Kunnskap

Teknisk oppgradering av jugendstilhus

Forfattar: Signe Elvik Svoen, konservator

Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og denne artikkelen høyrer til «Tilrådingar for arbeid på jugendstilhus». Alle delane inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.

Les meir om våre tilrådingar for teknisk oppgradering ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linkane nedanfor.

En antikk støpejernsradiator med utskjærte detaljer står ved en vegg med gyllen tapet og hvite gard.
Foto: A. de Ville de Goyet © urban.brussels

Teknisk oppgradering

Teknisk oppgradering er ei utfordring i alle eldre bygningar og som oftast noko som trengst. Fordelen for mange jugendstilbygningar er at dei blei bygde etter at ein hadde begynt med innlagt vatn og innvendige toalett, i alle fall i borgarskapet sine bustader. Det gjer at det kan vere lettare å finne plass til slik infrastruktur.

Det er likevel viktig å vere merksam på risikofaktorane når ein skal gjere tekniske oppgraderingar av desse bygningane. Vi må ta omsyn til dei tekniske føresetnadene bygningen har.

Bad og kjøkken

Ei av dei største utfordringane ved moderne bruk av eldre bygningar er kjøkken og våtrom. Forventningar og krav som blir stilte til slike fasilitetar i dag, er ikkje alltid kompatible med dei gamle bygningane. Ofte er det bygningen sine behov som må vike for moderne behov.

Som sagt har jugendstilbygningane ein fordel fordi mange av dei blei bygde med interne toalettrom og innlagt vatn. I seinare tid er desse romma i mange tilfelle oppgraderte og utvida.

Det inneber at infrastrukturen som er nødvendig for moderne bad og kjøkken, mest sannsynleg allereie eksisterer utan behov for omfattande inngrep. Det er derfor viktig at ein prøver å løyse slike funksjonar basert på den eksisterande situasjonen.

Skift ikkje plassering av bad og element som skal ha rørtilkopling. Unngå inngrep i vegger og golv med mindre det er nødvendig. Dersom det er nødvendig, er det viktig å planleggje godt på førehand, slik at ein kan leggje til rette for føringar når golvet først er opna.

Gammeldags toalett med høythengende sisterne og treveggpanel står i et smalt rom med frosted vindu.
Foto: Signe Elvik Svoen, with permission from the Horta Museum

Bad har tidvis veldig høg luftfukt. Rett bruk av materiale, dampsperre, ventilering og sikring av rør kan vere avgjerande. Dersom arbeidet ikkje blir gjort skikkeleg, eller lekkasjar oppstår, kan det føre til alvorlege ròteskadar og omfattande tap av historisk verdi.

Risikoen knytt til kjøkken er ikkje like stor. Lekkasjar kan likevel skje, spesielt i større kjøkken med industrielle maskiner.

Store kjøkken har òg større krav til ventilering. Slike ventilasjonssystem kan vere plasskrevjande, og ein endar ofte opp med føringar og ventilar som kan verke skjemmande. Derfor er det viktig å undersøkje om det går an å skjule tekniske installasjonar og å sjå om ein kan gjere tiltak slik at ventilar og uttak blir mindre skjemmande.

Rundt metallornament med intrikate blomstermønstre er innfelt i en rødmalt treramme.
Jugendstilen har fleire eksempel der tekniske installasjonar er gjort til dekorative element. Victor Horta var ein mester på dette. Foto: A. de Ville de Goyet © urban.brussels

Ein tommelfingerregel for kjøkken og våtrom er samlokasjon. Rom som er avhengige av vassføringar, bør så langt det lèt seg gjere plasserast slik at føringane kan samlast i eit fåtal vegger. Då blir det lettare å kontrollere for lekkasje, og behovet for fysiske inngrep i konstruksjonen blir mindre.

Når ein skal velje plassering, er det derfor lurt å undersøkje om det finst plasseringar som er betre enn andre.

  • Er det vegger som ein lett kan leggje rør inn i?
  • Kva vil bli skadd dersom det oppstår ein lekkasje?
  • Er det seksjonar av bygningen som ikkje er like sårbare eller ikkje har like høg historisk verdi?

Kjøkken og våtrom er som regel nødvendige for moderne bruk, men ein kan likevel leite etter løysingar som best mogleg tek omsyn til bygningen sine behov.

Interiør i verna bygningar er som regel ikkje verna, men inngrep i våtrom kan likevel bli søknadspliktige dersom ein gjer inngrep i den berande konstruksjonen. Det er derfor viktig å undersøkje dette før ein begynner.

I freda bygningar er det stort sett tillate med oppgradering av bad og kjøkken så lenge det skjer i samråd med fylkeskommunen.

Generelt tilrår ein å nytte fagfolk til alt arbeid som påverkar membranar og vassføringar i eldre bygningar, for å sikre best mogleg mot lekkasje. Det gjeld òg arbeid som ein lovleg kan gjere sjølv.

Energieffektivisering

I dag har vi heilt andre forventningar til temperaturen i husa våre enn det ein hadde før i tida. Det har ført til at dei fleste huseigarar ønskjer å etterisolere dei gamle bygningane sine.

Korleis det kan gjerast, er ulikt frå hus til hus, og derfor er det viktig at ein tek seg tid til å bli kjend med bygningen og kva som er mogleg å gjere med han. Det finst mange ulike framgangsmåtar, og nokre er betre for bygningen enn andre.

Det første ein må hugse på, er at dei moderne isolasjonsstandardane ikkje nødvendigvis vil stemme for eldre bygningar. Du må derfor konsultere fagfolk som har kjennskap til dei isolerande kvalitetane til konstruksjonstypen frå den aktuelle tidsepoken.

Etterisolering av vegger kan ha store estetiske og tekniske utfordringar, og dersom det blir gjort feil, kan det få katastrofale følgjer for konstruksjonen.

Mange ønskjer òg å leggje inn så mykje isolasjon som råd. I realiteten er det derimot dei første centimetrane som har mest å seie, og ein kan derfor kome langt med eit tynt isolasjonssjikt.

Arkitekttegning viser tverrsnitt av et hus med to etasjer og stiliserte figurer som illustrerer akt.
Ein kjem langt med tiltak i vindu, gulv og tak. Teikning: Signe Elvik Svoen

Til slutt må ein òg vere bevisst på at det ikkje berre er isolasjon i veggene som kan hindre varmetap. Mange eldre bygningar har kalde kjellarar og loft. Isolasjon i etasjeskilja mot desse kalde romma kan ha stor effekt.

Mykje av varmetapet i eldre hus skjer også gjennom vindauge og dører, og her kan ein på ein enkel måte tette karmar og installere varevindauge på innsida av dei originale. Du kan lese meir om dette i avsnittet om dører og vindauge.

For jugendstilbygningar er det generelt tilrådd å gjennomføre etterisoleringstiltaka på andre område enn veggene. Tetting rundt karmar, bygningshjørne og etasjeskilje, og etterisolering i golv og etasjeskilje, er tiltak som er effektive og mindre kostbare.

Det er viktig å nytte materiale som toler fuktvandring og er diffusjonsopne. Trefiberisolasjon blir ofte tilrådd, både i eldre trehus og i murhus, men det er kome fleire gode alternativ dei siste åra. Det kan derfor vere lurt å snakke med fagfolk med kjennskap til bygningar frå denne perioden og utviklinga innanfor fagfeltet, før du vel materiale.

Isolasjonsmateriale av trefibrer er synlig gjennom en åpning i veggen.
Trefiberisolasjon er godt egna for eldre bygningar. Foto: Olle Christer Stenby

Les meir

Fleire tilrådingar

Meir frå Rettleiaren

Teknisk oppgradering av jugendstilhus — Viti — Viti