Kunnskap

Standalrennet – ski i sol og styggever

Skirenn kjem og går, Standalrennet består. Heilt på tampen av vinteren, rundt påsketider har Aalesunds skiklubb frå 1934 arrangert skirenn i området rundt hytta dei eig på Standaleidet i Ørsta kommune.

I dette «alpelandskapet» var det naturleg nok alpine øvingar som var det sentrale. Slalåmrenn var ei nokså ny konkurranseform på våre kantar i 1930-åra. Langrenn, hopp og kombinert var dei dominerande skikonkurransane. Jubileumsboka til Aalesunds skiklub (2008) fortel at Standalrennet i 1934 var det første slalåmrennet på Vestlandet. Året etter var det både slalåm- og utforrenn.

En gruppe skiløpere i gammeldagse klær står på en snødekt fjellside med utsikt over en fjord.
Opp mot Standaleidet Foto: Jubileumsboka til Aalesunds skiklub (2008)


Ein viktig grunn til at Standaleidet vart valt som område for dei årlege skitevlingane, var at dette var eit snøsikkert område, snøen kom tidleg og låg lenge. I tillegg var det nokså kort veg for byfolket å kome seg til staden.

I samband med renna vart det skipa til turar med båtar som vart fylte med ålesundarar som både ville bli kjende med ein ny og fartsfylt idrett, og som ville ha ein skitur i praktfull fjellnatur. Renna vart reine publikumsmagnetane og det kunne vere over tusen tilskodarar når løparane sette utfor i dei nokså bratte løypene under Kolåstinden.


Fottrakka løyper

Både deltakarar og publikum måtte leggje bak seg eit godt stykke i motbakke for å kome opp på eidet. Publikum kom både frå Standalsida og frå Ørstavik og Follestaddalen. Det var ikkje snakk om å bli trekt opp med maskinkraft dei første åra. Ekstra langt var det å gå for deltakarane i utforkonkurransane som kunne ha over to kilometer lange trasear. Dei hadde heller ikkje trakkemaskinar. Løypene vart trakka av friviljuge med ski på beina. Elevar frå lærarskulen i Volda stilte gjerne opp som løypemannskap. Med mykje nedbør kunne det vere litt av ein jobb. Det vart somtid rapportert om sugande og tunge løyper.


Høg teknisk kvalitet

Arrangørane i Aalesunds skiklub ønskte å ha god nasjonal deltaking på Standalrenna. Utøvarar frå Ålesund og Sunnmøre var dei første åra som nybyrjarar å rekne i høve til utøvarar frå Austlandet. I 1936 kom det ein tropp frå Kongsberg som kunne by på meir enn hoppbrørne Ruud. Avisene meldte at utøvarane frå Kongsberg viste ein elegant og effektiv køyring, og at AASK sine eigne løparar verka klossete til samanlikning.

Også utanlandske deltakarar var med på rennet, og arrangementet låg ikkje mykje tilbake for tilsvarande arrangement når det gjaldt teknisk gjennomføring. På dette området vart det teke store steg i dei første etterkrigsåra. I 1948 brukte dei radiotelefoni for å halde kontakt mellom start- og målområdet. Det viste seg svært nyttig då slalåmrennet gjekk i tett tåke. I 1953 hadde dei fått på plass eit høgtalaranlegg som orienterte publikum om stillinga i målområdet.

Avisannonse fra 1949 for et internasjonalt skirenn på Standal med fest i Frimurerlosjen etterpå.
Annonse for Standalrennet


Makelaus natur

Norges skiforbund la merke til dei ambisiøse arrangørane på Sunnmøre og i 1950 fekk dei tillit til å arrangere NM i slalåm og utfor. Teknisk gjekk arrangementet knirkefritt, og det vart skaffa snøbil (weazel) frå forsvaret som drog opp løparar og arrangørar. Det var også lagt opp til elektronisk tidtaking med Longines sine «kronografer» slik det var ved store skirenn i mellom-Europa, men dette meinte skiforbundet var for usikkert.

Veret under NM vart omtala som ekte vestlandsver. Regnet ausa ned og rennet vart kalla verdas våtaste skikonkurranse! Andre gonger viste sunnmørslandskapet seg frå den aller vakraste sida med sol som lyste opp kvite fjellsider. Ei gruppe alpinistar frå Oslo, som også kjende skiområde lenger sør, uttala i 1936 at dei var «imponerte over den strålende natur og de fantastisk ville fjell som neppe finnes maken til i Europa.»

En gruppe skiløpere beundrer utsikten over snødekte fjell og en frossen innsjø på en solrik vinterd.
Det 39. Standalrennet Foto: Smp arkivet / Viti sine samlinger


Telemarksrenn

Utover i 1960- og 70-åra vart det meir lokale namn i toppen av resultatlistene. Mektig natur og dyktige arrangørar var ikkje lenger nok til å trekkje dei beste alpinutøvarane i landet. Fleire alpinanlegg med moderne skiheiser vart bygde. I 1974 måtte rennet avlysast då det var for få påmelde.

I 1986 gjorde arrangørane ein vri for å revitalisere rennet. Det gjekk over frå slalåm og utfor til telemarkrenn. Med det trefte dei ei gruppe utøvarar som ikkje gjekk av vegen for å trakke i motbakke for å kome til start. Seinare har rennet vore ei årviss avslutning påvintersesongen for ivrige telemarkskøyrarar og andre fjellskientusiastar, og frå midten av 1980-åra har Standalrennet vore arrangert i april og mai. I 2023 gjekk det 80. Standalrennet av stabelen. Det held dermed støtt på posisjonen som det eldste fjellskirennet i landet.

Eldar Høidal

Eldar Høidal

Avdeling kunst og design: Førstekonservator NMF

900 18 419 / eldarh@vitimusea.no

Standalrennet – ski i sol og styggever — Viti — Viti