Lag seljefløyte
Våren er også tida for å lage seljefløyte – når blada på selja sprett fram og seljesafta går mellom barken og veden. På Sunnmøre skjer dette gjerne i mai månad.
Seljetreet er det treet med "gåsungar" på. Om du ikkje finn eit seljetre, kan du også prøve deg med grein frå eit rognetre.
SLIK GJER DU DET
- Finn ei glatt seljegrein og kutt kvisten av i den eine enden.
- I den andre enden spikkar du eit skrått munnstykke. Tuppen heilt ytst kuttar du rett av.
- Lag eit spor i barken rundt pinnen ovanfor der du skal ha lydholet.
- Lag lydhol på oversida av fløyta, nær munnstykket. Du må skjere gjennom barken litt ned i veden.
- Løsne barken. Legg fløyta på låret og bank varsamt med knivskaftet rundt heile barken. Ifølgje erfarne fløytespikkarar hjelper det på å seie «Tvitt, tvitt, vil du gå så skal du få ei skive med sukker på".
- Trekk av barken. No har du ei fløyte, der halvparten er utan bark.
- Lag klangrom. Der du laga lydholet i barken og litt ned i veden, skjer du no eit ganske djupt rom.
- Frå klangrommet og til spissen av munnstykket skjer du av ei tynn flis. Gjennom denne skal lufta pressast når du blæs. Sett på barken igjen.
- Blir det ikkje god nok lyd, kan du spikke litt meir av klangrommet.
Lykke til!


