Kunnskap

Statskonsulent og pelsdyrforkjempar

En sølvbolle støttet av fire stående bjørner i metall, med en femte bjørn sittende på kanten.
Pokalen ser du i utstillinga EG VAR HER på Sunnmøre museum. Foto: Mirjam Vikestrand / Viti

I 1930 fekk Jens Nordang (1879-1954) frå Knutegarden på Norang i Hjørundfjord, denne særeigne og vakre pokalen som viser fire revar som held ei skål i sølv.

Rundt kanten er følgjande tekst gravert inn:
“FOR GRUNNLEGGJANDE ARBEIDMED SØLVREVALET I NORGE. STATSKONSULENT J. NORDANG. FRÅ NORGES SØLVREVAVLSLAG 1930”

Seinare ga Nordang pokalen til Sunnmøre museum. Du kan sjå den i utstillinga “Eg var her".

To svarte gammeldagse hatter og briller prydet disse to velkledde herrene i et svart-hvitt øyeblikk.
Jens Nordang og Reidar Skarbø på ei utstilling i Ørsta 1943. Foto frå bladet Våre Hester.

Engasjement
Nordang engasjerte seg tidleg i etableringa og utviklinga av norsk pelsdyrnæring.

Han var statskonsulent for hestavl på vestlandet og utdanna veterinær i København. I 1925 søkte han og fekk eit års ulønna permisjon frå denne stillinga for å reise til Canada i lag med Andreas Håndlykken frå Urke, for å studere kanadisk pelsdyrhald.

Med seg heim hadde dei ny kunnskap om den nye næringa og fleire avlsdyr som dei hadde avtalt vidaresal av før dei drog.

Også seinare importerte Nordang avlsdyr frå Canada. Nordang var sentral i etableringa av fleire pelsdyrgardar i Hjørundfjorden og også i utviklinga av fôrblandingar.

Nordang revefarm 1934. Foto: Anders B. Wilse / Norsk folkemuseum


Avslarbeid
Nordang skreiv læreboka «Veiledning i sølvrevavl og litt om andre pelsdyr», som kom ut i fleire utgåver.

Han var sentral i etableringa av Norges Sølvrevsavlslag saman med Landbruksdepartementet.

Nordang utforma avlsmål og organiserte avlsarbeidet for sølvrevavlen, etter modell frå Canada og med tilpassingar til norske forhold. Det var viktig å ha gode system og organisering av avlsarbeidet, for å avle fram dyr med ønska eigenskapar og å unngå innavl.

I 1936 fekk Nordang Kongens fortenestemedalje i gull for arbeidet.

Cecilie Rørstad

Cecilie Rørstad

Avdeling kulturhistorie: Konservator

994 25 888 / cecilie@vitimusea.no

Statskonsulent og pelsdyrforkjempar — Viti — Viti