Jugendstilsenteret og KUBE

Seks historiske svart-hvitt fotografier i hvite rammer henger på en brun vegg og viser gruvearbeid .
Fem historiske svart-hvitt fotografier på brun vegg viser Trollstigen med svingete fjellvei og vete.
Ti fotografier på brun vegg dokumenterer byggingen av en tømmerhytte i et museum.
Tre historiske svart-hvitt fotografier viser en gammel lastebil på fjelloverganger med høye klipper.
To gammeldagse svart-hvitt fotografier viser en tømmerhytte i fjellet, både utvendig og innvendig.
En campingbil kjører på en svingete vei gjennom en tåkete fjorddal med bratte fjellsider.
Kunstutstilling med informasjonstavle og fotografier på terrakottafargede vegger i et gallerirom.
Gallerirom med rødbrune vegger viser en samling innrammede svart-hvitt fotografier i ulike størrels.
Gallerirom med terrakottafargede vegger har svart-hvite fotografier og to buede nisjer med hvit bel.

Jugendstilsenteret og KUBEÅlesund

Marianne Heske: Prosjekt Gjerdeløa

I denne utstillinga møter du ein av Noregs fremste kunstnarar, Marianne Heske og hennar kunstverk, Prosjekt Gjerdeløa, 1980-1981/2010.


Marianne Heske, The Gjerdeløa Project, 1980-1981/2010. © Marianne Heske/BONO. Photo: Kristin Støylen/ Viti.

1 apr. – 17 sep. 2023

Tenk deg at du er på fjellgarden Øyen i Tafjord, 500 meter over havet. Høgt der oppe i det storslåtte landskapet står ei lafta utløe frå 1630. Veggene ber spor av hundreåra gjennom ristningar i tømmeret som syner namn, initialar, figurar og datoar. Tenk deg så til det verdskjende Pompidou-senteret i Paris, to veker seinare. Utstillingslokala myldrar av folk, og der – midt imellom dei – står no den same løa som eit kunstverk.

Korleis skjedde dette? Svaret finn du i denne utstillinga med ein av Noregs fremste kunstnarar, Marianne Heske. Gjennom dokumentasjonsbilete frå gjennomføringa av kunstverket Gjerdeløa frå 1980–81 tek ho oss med på ei reise mellom naturen og kunsten.

Les mer om Prosjekt Gjerdeløa her.

Marianne Heske (f. 1946, Ålesund) bur i Oslo og har utdanninga si frå Bergen Kunsthåndverkskole (1967–71), École Nationale Superieure des Beaux-Arts i Paris (1971–75), Royal College of Art i London (1975–76) og Jan van Eyck Academie i Maastricht (1976–79).

Opningstider

  • Oktober - april

  • Tirsdag-søndag

    11-16

  • Mai-september

  • Man-søndag

    10-17

  • Stengt

  • 1. jan, 1. mai, 17. mai, 23. - 26. des, 31. des.

Prisar

  • Vaksen

    kr 120

  • Gruppe vaksne (min. 15 pers.)

    kr 100

  • Barn (opp til 18 år)

    Gratis

  • Barn under 15 år må ha følge av ein vaksen

  • Student

    kr 100

  • Billetten inkl. inngang på Fiskerimuseet laurdag - søndag

Marianne Heske: Prosjekt Gjerdeløa — Viti — Viti