Vindauge og dører i jugendstilhus
Forfattar: Signe Elvik Svoen, konservator
Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og denne artikkelen høyrer til «Tilrådingar for arbeid på jugendstilhus». Alle delane inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.
Les meir om våre tilrådingar for dør og vindauge ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linkane nedanfor.

Vindauge og dører
Vindauge og dører er svært viktige element i alle bygningar og har mykje å seie både for tekniske forhold og for estetikken.
Vindauge er eit av bygningselementa som raskast blir skifta ut i eldre bygningar. Dører har òg ein tendens til å bli skifta ut, spesielt ytterdører, medan fleire interne dører gjerne får bli ståande.
Mykje av jugendstilarkitekturen har svært lite eller tilnærma ingen dekorasjon. Utforminga og inndelinga av vindauge og dører og korleis dei er laga, har såleis mykje å seie for bygningen sitt uttrykk.

Istandsetjing og restaurering
Originale vindauge og dører i eldre bygningar er som regel laga i tre, med gjennomgåande sprosser og glas som er festa med kitt. Materiala som er brukte, er ofte av svært høg kvalitet, og dei kan, med rett vedlikehald, halde i hundrevis av år.
Derfor er det ønskjeleg å behalde originale vindauge og reparere og restaurere dei framfor å skifte dei ut. Materialkvalitet av denne typen er langt vanskelegare og dyrare å finne i dag, og det er dårleg ressursutnytting å kassere dei.

Mange originale dører og vindauge kan sjå slitne og dårlege ut dersom dei har stått lenge utan skikkeleg vedlikehald. Dei fleste kan likevel vere i langt betre stand enn du trur.
Før du bestemmer deg for kva du skal gjere, er det derfor lurt å hente inn ein handverkar som har greie på slike eldre bygningsdelar. Dei kan gje deg ei vurdering av tilstanden, kva som trengs av istandsetjing, og kva for handlingsrom du har for utbetring.
Rustne naglar og hengsler
Les meirLukk
Ei utfordring ein ofte ser, er rust i naglar og hengsler. Når desse metallelementa rustar, sprengjer dei på treverket og kan skape opningar som samlar på fukt, som igjen kan føre til ròteskadar.
Dei som arbeider med restaurering av dører og vindauge, har gode teknikkar for å utbetre slike skadar og har kjennskap til løysingar for unngå at dette blir eit problem vidare.

Ròteskadar
Les meirLukk
Dersom ein har ròteskadar, kan dei som regel utbetrast ved at ein fjernar det treverket som er skadd, fjerne årsaka til ròteskaden og spunse inn nytt treverk. På den måten beheld ein så mykje som råd av det originale høgkvalitetsmaterialet og sikrar god ressursutnytting.
Det er viktig at ein nyttar same type treverk, med likast mogleg kvalitet som det originale. Det vil i dei fleste tilfelle vere snakk om kjerneved med tette årringar og høgt innhald av kvae.
Omkitting av glas
Les meirLukk
Originale dører og vindauge har som regel glas som er festa med kitt. Dette kittet må skiftast med jamne mellomrom. Det finst ulike typar kitt, og nokre av dei kan oppfriskast ved å påføre olje, slik at det kan gå lengre tid før kittet må skiftast ut.
Omkitting av glas er noko ein kan gjere sjølv dersom ein har tid og interesse for det, og det blir regelmessig arrangert kurs der ein kan lære korleis ein skal gjere det. Dersom ein ikkje ønskjer å gjere det sjølv, kan ein få hjelp av firma som driv med dør- og vindaugsrestaurering.

Nyproduksjon
I mange tilfelle er originale dører og vindauge gått tapt og er blitt skifta ut med nye. Desse nye elementa er ofte ikkje like haldbare og må byttast ut etter 20–30 år. Det gjeld dei fleste vindauge og dører som er blitt laga etter 1960.
Mange bymiljø med historiske bygningar har ei eller anna form for fasadevern, og fleire byar med slike område stiller no krav om tilbakeføring når ein skiftar vindauge og dører. Det vil som regel vere snakk om tilbakeføring til original inndeling og utsjånad. I nokre tilfelle er det også krav om at dei nye elementa skal vere i tre, med gjennomgåande sprosser og kitta glas.

Materialval
Les meirLukk
Dei fleste som arbeider innanfor bygningsvernfeltet, tilrår at ein nyttar tre når ein skal produsere nye dører og vindauge til eldre bygningar.
Det kostar gjerne litt meir å få laga desse elementa i tre med høg materialkvalitet. Kostnaden vil derimot bli lågare på lang sikt dersom ein reknar med at moderne element ofte ikkje kan reparerast ved skade og må skiftast ut etter berre 20–30 år.
For best mogleg resultat burde ein nytte tettvakse tre med tette årringar og høgt kvaeinnhald. Kjerneveden er som regel mest haldbar.
Ein må òg hugse på at ikkje alle delar av eit bygningselement treng like høg materialkvalitet. Innsida av vindauget treng for eksempel ikkje like høg materialkvalitet som utsida, der slitasjen er størst.

Nøyaktigheit
Les meirLukk
Kor nøye ein treng å vere i nyproduksjon, varierer, men det blir generelt tilrådd å få dei nye vindauga så like dei originale som råd. Det gjeld både tresort, materialkvalitet, oppbygning av vindauget og dimensjonar på dei ulike delane.
Desse faktorane kan kanskje verke små og uvesentlege i det store bildet, men dei har mykje å seie for totaluttrykket. Dei dimensjonane og materiala vi nyttar i moderne vindauge i dag, er heilt annleis enn dei som blei nytta tidlegare, og ukritisk bruk av moderne teknikkar kan gi eit dårleg resultat.

Grunnlag for reproduksjon
Les meirLukk
Ein kan kome langt med ei generell forståing av korleis elementa blei laga på den aktuelle tida, men det kan òg vere lurt å ta utgangspunkt i originale element dersom ein har dei.
Mange jugendstilbygningar har ikkje bevarte originalelement i hovudareala, men kan ha bevarte element i trappeoppgangar og sekundærareal. Desse elementa kan vere gode kjelder til informasjon om korleis dei tapte elementa var konstruerte.
Når ein skal rekonstruere vindauge og dører til hovudareala, må ein derimot vere merksam på at designet mest sannsynleg har vore annleis enn det ein ser i trappeoppgangar og sekundærareal.
Jugendstilen er kjend for å ha stor variasjon i vindaugsdesign, både mellom etasjane og innanfor kvar etasje. Det er derfor lurt å ta utgangspunkt i teikningar eller historiske fotografi for å finne det rette designet for dei ulike vindauga.
Dersom ein ikkje greier å finne god dokumentasjon av originalelementa, kan ein òg kikke på andre tilsvarande bygningar designa av den same arkitekten frå omtrent same tida. Sjølv om ein ikkje er sikra at elementa blir heilt like dei originale, blir dei i det minste stil- og tidskorrekte.

Teknisk oppgradering
Den største utfordringa med å behalde originale dører og vindauge er at dei er laga for å fungere annleis enn moderne element. I original stand vil dei mellom anna gi mindre isolasjon enn det ein forventar av moderne element. Det betyr derimot ikkje at dei ikkje kan utbetrast.
Tetting
Les meirLukk
Eit av dei mest effektive tiltaka for å hindre varmetap er tetting. Mange karmar kan tettast med fylling i mellomrommet mellom veggkonstruksjonen og karmen, i tillegg til påføring av vindduk under listene.
På dører med mellomrom mellom dør og karm kan ein montere tettingslister eller hengje opp tjukke gardiner som hindrar den kalde lufta frå å trengje inn i bustaden.
Ein kan òg få hjelp av kompetente handverkarar til å forstørre dørblad eller karmar for å minske mellomrommet.
Ved tiltak som endrar på mellomrommet, må ein passe på å ta omsyn til bevegelsar. Mange opplever at vindauge og dører kan vere tronge delar av året og lause andre tider. Årsaka er bevegelsar i konstruksjonen. Det blir derfor tilrådd å nytte løysingar som tillèt slike bevegelsar.
Varevindauge
Les meirLukk
For å betre UV-verdien for vindauga kan ein vurdere å bruke varevindauge. Det inneber å montere eit vindauge på innsida av det originale. Mange eldre bygningar har djupe karmar og har derfor plass til varevindauge utan at dei stikk ut i rommet.
Varevindauge kan monterast som frittståande vindauge i karmen, anten faste eller med innslåande ramme, eller som kopla vindauge som sit fast i den originale ramma. Kva som er den beste løysinga, er avhengig av det originale vindauget og bruken av rommet.
Varevindauge er det stort sett tilrådd å lage i tre. Dersom ein har originalvindauge med metallramme, kan det vere lurt å diskutere materialval med ein kompetent fagperson først.
Designet av varevindauget treng ikkje vere det same som originalvindauget. Dobbelt lag med sprosseinndelt vindauge kan ha stor verknad på lysinnslepp og vere visuelt forstyrrande. Derfor er det mange som vel opne varevindauge utan sprosser.


Brannsikring
Les meirLukk
I dag er også branntryggleik og andre sikringstiltak relevante problemstillingar når ein har originale dører og vindauge. I bygningar med særskilde krav til sikringstiltak kan ein ha behov for spesialløysingar.
Det har vore mange ulike løysingar opp gjennom tida, nokre med større hell enn andre. Fleire nyare prosjekt har funne fram til gode løysingar, og nokre av desse løysingane er presenterte i Riksantikvaren si eksempelsamling.
Dersom bygningen din har strenge tryggleikskrav, kan det vere lurt å undersøkje desse prosjekta. Du kan finne lenkjer til eksempelsamlinga og andre nyttige sider lenger nede.
Vedlikehald
Vi har blitt svært glade i alle produkt som ikkje krev vedlikehald. Realiteten er derimot at dei fleste såkalla «vedlikehaldsfrie» produkt ikkje lèt seg reparere. Dei tek utgangspunkt i at heile elementet må bytast ut når ein del blir øydelagd.
Slike løysingar er eit resultat av dagens haldning til bruk og kast. Det er lettvint og enkelt i dag, men ikkje meint å vare, og det fører til mykje arbeid og store kostnader når dei må skiftast.
Tradisjonelle bygningselement er ofte laga av betre materiale og baserer seg på at ein kan reparere den delen som er øydelagd. Dei krev derimot at ein gjer litt vedlikehald jamleg. Og litt vedlikehald no og då vil i lengda føre til mindre arbeid og lågare kostnader totalt.
Hent inn ein handverkar for å reparere den delen som er skadd, i staden for å la det stå og risikere at skaden fører til endå større skadar. Det er denne typen kvalitet og vedlikehald som gjer at hundre år gamle vindauge framleis kan vere brukande i dag.

Glasmåleri og farga glas
Ved førre hundreårsskifte kom det mange nye og viktige forbetringar når det gjaldt produksjon av glas og metall. Jugendstilen utnytta dette til å vidareføre tanken om heilskapskunsten, og trappeoppgangar og entrear blei utsmykka med flotte glasmåleri.
Ikkje alle hadde råd til dei mest kostbare glas- og metallarbeida, og i enklare jugendstilbygningar kan ein mellom anna sjå at ein i staden for glasmåleri har nytta vanlege vindauge med farga glasfelt. Desse vindauga har også stor effekt på opplevinga av bygningen og er viktige å ta vare på.

Det finst spesialiserte firma som kan hjelpe deg med restaurering av glasmåleri, og ein kan nytte mange av dei same teknikkane for tetting og isolering som for vanlege vindauge. Det er sterkt tilrådd å behalde dei der dei står, ettersom dei er svært viktige for rommet dei står i.
Dersom ein må fjerne dei, kan ein vurdere om dei kan nyttast på ein annan måte i bygningen. Det viktigaste er at dei ikkje blir kasserte, og at dei så langt det lèt seg gjere blir verande ein del av bygningen dei kjem frå.