Kunnskap

Vakenatta

Mørkt rom i en gammel hytte med primitive møbler, rokk og kjøkkenutstyr på steinveggene.
Skodjestova på Sunnmøre museum. Foto: Kristin Støylen / Viti

Då han var barn var trettandedagshelga vakenatta, fortel Karl Rogne, fødd i 1873. Vakenatta var ein tradisjon som rekte langt tilbake i tid på Nordøyane.

Ungdomane fekk leigd inn ein dugeleg bygdespelmann, som spelte heile natta utan stogg, gjerne frå nonstid til morgongry.

Tradisjonen gjekk på omgang mellom gardane, som skulle halde dansarstove kvart sitt år. I god tid før vakenatta fekk gutane malt-korn frå husfedrane, slik at dei kunne bryggje øl. Attpå ølet var det vanleg å kjøpe eit par liter brennevin. Jentene hadde med seg noko mat heimanfrå. Maten var elles ikkje så farleg med, for han gjekk det som regel lite av. Det var dansen og drykken som var det viktigaste denne natta.

Dei dansa reinlendar, vals, polka og springar, og mange var rettelege stordansarar. I tronge, overfylte stover, med «tjukk sveitteluft, mengd med tobakksrøyk og tobakkssput på golvet», dansa dei so hardt «at sveitten beint fram sila og rann», fortel Rogne. Så fyrst for trøya av, så brystduken, så dansa dei i skjorteerma resten av natta. Dei som ikkje dansa, vart gjerne drukne, og sovna etter kvart.

Dei religiøse vekkingane som slo inn over Nordøyane på 1880-talet, gjorde slutt på tradisjonen med vakenatt trettandedagshelga. «Det var ikkje for tidleg», avsluttar Karl Rogne.



Av: Ivar Gunnar Braaten, historikar.

Vakenatta — Viti — Viti