Trykk frå trykkeriet på Ekset i Volda

Trykka frå trykkeriet på Ekset i Volda er noko av det mest verdifulle og unike i Viti si samling.
I 1809 starta Sivert Aarflot trykkeri på Ekset. Dette var det femte trykkeriet i landet, og det første som låg utanfor stiftsbyane Kristiania, Kristiansand, Bergen og Trondheim. Her trykte Sivert alt frå små einsides trykk til større bøker på fleire hundre sider.
Aarflot var eit ektefødd barn av opplysningstida med lærarar og førebilete som Hans Strøm og Claus Frimann. Strøm var sokneprest i Volda. Frimann kapellan i Volda og salmediktar, seinare sokneprest i Davik i Nordfjord.
Det har vore skrive mykje om Sivert Aarflot og verksemda hans. Det Viti no tek sikte på, er å tilgjengleggjere dei Ekset-trykka vi har i samlinga vår gjennom publisering på DigitaltMuseum. Innhaldet i dei første trykka syner stor variasjon.
Innhaldsmessig kan ein grovt dele trykka i to kategoriar. Den eine kan ein kalle opplysande, og den andre oppbyggjande. Dei opplysande er t.d. Sivert Aarflot sitt toblada trykk Efterretning om det Engelske Kongehus og Engellands Regiering, som haver aarsaget saa mange andre Rigers langvarig Ufred og blodige Krige. Egset, 1809. Trykt i S. Aarflots Bogtrykkerie af A. Steen»
Trykket startar med opplysningar om Den Kongelige Familie. Kong Georg 3. og dronning Sophie Charlotte og deira13 born. Vidare handlar det om styreform og alle krigane England har vore involvert, som resulterte i ei astronomisk gjeld.
«Saadan vare den engelske Kongelige Families Stilling førend Krigen med Danmark udbrød, men hvad Forandring siden kan være skeet, haves ei saa nøie Efterretning om.»
«Kongen af Engelland er over 71 Aar gammel, har været meget sygelig og især med Øiensvaghed.»
«Regieringen i Engelland er monarkisk, saaidt at Kongen kan deklarere Krig og Fred, men ei paalægge Skatte, da hans Magt er indskrænket ved Lovene og Parlamentet, hvilke sidste er en Forsamling af de Fornemste i Riget, og inddeelt i Over- og Underhuset, hvor ofte 1 a 200 Raadsherrer stemme med eller imod hinanden.»
«Naar Georg 3die kom til Regeringen, var Landet i en blodig Krig, som, efter 7 Aar endtes 1763, havde kostet Engelland 280 000 Mennesker, et Antal af mere end 767 Mennesker for hver Dag i et Aar, og fordeelt i 7 Aar, udgiør omtrent 109 Mennesker for hver Dag. Regieringen kom den Tid i en Gield til over 130 Millioner Pund Sterling, det var efter dansk Regning, omtrent 650 000 000 Rdlr eller 6500 Tønder Guld.»

«1775 begyndte de Krigen med Nordamerika, som kostede Engelland mange Mennesker og uhyre Pengesummer, hvilket nogenledes kan sees deraf: at i en Sommer sendtes fra Engelland til Armeens Forstærkning 55000 Mand Landtropper og 28000 Matroser og i en Høst sendtes til Proviantering for den i Amerika krigende Armee, blant andet: 5000 Oxer, 14000 Faar, 14000 Svin, 10000 Fade Øl, samt Høe og Hestefoder.»
«Under denne Krig, som varede i 6 Aar, understøttede Frankrig Amerikanerne imod Engelland, og da tæntedes den Gnist, som siden var aarsaget saa megen Ulykke over hele Europa.»
«1783 maatte Engelland, efter megen Opofrelse og Tab af 2de Armeer, giøre Fred og afstaae fra sit Paastand om Overherredøme af 13 Nordamerikanske Provindser.»
«Ved denn Krig var Engellands Gield voxet til 244 Millioner Pund Sterling, efter dansk Regning ungefærlig 1 220 000 000 Rdlr, eller 12 200 Tønde Guld, en Summa saa stor, at man troede paa den Tid ei var saa megen klingende Mynt i hele Europa; og som nogle giør saadan Regning over, at hvis den Summa kunde haves i engelske halve Kroner, som ligner nærmest vore halve Spesiedalere, og de lagdes Kant i Kant eller i Rad, vilde det udgiort en Ring omkring hele Jordkloden, hvilket er beregnet til 5400 geographiske Mile.»
«I afvigte Aar 1808, troede man Engellands Gield var kommen til 700 Pd. Sterling eller 35 000 Tønder Guld, næsten tredobbelt mod forrige Beregning. Men, naar Verden engang faaer see Beregninger over hvad nærværende Krige koster Engelland, vil det blive meget – Mere om Engelland en anden Gang.»
«Om kort Tid faaes og Efterretning om det svenske Kongehuus, m.m. for 2 sk.»
Av dei første oppbyggelege tekstane finn vi mellom anna Adam Adamsson Nedreberg si Kystværns-vise. Heile tittelen er: Kystværns-vise, hvorledes Enhver norsk Bonde, med sine kiække Sønner, vil vise sig som retskafne Undersaattere, baade i Vaabenøvelse og ved fiendtlig Anfald; thi Alle maa bruge baade Klogskab og Kræfter, til at værne for Konge og Fødeland. Egset 1809. Trykt i S. Aarflots Bogtrykkeri af A. Steen.
Adam Adamsson var frå Nedreberg i Syvde, skulehaldar og medhjelpar i kyrkja . Visa er ein kampsong for alle norske menn og kvinner i krigen mot England. Melodi: «Fryd dig du Christi Brud.»
«Hver ærlig Dannemand, Som er i»
«Norges Land, Vil sig ei lade skræmme»
«For nogen Ufreds-Stemme. Mandhaf-»
«tigen at være, Kong Frederik til Ære.»
«Før Britter faaer vort Land, Før»
«Vil hver Norges Mand, Sin Aand saa»
«fint udgyde Og Blodet strømviis flyde.»
«Mandhaftigen at være, Kong Friderik»
«til Ære.»
Kvinna si plikt i striden er å stø og oppmuntre dei kiække Sønner:
«Hver norske Pige vil, Sig flittig»
«lave til. Og venlig med han snakke,»
«Vi ruske skal hans Nakke. Med Man-»
«dighed og Dyder, Jers Pigenavn be-»
«pryder.»
Etter visa kjem forfattaren med nokre Anmærkninger:
«En blandet Tale mellem Almues mænd. Nogle sige: vi frygter ikke for Britternes mange Trudsler, men har de lyst at skue de norske Kyster, skal de ogsaa møde de indeboende graatrøiede Bønder. Andre sige: det vilde see farligt du. Ønskeligt var det, om Enhver vilde istemme med de Første, og sige: vi frygter ikke, thi naar Gud er med os, hvo kan da være imod os.»
Gøymde skattar frå Ekset
Jostein Fet (1924-2023) er ein av dei som har forska mest på Aarflot og trykkeverksemda på Ekset. I 2006 gav han ut boka «Eksetiana. Aarflots Prenteverk 1809-1935. Bibliografi og kulturhistorie.» Her gjev han ei kronologisk og kommentert framstilling av trykka frå Ekset, i alt 728.
Den største samlinga trykk, ikkje uventa, var å finne på Sivert Aarflot-museet på Ekset. Desse trykka vart flytta til magasin i Borgundgavlen i 2022 for pakking og registrering. Nummereringa Fet har i «Eksetiana» vart då nytta for å identifisere kvart einskild trykk.
Gjennom dette arbeidet, og arbeidet med resten av Viti si samling av antikvariske trykk, oppdaga ein snart at der var manglar i boka til Fet.

Av trykk nemne i Eksetiana har vi no 295, og i tillegg 140 «nye». Alle desse 435 trykka vert no digitalisert og lagt ut på Digitalt Museum. Først kjem trykka som er med i Eksetiana i kronologisk rekkefølgje. Avisene kjem etter at dei andre trykka er publisert. Kommentarane til kvar einskildtrykk, er i stor grad henta på Eksetiana. Dernest kjem dei trykka som manglar i Eksetiana, også dei i kronologisk rekkefølge.
Det er fleire grunnar til at Viti prioriterer dette arbeidet. For det første er dette ein kulturhistorisk skatt av både regional og nasjonal verdi. Trykkeriet gjorde det langt lettare for folk på Nordvestlandet, langt frå byane, å få publisert tekstane sine.
Det gjaldt ikkje berre prestar og skulelærarar, men endåtil «vanlege» folk. Folk ein lenge ikkje trudde hadde kunnskap eller evner til å gjere noko slikt. Trykka gir oss høve til å kome nærare tankane og meininga til folket i brei tyding.
Det er óg grunn til å tru at med auka tilgjenge vil det verte fleire som syner interesse og vil forske på dette spanande materialet. Til slutt, er det ei stor von at dei som sit på Ekset-trykk tek kontakt.
Viti har ei stor samling, men langt ifrå alle trykka. Mange av trykka er svært små, og kan lett kome vekk. Det er lite truleg at korkje Jostein Fet eller vi har sett alle som finnest der ute.
Ta kontakt dersom du har eit Ekset-trykk. Dersom det manglar i samlinga vår vil vi svært gjerne ta ein kopi.
Fleire av trykka finn du på digitalt museum







