Utfordringar i bygningsstruktur
Forfattar: Signe Elvik Svoen, konservator
Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og denne artikkelen høyrer til «Tilrådingar for arbeid på jugendstilhus». Alle delane inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.
Les meir om våre tilrådingar for utbetring av bygningsstruktur ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linkane nedanfor.

Utfordringar i bygningsstruktur
Jugendstilen er for mange sterkt assosiert med murbygningar. I store delar av Europa var murhus standarden for bygging i byane, og stilen utvikla seg derfor med dette som grunnlag.
Jugendstilen sin hovudperiode i Noreg fall òg saman med innføringa av murtvang i byane. Det førte til ei stor endring av byggjeskikken i mange av dei norske byane som tidlegare hadde vore dominert av trehus.
Sidan jugendstilen er best kjend i samband med murhus, er det mange som ikkje er klar over at ein også kan finne mykje jugendstil i trehusa i Noreg.
I svært mange tilfelle finn ein jugendstilen i kombinasjon med sveitser- og drakestilen. Ein har likevel fleire område i Noreg der ein kan snakke om eit utprega bygningsmiljø med jugendstilhus i tre, mellom anna i Levanger og Haugesund.
Det er stor teknisk forskjell mellom trehus og murhus, men dei har likevel ein del av dei same utfordringane når det gjeld skadar på bygningsstrukturen. Vi skal sjå på to av dei viktigaste årsakene til skade på bygningsstrukturen som ofte dukkar opp i bygningar frå jugendstilperioden – fukt og forskyvingar.
Fukt
Ei av dei største utfordringane for alle hus er fukt. Problemet kan bli spesielt stort for eldre bygningar i møte med moderne byggjeteknikkar og materialtypar.
Eldre bygningar er bygde for å puste. Det vil seie at bygningsmateriala og teknikkane som er nytta, tek utgangspunkt i at fukt skal kunne vandre gjennom veggen til utsida, der det kan tørke. Moderne materiale og teknikkar har motsett utgangspunkt. Fukt skal ikkje kome seg inn i veggen i det heile. I møtet mellom dei to teknikkane kan ein derfor få store problem.
Ein må vere nøye med å nytte materiale som tillèt og toler fuktvandring, slik at ein unngår at fukta blir ståande i vegger, golv og tak. Fuktproblem kan kome til syne som utposingar, avskaling og/eller flekker i overflater, eller som høg luftfukt og vond lukt i romma.

Utposing og avskaling
Les meirLukk
Fukt som fører til utposingar og avskaling i målingslag eller murpuss, kan vere avgrensa i omfang. Ofte er det for tette lag ytst på fasaden som hindrar fuktvandring. Ein tilrår då å fjerne dei laga som er årsak til problemet, og så leggje på ei ny, diffusjonsopen overflatebehandling.
Merk deg at målingslag kan vere verneverdige. Det er derfor viktig å snakke med fagfolk som kan hjelpe deg med å vurdere kor mykje som kan og må fjernast, og kva som burde stå att som historisk dokumentasjon.
Fukt i kjellarar
Les meirLukk
Høg luftfukt og vond lukt treng ikkje vere teikn på alvorlege fuktproblem, men det kan vere lurt å undersøkje årsaka. Slike problem ser ein ofte i kjellarar, og årsaka kan vere fukt i grunnen og grunnmuren.
Ein ser for eksempel ofte problem med oppsug frå grunnen. Dette er ei utfordring som ikkje er lett å bli kvitt. Det beste tiltaket er å la muren stå bar, slik at han har høve til å tørke så mykje som råd. Ein må vere bevisst på kva for materiale ein nyttar, og ein må unngå tette overflater som fangar fukta inne i veggene.
Kjellarar som ikkje har vore innreidde til oppvarma bruk, bør som oftast ikkje nyttast til slikt utan grundige vurderingar på førehand. Grunnmurane blei ikkje bygde med fuktsperre i jugendstilperioden, og det er derfor vanskeleg å unngå fukt i kjellarar.
Det er ikkje tilrådd å leggje fuktsperre på innsida at veggen, sidan dette berre vil fange fukta inne i veggen, der ho kan skape store skadar over tid.
Å leggje grunnmursplast eller anna fuktsperre på utsida er eit betre alternativ. Det kan derimot vere omfattande og kostbart å få til på eksisterande bygningar, og det finst ingen garanti for at ein greier å dekkje alle problemområda.
I nokre område kan ein ikkje unngå at det kjem vatn inn i kjellaren. I dei lågare delane av Ålesund sentrum har ein for eksempel problem med at det ved høgvatn kan kome vatn opp gjennom grunnen og inn i kjellarane.
Ein kan prøve å redusere mengda av vatn med strategisk plasserte sandsekkar. Når overfløyminga har gitt seg, må ein sørgje for god opptørking og utlufting. På dagleg basis kan avfuktarar og varmeomnar redusere luftfukta.
Drenering
Les meirLukk
Eit av dei mest effektive tiltaka mot fukt er god drenering. Hald auge med vassrenner og fjern lauv og skit som samlar seg i rennene, for å unngå at dei går tette. Undersøk om det er lekkasjar frå renner eller område der vatnet hamnar utanfor rennene.
Sørg for at vatnet som kjem ned, faktisk blir leidd bort frå bygningen. Det kan du gjere ved hjelp av dreneringsrør eller ved å endre terrenget slik at det hallar bort frå bygningen.
Sørg også for at nærliggjande kummar blir haldne opne, for å unngå oppsamling av vatn. Dette er særleg viktig i periodar med frost og smelting.
Du kan spare mykje pengar ved å ta ein tur rundt huset når det er mykje nedbør, og sjå at alt fungerer som det skal.
Forskyvingar
Mange eldre bygningar har utfordringar som kjem av forskyvingar i bygningskroppen. Noko bevegelse må ein forvente i eldre bygningar, og ofte er det ikkje grunn til bekymring så lenge dei ikkje er omfattande og ikkje held på over lang tid.
Store og aukande forskyvingar kan derimot skape problem. Årsaka kan vere at sjølve bygningskroppen er svak, eller at det har skjedd forskyvingar i grunnen. Teikn på slike forskyvingar kan for eksempel vere halling eller utbuling i golv, vegger og tak, tronge dør- og vindaugsopningar og sprekkar i bjelkar og søyler.
Overordna forskyvingar på tvers av bygningen kan tyde på setningar i grunnen. Punktvise forskyvingar kan tyde på bevegelsar i konstruksjonen.

Å måle bevegelsar
Les meirLukk
For å få innblikk i kor mykje ein bygning bevegar seg, kan ein ta mål regelmessig over lengre tid. Det kan vere snakk om mål av forskyvingar i golv, tak og vegger, eller målingar av toleransen mellom ramma og karmen i vindauge.
Det er viktig å måle over lengre periodar og regelmessig innanfor kvart år. På denne måten kan ein registrere kva som er normale bevegelsar som følgjer med vêr og temperatur, og kva som er unormale bevegelsar over tid.
Dersom ein ser aukande endringar på tvers av årstidene, er det teikn på forskyvingar som ein må gjere noko med.
Setningar i grunnen
Les meirLukk
Den vanlegaste årsaka til forskyvingar i ein bygning er setningar i grunnen. Mange eldre bygningar forskyv seg i åra like etter dei er oppførte, men ein kan oppleve nye skadar dersom det blir gjort større gravearbeid i området rundt bygningen.
I slike tilfelle er det viktig å halde auge med bygningen og dokumentere eventuelle forskyvingar. Dersom dei blir omfattande, rår vi deg til å ta kontakt med fagfolk for å få vurdert om det er nødvendig med tiltak.
Ein kan prøve å rette dei opp ved å løfte bygningen frå botnen og leggje inn ny fundamentering. Dette er ein omstendeleg jobb som krev god erfaring og kjennskap til korleis bygningstypen reagerer på slik behandling.
Denne framgangsmåten er ikkje mogleg å gjennomføre på alle bygningstypar. I nokre tilfelle må ein ta til takke med å rette opp mindre område, for eksempel ved å rette ut golv i enkeltrom, eller å leve med at bygningen ikkje er heilt rett.
Bevegelse i konstruksjonen
Les meirLukk
I somme tilfelle kan ein få bevegelsar i sjølve konstruksjonen. Det skjer som oftast i samband med endringar i vegger, golv og tak. Ein kan rekne med at konstruksjonselementa i ein bygning er der av ein grunn, og endringar i desse elementa må fange opp alle dei originale funksjonane.
Det har vore gjort mange endringar på eldre bygningar som ikkje har teke omsyn til dette, og vi har mange eksempel der viktige støttestrukturar er blitt fjerna. Som regel vil ikkje dette føre til bevegelsar i bygningen med ein gong, men det kan ha store konsekvensar over tid.
Dersom du oppdagar omfattande forskyvingar eller sprekkar i bygningen din, er det lurt å undersøkje kva som er årsaka, og om bevegelsen framleis er aktiv. Dersom bevegelsen er aktiv, må du få hjelp til å vurdere om ein treng ny støttestruktur og/eller rette opp det som er skeivt.
Nye støttestrukturar må jobbe på lag med bygningen. Mange gamle bygningar bevegar seg gjerne litt gjennom eit år. Det gjeld spesielt konstruksjonar i tre. Derfor er det viktig at nye støtter tek høgde for denne bevegelsen og ikkje blir for rigide.