Fiskerimuseet
Fiskerimuseet – Ålesund
Havfiskeutstillinga
I Havfiskeutstillinga følgjer vi den teknologiske utviklinga i fiskeria frå omlegginga frå midten av 1800- talet og fram til i dag. Utstillinga er rikt utstyrt med modellar, installasjonar, lyd og bilete.
Fast utstilling
Bankskøytene opna Storegga for sunnmørsfiskaren på 1860-talet og ga betre råstoffgrunnlag til ei klippfisknæring i vekst. Handelsmannen blei båteigar og yrkesfiskaren avløyste fiskarbonden. Dei nye båtane kunne gå lengre turar, og driftsområdet vart utvida til Nordsjøen og Vestisen.
Mot slutten av 1890 – åra kom dampbåtane som tok i bruk drivgarn med kabel. Fiskefelta vart utvida til Shetland, Færøyane og Island, og sørgde for den første silderevolusjonen. Ved bybrannen i 1904 hadde Ålesund Noregs største fiskeflåte.
I 1905 vart snurpenota brukt for første gang av norske farty ved Island. Tidlig på 1920 tallet hadde denne blitt utvikla til å også kunne brukast i stor- og vårsildfisket på Vestlandet. Sildeoljeindustrien på land skapte avtak for store sildemengder. Kombinasjonsbåten med snurpenot og line på 100 – 125 fot etablerte seg for dei neste 50 åra.
Den neste nyvinninga var introduksjonen av dieselmotor i dei havgåande fiskefartya. Dette skjedde frå om lag 1935. Etter krigen, med rike sildeår og gode prisar, gjennomgjekk flåten ytterlegare moderniseringar. Ringnota og kraftblokka vart introdusert, noko som førte til notfiske til havs på heilårsbasis.
De neste 50 år kom spesialfiskeria og fartya på rekke og rad med ombordfryst filet i staden for saltfisk, autoline i staden for handeigning, spesialtrålarar for råstoff til filetindustrien, store reketrålere, skjellskrapere og krillfarty…
