Kunnskap

Verdas mest kjende kvilestol er frå Sykkylven

Det er knapt nokon stol i den norske møbelsoga som har betydd så mykje for eit lokalsamfunn som Stressless-stolen. Frå stolen vart lansert i 1971 har han skapt hundrevis av arbeidsplassar i Sykkylven kommune, både hos produsenten, Ekornes, og hos underleverandørar. Ja, også nabokommunar som Hareid, Stranda og Hornindal (Volda) har nytt godt av stolsuksessen gjennom arbeidsplassar og skatteinntekter. Like viktig er det at stolen har gjeve avlastning og kvile for slitne kroppar over store delar av verda.

Det er produsert over 11 millionar Stressless-sete sidan eventyret starta. Dei fleste av desse sitjeplassane er selde til utlandet. Og dei som måler slikt har funne ut at kvilestolen, som såg dagens lys i Sykkylven, er det mest kjende møbelmerket i heile verda. Dei visste ikkje kva dei var med å setje i gang dei som var involverte i utviklinga av kvilestolen kring 1970, sjøl om dei fort såg at dei var på sporet av noko stort.

TV-stol

Ekornes var kring 1970 allereie Noregs største møbelfabrikk, og Sykkylven var kome på høgde med Stranda som landets fremste møbelkommune. Ekornes vart leia av Jens E. Ekornes som var ein av dei mest idérike og driftige industrileiarane i Noreg i etterkrigstida. NRK laga i 1966 eit fjernsynsprogram om han som vart omtala som ein askeladd i norsk industri. Jens Ekornes såg kva for behov som var i marknaden, og kom stadig opp med nye produkt. Grunnlaget var spiralfjører og madrasser. Like etter krigen var det sovesofaer som var i vinden, så kom sengar, sofabenkar og etter kvart salongmøblar. Alt vart bygd opp på ein rasjonell måte som gjorde at produksjonskostnadane vart relativt låge. Bedrifta bygde opp eit produksjonsapparat som gjorde at dei vart sjølforsynte på dei fleste område. Ekornes vart kjent for sine rimelege og solide møblar, som også hadde ei form som tiltala eit stadig meir form medvite publikum.

Ekornes prøvde seg i siste halvdel av 1960-åra med kvilestolar, men måtte innsjå at på denne marknaden var Stokke størst, med sine vippstolar i Star-serien. Også andre bedrifter som Emco Møbler prøvde seg med kvilestolar, som også vart kalla TV-stolar.

Fjernsynet kom inn i dei fleste heimar etter at NRK byrja med fjernsynssendingar i 1960. Det var behov for ein stol der brukarane kunne sitje lenge i ro i ein avslappa posisjon. Dei tradisjonelle lenestolane og øyrelappstolane mangla funksjonen med regulering av ryggen. Sitteposisjonen var låst. Kvilestolane til Stokke kunne leggast bakover og fikserast i kvilestilling, men vinkelen mellom sete og rygg var fast. På Ekornes såg dei at her var det rom for produktforbetring.

Svart skinnsofastol med fotskammel står på parkettgulv i et lyst rom med hvite lister.
I 1983 følgde Ekornes opp med Stressless Prince, ein litt mindre modell enn den første modellen med tresokkel, Royal: Med sin vanlege sans for gode salsargument, sa salssjef Jens Petter Ekornes at med Royal hadde far fått sin kvilestol. No hadde også mor fått ein høveleg stol å kvile i.

Trong hjelp

Jens E. Ekornes sette produktutviklingsavdelinga i gang med arbeidet, og det skal ha vore Karstein Våtmyr som kom til leiinga med eit prinsipp som han meinte kunne føre dei vidare. Han såg for seg eit slidingsystem der setet gleid på ei treramme, med eit lavt festepunkt i ryggen slik at ryggen kunne leggast godt tilbake. Konseptet var ikkje originalt, og det likna på det som hadde vore nytta på dei såkalla hyttestolane tidlegare. Idéen vart teken vidare av ingeniør Jostein Ekornes i PU-avdelinga. I staden for ei treramme ville Jostein Ekornes ha reguleringa av stolen i ein stålkonstruksjon. I samarbeid med mekanikaren og maskinisten Ingolf Duesund kom han fram til ein stol med ei glidebane som la til rette for trinnlaus regulering av sittevinkelen. Glidebana var plassert under setet.

PU-avdelinga til Ekornes sleit med å kome vidare med stolidéen, difor bestemte leiinga seg for å hente inn ekstern kompetanse. Jens E. Ekornes ønskte å vere sjølvforsynt på idé- og utviklingssida. På denne måten ville han sikre ein effektiv produksjonsflyt. Ved å bruke eksterne designarar risikerte dei at det kom inn variantar som skapte ein meir kostbar vareproduksjon.

Men no såg også han at dei trong hjelp for å kome vidare med eit konsept som han vurderte som svært lovande. Det var Leif Ekornes, bror til Jens, som ringde til Svein Asbjørnsen, ein av tre unge designarar i det nyoppretta designfellesskapet Møre Designteam. Dei to andre i fellesskapet var Svein Leirdal og Jan Lade. Dei hadde i utgangspunktet skaffa seg samarbeidsavtalar med bedriftene Hole & Lillebøe, L.K. Hjelle og Hjellegjerde, men avtalane var ikkje til hinders for at dei også kunne yte tenester til andre. Etter at dei hadde teke på seg oppdraget med å vidareutvikle kvilestolkonseptet, fekk dei tilsendt ein funksjonsmodell. Jan Lade fortel kva dei fekk inn på designkontoret: Det var ei jernplate som fundament på golvet. På den var det påsveisa fire vertikale rør som illuderte fram- og bakbein. Dei bakarste inneheldt omdreiningspunkt for ryggramma som var hengsla til seteramma, som på ein campingstol. Midt på botnplata var der eit opplegg for feste, som eg hugsar som to firkantrør som gleid i kvarandre, der det minste var festa til setet sin framkant. Funksjonsmodellen balanserte såleis på tre punkt.

En mann i grå genser inspiserer en klassisk sort skinnsofastol i et utstillingsrom med spotlys i ta.
Stressless Global var den første Stressless-modellen som vart laga. Stolen vart teikna av dei tre designarane i designarfellesskapen Møre Designteam: Svein Leirdal, Jan Lade og Svein Asbjørnsen. Her er designaren Jan Lade med ein Stressless Global i samband med Stresslessutstillinga på Møbelmuseet i Sykkylven i 2021.

Selde på komforten

Designarane prøvde å byggje vidare på modellen, men fekk det ikkje til. Dei valde i staden å starte på nytt. I designkrinsar var det den gongen eit uttrykk som stod sterkt: Form follows function. Dette innebar at stolen sin utsjåand skulle vise korleis han var bygd opp og fungerte.Tenkearbeidet resulterte i ein rørkonstruksjon som var samanhengande og synleg. På begge sider av setet gjekk røret i ein vinkel som la til rette for trinnlaus justering av sittevinkelen ved hjelp av kroppstyngda og enkel fiksering av ønska sitteposisjon. Den første stolen designarane kom opp med vart kalla Global.

I 1970 var det vippestolar med sving som var i vinden. Diskusjonen mellom dei som arbeidde med den nye kvilestolen gjekk på om den tida snart var over, eller om ein også burde ha ein svingstol. Global vart då omgjort til svingstolen Original. Det viste seg at det var svingstolen som slo best an i marknaden. Men introduksjonen av stolen var ikkje heilt problemfri. Stoluttrykket med synlege ståldelar i den bærande konstruksjonen braut med førestellingane mange hadde av ein stovestol. For dei gjekk assosiasjonane til -50- og 60-talet sine stålstolar på tannlegekontora. Salssjefen, Jens Petter Ekornes, instruerte seljarane om å ta merksemda vekk frå utsjånadenog vektleggje komforten. Dei skulle få potensielle kundar til å setje seg i stolen og kjenne korleis det var å kvile i han. Taktikkenlukkast, men det paradoksale er at den første Stressless-stolen i Noreg var selt til ein tannlege, av møbelhandlar Karl Sunde i Nordfjordeid. Historia vart fortalt av Jens Petter Ekornes som hadde ei unik evne til å byggje historie rundt Stressless-stolen.

Det var reklame-sjef Erling Ekornes, sonen til Leif Ekornes, som kom opp med namnet Stressless på den nye kvilestolen. Det var mange omsyn å ta når dei skulle finne eit passande namn. Ekornes var i ferd med å bli ei eksportbedrift og namnet måtte difor klinge godt for folk over heile verda. Det måtte også seie noko om funksjonen til stolen og vise at dette var ein stol for avslapping og kvile.

Rundt 1970 var ordet stress noko av eit moteord, og med etterleddet less vart det eit bokstavrim som var lett å hugse og eit namn som var lett å forstå. Med denne stolen kunne ein stresse ned etter ein travel kvardag. Stressless tok pulsen på den moderne tida.

Ragnhild Heggdal var tilsett som grafisk designar ved Ekornes sommaren 1986 då ho fekk i oppgåve å lage ein logo for Stressless. Heggdal fortel om tankane bak logoen: Trykket ligg på Stress som peiker aggressivt oppover på innpust. Less kjem som eit avslappande utpust og peiker nedover. Inn- og utpust. Stress less.

Stresslessfabrikken

Frå 1940-åra hadde det vore kontinuerleg byggjeverksemd ved fabrikkanlegget på Ikornnes. Nye påbygg vart reiste etter som behovet for meir produsjonsareal melde seg. Utbygginga hadde ikkje skjedd etter ein samla plan, noko som gjorde interntransporten utfordrande. Allereie før Stressless kom til, i 1970, hadde Ekornes-leiinga bestemt seg for å byggje ny mekanisk avdeling. Avdelinga kom i første høgda, på det som etter kvart fekk namnet Stressless-fabrikken. Det var særleg veksten i etterspørselen av Stressless-møblane som i dei følgjande åra dreiv fram behovet for meir produksjonsareal. I 1976 stod den nye fabrikken ferdig, og her var det mellom anna ei ny skumplastavdeling i andre høgda.

Mykje av utstyret og maskinane dei trong for å lage Stressless-stolar vart utvikla på fabrikken. Bøying av stålrør til ei rund form var ein prosess fabrikken ikkje hadde vore borti før. Dei første stålringane vart bøygde rundt ein kaipåle på Ikornnes-kaia, fortel mekanikar Per Blakstad. Snart hadde dei kome fram til ei maskin som bøygde røra i ein automatisk prosess. I løpet av kort tid utvikla Ekornes også si eiga forniklingsavdeling.

I 1975 nådde salet av Stressless-stolen nye høgder. Ekornes trong fleire hender for å møte den auka etterspurnaden. Det var ikkje mange arbeidsledige i Sykkylven og nabokommunane. Ekornes retta seg difor mot det som så langt hadde vore ei arbeidskraftreserve, dei heimeverande husmødrene.

Ekornes hadde også tidlegare rekruttert kvinner. Dei hadde teke seg av saumarbeidet som var definert som typisk kvinnearbeid. No vart kvinnene tekne inn i alle avdelingane, også i mekanisk avdeling. Mange av karane var skeptiske til at kvinner skulle gå inn i arbeid som tidlegare berre hadde blitt utført av menn. Men skepsisen vart raskt gjort til skamme då det viste seg at kvinnene både gjorde raskt og grundig arbeid.

En stor folkemengde samlet utenfor en bygning med snødekte fjell i bakgrunnen.
Ekornes har gjennom sine ulike fabrikkar vore sjølvforsynt på dei fleste område: Frå heiltre-, laminat-, til stål- og skumproduksjon. Bedrifta har også fleire velutvikla sy- og trekkeavdelingar. Å levere over 1000 stoler pr. dag er ei stor oppgåve som krev både planlegging, god logistikk og gjennomføringsevne. Det hadde ikkje vore mulig uten ein stabil og lojal arbeidsstokk som har trødd til når det trongst. Her er tilsette ved hovudfabrikken på Ikornnes i 2009.

Plus-systemet

Stressless-stolen var populær i breie kjøpargrupper, og vart tilpassa marknadane der han vart seld. For den amerikanske marknaden vart det utvikla større sete enn dei som gjekk i dei europeiske landa. I utviklinga av Stressless-modellane vart det fokusert meir på funksjon og komfort enn på design. Ekornes-leiinga med salssjef, seinare direktør, Jens Petter Ekornes, satsa heller på brei kundeappell enn på å vinne designprisar. Mellom dei meir designorienterte forbrukarane fekk Stressless etter kvart ein låg status. Stolen vart vurdert som stor og klumpete, eit traust kvilemøbel som mangla det vesle ekstra som skapte begeistring. Då Stressless Global og Original vart lansert var det annleis. Ein nestor i designmiljøet, Anne Lise Aas, omtala dei første Stressless-modellane i 1971 som enkle og lettfattelege, honnørord blant designarar den gongen. Dei seinare åra har dei originale stålstolane fått fornya appell hos designinteresserte og samlarar.

Når det galdt det funksjonelle, streva Ekornes etter å liggje i front, også på verdsbasis. Her vart det teke eit stort og viktig steg i 1991 då Plus-systemet vart lansert. Dåverande industrimekanikar og produktutviklar Arve Ekornes hadde, saman med kollegaene Jostein Ekornes og Olav Oplendskedal, arbeidd med å auke komforten i tilnærma liggestilling, samtidig som komforten i oppreist stilling vart den same som før. Med Plus-systemet justerer hode- og veikryggstøtta seg etter posisjonen som brukaren sit i. Legg brukaren seg bakover for å sjå på TV, vil hodestøtta automatisk justere seg slik at blikket framleis vert retta mot TV-skjermen. Alle dei nye Stressless-modellane etter 1993 vart bygde med Plus-systemet.

God lønsemd

Etter at Ekornes hadde gjennomlevd nokre tunge år på 1980-talet, snudde utviklinga etter at Jens Petter Ekornes kom tilbake i sjefsstolen i 1990. Jens Petter knytte til seg sentrale personar i leiargruppa som gjekk inn for ei opprydding i eit brokete modellutval. Arve Ekornes fekk i oppgåve å rasjonalisere produktspekteret, Runar Haugen var sentral i straumlinjeforming av salsmateriell og marknadsapparat, Ola Arne Ramstad fekk som fabrikksjef ei viktig oppgåve i den praktiske gjennomføringa av rasjonaliseringa. Med tilsettinga av Nils-Fredrik Drabløs som viseadministrerande direktør i 1991, fekk frontfiguren i selskapet ein støttespelar som sørga for at idear og visjonar vart sett ut i kraftfull handling. Avgjerande støtte hadde Jens Petter Ekornes også i den rutinerte nye styreleiaren Olav Kjell Holtan.

Med Stressless-produktet som motor fekk Ekornes, som vart børsnotert i 1995, ein framgang selskapet aldri hadde opplevd før. Med årsresultat på kring 20 prosent av omsetninga vart det gode utbyte både for aksjonærar og tilsette, som igjen var stolte av å arbeide i Sykkylvens største industribedrift.

Dei gode resultata førte til at bedrifta kunne byggje ein heilt ny Stressless-fabrikk som vart betalt over den løpande drifta. Då bygget stod ferdig i 2003, hadde Ekornes meir enn dobla golvarealet i fabrikken på Ikornnes. På denne tida var det produksjon av Stressless-modellar også i tidlegare Vestlandske Møbler på Vik i Sykkylven og på Hareid.

Stressless-eventyret ser ut til å halde fram også med ny kinesisk eigar. Selskapet Qumei Home Furnishings Group, som tok over Ekornes i 2018, har uttalt at dei vil føre bedrifta vidare i same sporet som tidlegare. Noko større variantbreidde i kolleksjonen, og innføring av elektrisk regulering av posisjonane, vert sett på som nødvendige marknadstilpassingar. Men ambisjonen er framleis å lage verdas beste og mest profilerte kvilestol i Sykkylven.

En moderne svart lenestol i skinn med fotskammel står på runde metallsokler mot hvit bakgrunn.
I produktutviklingsavdelinga til Ekornes snakka PU-direktør Arve Ekornes og designsjef Jan Lade lenge om kva som skulle til for å ta opp att Stressless Original, noko som var vanskeleg ettersom forniklingsanlegget var borte. Løysinga kom med eit forslag om å bruke rustfritt stål i ei ny form inspirert av Original-stolen. Stressless Jazz fekk Merket for god design frå Norsk Designråd i 2006. Etter ei tid vart det nye stålunderstellet likevel fornikla, og danna grunnlaget for ei rekkje nye Stressless-modellar på nye svivelløysingar.

Takk til Jan Lade, Svein Asbjørnsen, Ole Bjørn Roald og Arve Ekornes for hjelp med å skaffe fram informasjon.

Stressless-periodar

Les meir

1970-åra

Stressless kom inn i kvilestolmarknaden som ei nyskaping. Det berande prinsippet for stolen var at brukaren kunne endre posisjon frå oppreist sittestilling til kvilande liggestilling gjennom ei trinnlaus glidebane. Endring av posisjon skjedde ved hjelp av kroppstyngda. Med eit hjul (ratt) som var fiksert på glidebana, kunne brukaren også låse stolen i ønska posisjon.

Stressless kom samstundes med at TV-apparatet vart allemannseige, og Stressless vart den nye folkestolen framfor TV-skjermane. Så sterk appell hadde Stressless at namnet for mange vart synonymt med omgrepet «kvilestol».

1980-åra

Tiåret var prega av mykje eksperimentering, m.a. med Split og Bik Bok Casa. Dette var konsept som kvar for seg var interessante og nyskapande, men som Ekornes ikkje greidde å handtere. Det vart gjennomført ei rekkje oppkjøp av møbelbedrifter, også utanlandske. Nokre av oppkjøpa vart svært utfordrande.

I marknaden vart den brune syttitalsperioden avløyst av glade pastellfarger i 1980-åra. Også på Stressless kunne ein no sjå rosa og turkis hud! Det vart utvikla ei rekkje nye modeller, frå dynemodellar som Regent (1986) med plaststøypt understell, til vanlege laminatsoklar som på Carmen (1989). Men det var likevel timeglasunderstellet frå 1981 som segla opp til å bli det mest attraktive understellet.

1990-åra

Etter ein økonomisk krevjande periode, måtte Ekornes finne tilbake til bedrifta sine beste industritradisjonar. I 1990-åra tok Ekornes vekk mange av dei tidlegare modellvariantane og satsa på ei sterk standardisering. 75 prosent av komponentane (innmaten) i Stressless-produksjonen vart fjerna.

I 1993 vart dei opprinnelege stålrørmodellane tekne ut av Stressless-kolleksjonen. Dette var eit ledd i Ekornes sitt arbeid for å effektivisere produksjonen, men var og eit svar på ein del etterlikningar som Ekornes vart utsett for.

Ekornes hadde frå 1995 stor suksess med å føre over Stressless-funksjonane til sofa-møbelet.

Etter 2000

Dei første åra etter 2000 selde kolleksjonen med timeglasunderstell framleis godt og produksjonen var rasjonell. Ekornes var på denne tida ein av landets mest lønsame industribedrifter, bedrifta vegra seg difor for å forstyrre hovudproduktet med nye val.

I staden vart det fokusert på stimulerande tilleggsprodukt som kunne vere med på å gjere kolleksjonen endå meir attraktiv. Det vart utvikla ein Stressless sofakolleksjon med høge og lave ryggar, nye hjørneløysingar, ulike fotpallar, kreative vangebord, stillbare småbord og nakkeputeløysingar. Komfort stod i fokus, og det vart laga heimekinoløysingar.

2010

Komfort var eit viktig stikkord også i sofakolleksjonen. Med E200 og Ergo Adapt kom innovative løysingar på både sitte- og liggefunksjonen i ein sofa. Dette heldt fram med Balans Adapt, først lansert i You-kolleksjonen. Stolmodellane Jazz og Blues hadde og opna opp for meir interesse for stålunderstell og etter kvart vart det gitt grønt lys for fornying av understella.

Ekornes overtok og utvikla eit konsept for «Dining», regulerbare stolar for langtidssitting ved matbordet. Dette har slått godt an og har vorte eit viktig tilleggsområde for Ekornes.

Nøkkelinfo Ekornes og Stressless

Les meir

Ekornes omsetning 2020: 3.4 milliardar kroner.

Eksportdel: 92 prosent.

Stressless-sal i 48 land og 3100 butikkar.

Eigne salskontor for Stressless i Norge, USA, England, Tyskland, Frankrike, Finland, Japan, Kina, Australia og Thailand.

Tal på tilsette i Norge: 1.100 (40 prosent av det totale talet på tilsette i konsernet.)

Tal på tilsette i verda: 2846 (inkl. IMG)

Fabrikkar:

J.E.Ekornes A/S på Ekornes. Hovudfabrikk Stressless. Skumstøypefabrikk, trebearbeiding, stålavdeling, overflatebehandling, saum, tilskjering og trekkeavdeling. Administrasjon, logistikk, innkjøp, kundebehandling. Utskiping.

Tynes. Spesialfabrikk for laminerte delar.

Grodås. Spesialfabrikk på heiltre.

Vestlandske. Saum, tilskjering, trekking og montering.

Fetsund. Madrasser.

Også fabrikkar i utlandet.

Eldar Høidal

Eldar Høidal

Avdeling kunst og design: Førstekonservator NMF

900 18 419 / eldarh@vitimusea.no

Verdas mest kjende kvilestol er frå Sykkylven — Viti — Viti