjer på. Kva kan det vere? Spørsmålet er stilt, og no på slutten vil du ha eit svar. Du vil ha Svaret. Du har rett på eit svar. Men det har ikkje eg.

Du vil ha nokre ord til opplysning og trøyst? Orda skal rettleie deg. Ord, du liksom! Forklar meg først lyden frå ei blåklokke. Med ord. Eller lukta då? Eller i det minste fargen. Med ord. Nei nei. Ja ja. Då får du kjenne etter sjølv. Kanskje desse bringene kan setje deg på sporet? Som du ser er det brest i dei. Ja, det er brest i bringene. Du kan opne.

Utstillingstekst av Hans Sande

Prosjektrommet: Hans Sande: Brest i Bringa — Viti — Viti