Sunnmørsarbeidarar i streik
Det er streik i landet, og på Sunnmøre i desse dagar. Streik er ikkje noko daglegdags fenomen på Sunnmøre, ikkje noko årvisst fenomen heller. Særleg har det vore langt mellom streikane på landsbygda på Sunnmøre.
Det har nok samanheng med at fagrørsla slo seint rot her og at næringslivet har vore dominert av små bedrifter, med liten avstand mellom eigarar og tilsette. No er det nye tider, også i bedriftene på landsbygda på Sunnmøre. I desse dagar sit organiserte arbeidarar streikevakt utanfor fabrikkdørene til Ekornes, landets største møbelbedrift. Det er første gongen dei tilsette ved Ekornes er i streik.
Sist gong det var streik i møbelindustrien var i 1949. Den gongen var møbelindustrien ein låglønnsindustri. Og nokre i denne industrien låg endå lågare i lønn enn andre. Frå 1939 var møbelindustrien delt inn i tre tariffområde, Austlandet, Vestlandet og Sunnmøre. Høgste tariffsatsane hadde dei på Austlandet, dei lågaste satsane hadde dei på Sunnmøre. Arbeidsgjevarane si grunngjeving for den låge satsen på Sunnmøre var at mange av dei tilsette i møbelindustrien budde på gardar der deidyrka sin eigen mat. Det var ikkje langt til sjøen heller, der dei kunne drage fisk til middagsmaten. Elles var her lite av fritidstilbod som kosta pengar. I sum, dei greidde seg med mindre lønn på Sunnmøre.
28. oktober 1949 gjekk alle arbeidarar ved dei møbelbedriftene som var tilslutta arbeidsgjevarforeininga ut i streik for å få fjerna den upopulære Møretariffen. Dei 60 tilsette ved Ekornes i Sykkylven var ikkje med på streiken då bedrifta den gongen stod utanfor alle organisasjonar. Streiken varte i tre veker og arbeidarane oppnådde det dei ville, Møretariffen vart fjerna, og dei tilsette i møbelindustrien på Sunnmøre fekk like høg lønn som kollegaene elles på Vestlandet. Eit par år seinare vart det samme tariffnivå over heile landet.


