Verdas vassdag 22. mars

Vassbytta i museumsmagasinet er frå ei anna tid, men reint vatn var like viktig for å leve då som no. I dag er det Verdas vassdag.
Vi tappar drikkevatn frå krana, vi badar og dusjar slik vi vil, vi spyler ned i toalettet og spyler steinen i oppkøyrsla. Vi føler vi har rikeleg av dette vatnet som så ofte strøymer nedover oss og rundt oss her på Sunnmøre.
FN-dagen World Water Day vert markert kvart år den 22. mars for å minne oss alle om at vatn er vår viktigaste ressurs, vårt viktigaste næringsmiddel og kjelda til alt liv –både i lokalsamfunna våre her i Noreg og globalt. Ikkje minst blir det sett fokus på kor viktig reint vatn frå trygge kjelder er for alle.
Klimaendringar med både ekstrem nedbør og lengre tørkeperiodar gjer at mykje må gjerast for å sikre vasstenestene over heile kloden. Ein av fire i verda manglar i dag tilgang til trygge drikkevasskjelder. 785 millionar menneske brukar meir enn 30 minutt på å hente vatn kvar gong, eller dei brukar utrygge kjelder med ureint vatn.
Gjennom FNsitt berekraftmål nr. 6 pliktar alle land å sikre at alle har tilgang til reint drikkevatn innan 2030.I dag veit vi at framgangen ikkje er rask nok til å få til dette. Det må handlast raskare i tida framover.
I Noreg er vi heldige, men også vi har utfordringar med t.d. avløpsvatn og forureining og ikkje minst berekraftig forvalting av vassressursane våre. I dette ligg også vern av innsjøar, elvar og våtmarker med dei økosystemtenestene dei bidreg med. Vi veit at opne vassflater og våtmarker er viktige for å dempe flaum i vassdrag. Flaum gjer ofte skade som forureinar drikkevatnet.
Alle treng tilgang til reint vatn frå trygge kjelder. Det gjorde også den som bar vassbytta som i dag står i magasinet på Sunnmøre Museum.
Verdas vassdag blei oppretta i etterkant av FN sin konferanse om miljø og utvikling i Rio i 1992. I 1993 vedtok FN si generalforsamling at 22. mars skal vere verdas vassdag.
Kjelder