Kunnskap

Tilrådingar for arbeid på jugendstilhus

Forfattar: Signe Elvik Svoen, konservator

Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og alle inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.

Les meir om våre tilrådingar for arbeid på jugendstilhus ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linken nedanfor.

En tommestokk ligger på en slitt vinduskarm med avskallet gul maling og værslitt treverk.
Foto: Signe Elvik Svoen

Tilrådingar for arbeid på jugendstilbygningar

Når ein skal til med arbeid på eldre bygningar, er det mange ulike faktorar og forhold som må takast med i vurderinga av kva som må gjerast. Det kan vere faktorar som klima og vêr, tomteforhold, regulering, bruken av bygningen, opphaveleg materialbruk og utføring, og dessutan prosjektet sin økonomi og tilgangen på materiale og arbeidskraft.

Alle desse faktorane kan ha mykje å seie for kva som er den beste løysinga for den enkelte bygningen. Derfor kan det vere vanskeleg å gi konkrete tilrådingar utan først å kjenne til bygningen og dei føresetnadene han har.

Det første og beste rådet er alltid å ta kontakt med lokale, kompetente handverkarar, som har god innsikt i dei problemstillingane du ønskjer å handtere.

I denne delen gjer vi greie for nokre generelle problemstillingar ein kan møte på når det gjeld jugendstilarkitektur, og vi kjem med tilrådingar og gir råd om utbetring. Vi har her valt å leggje vekt på dei punkta som er spesielt relevante for jugendstilen, med ekstra merksemd mot element som er spesielt viktige for stilen.

Dersom du ønskjer meir konkrete råd og rettleiing om din eigen jugendstilbygning, vil vi rå deg til å ta kontakt med oss på e‑post eller telefon.

Tilrådingane er delte inn i åtte tema. For å få best mogleg forståing for jugendstilbygningar bør ein lese alle tilrådingane. Du kan finne fram til dei ulike temaa ved å klikke på lenkjene nedanfor.

Tema

Meir frå Rettleiaren

Tilrådingar for arbeid på jugendstilhus — Viti — Viti