Fiskerimuseet

En gammel hammer ligger på en rund trefatbunn med mørke merker og stempel.

FiskerimuseetÅlesund

Bøkkerverkstedet i Molovegen

Bøkkeren laga tønner og kjørle av trestavar, og hadde ei viktig rolle i fiskeribyen Ålesund. Huset der verkstaden låg vart flytta til Molovegen i 1862, og var då bolig og bakeri for Ole Olsen Emblem. Det var den første bygningen vest for molofestet. Om lag 1875 kjøpte bøkkermeister Aslak Holm eigedomen, og bygde bakeriet om til bøkkerverkstad.

Foto: Viti

Fast utstilling

Bøkkerverkstaden er historia om eit gammalt og viktig handverk, i tillegg til at verksemda i Molovegen 12 var utgangspunktet for Holm-familiens vekst og formue i Ålesund.

Aslak Holm overlet verkstaden til Nils Martinussen i 1905. I 1949 tok Peder Paulsen over verkstaden. Han heldt det gåande til 1953. Då vart verkstaden lagt ned. I 2015 starta Stiftelsen Kjell Holm arbeidet med å restaurere både huset og verkstaden.Bøkkerverkstaden vart gjenskapt slik produksjonen var mot slutten av 1800 – talet. Sidan mykje hadde forsvunne og var forandra måtte ein sjå til ein intakt gammal bøkkerverkstad i Kristiansund.

Bøkkeren

Ein bøkker er ein handverkar som lagar og reparerer tønner, fat og andre runde og ovale kjørler av trestavar. Stavane vert haldne saman av band av tre eller metall. I Ålesund var sildetønner og trantønner dei viktigste produkta. I tillegg kom stampar, kagger og bøyer, særleg spissbøyer. I denne verkstaden blei det også laga smørdunkar til Sunnmøre Meieri.

Opningstider

  • Januar - desember

  • Laurdag - søndag

    11 - 16

  • Elles etter avtale

    tlf. 70 23 90 00

  • Utvida opningstid

    21. juni - 16. august

  • Måndag - søndag

    11 - 17

  • Stengt:

  • 1. jan, 1. mai, 17. mai, 23-26. des., 31. des.

Prisar

  • Vaksen

    kr 80

  • Student

    kr 60

  • Barn (0-18 år)

    Gratis

  • Gruppe vaksne (min 10 pers)

    kr 60

  • Fellesbillet til Jugendstilsenteret og KUBE

    120,-

  • Eigne prisar på arrangement

Bøkkerverkstedet i Molovegen — Viti — Viti