Spring som ei jente!

På biletet ser vi fire friidrettsjenter. Biletet er teke på Aksla i 1956, rett etter målgang. Ser vi nøye etter, har alle eit svart merke på venstre kne. Merket kjem frå koksgrusen på løpebana, og avslører at dei kjem rett frå startblokkene.
Jentene er frå venstre Tove Nygård, ÅIL, Åse Heitmann, ÅIL, Berit Ous f. Garshol, ÅIL og Rigmor Noch frå Nordmørsklubben Norodd.
Berit Ous har fortalt oss at ho brukte å delta på 60 meter, og det er det jentene nettopp har gjennomført. Det var Rigmor Noch, med det fine klubbmonogrammet til Norodd på brystet, som stakk av med sigeren på 8.1 sek.
Ein revolusjon
Dei fire jentene opplevde nok at kvinnene var i mindretal, men dei kunne ikkje vite at dei var heilt i starten av ein idrettsrevolusjon.
Frå 1946 fekk kvinnene i Norge delta i berre halvparten av dei idrettane menn fekk ta del i. Friidrett var «kvinneleg nok», berre ein ikkje sprang for langt.
For kvar kvinne som stilte til start i eit friidrettsstemne i Noreg i 1950, stilte 16 menn. Tidleg på 1950-talet fekk jentene vere med, også på Sunnmøre.
I Ålesund vart gymnastikklæraren og etter kvart trenar frå Norges Friidrettsforbund, Karl Slinning, ei viktig drivkraft for å skape eit friidrettsmiljø og for å dra med jentene.
Dei fire jentene på biletet hadde allereie eit formidabelt førebilete i eitt av talenta Slinning hadde oppdaga. Ragnhild Sørum (1934-2024) frå Steinvågen og Sportsklubben Herd vart norgesmeister på både 60 m, 100 m og 200 m allereie i 1952, og var Norges klart beste kvinnelege sprintar på byrjinga av 1950-talet.
Sørum var ein pioner innan norsk kvinneidrett. Klart det må ha inspirert jentene til å trene og delta!
«Et hyggelig innslag»
På Sunnmøre fekk ein sjølvsagt med seg at Ragnhild Sørum fekk både NM-medaljar og at ho deltok i internasjonale konkurransar.
Interessa for dei lokale friidrettskvinnene var det likevel så som så med utover 1950-talet.
I referata frå dei årvisse Ålesundslekene på Aksla er det mennene sine prestasjonar som får merksemd. Kvinnene på Aksla fekk berre konkurrere i øvingane 60 m, høgde, lengde og kulestøt.
Journalisten i Sunnmørsposten skreiv dette om kulestøtkonkurransen for kvinner i 1957: «Sjølv om teknikken ikkje var perfekt, var det et hyggelig innslag».
Spring som ei jente
Det tok nokre tiår før det tok laust for kvinnedeltakinga i friidretten. Lenge handla det om førestillingar om at kvinnene ikkje tolte dei lengre distansane.
Tidleg på 1970-talet fekk kvinnene lov til å springe 1500 meter. Men det var fleire som ville springe mykje lenger.
Holmenkollstafetten i 1973 er eit tidsskilje. Der var ikkje kvinneklasse, men Gerd von der Lippe og Ingrid Ellingsen stilte opp med mannlege pseudonym.
Dei andre på laget var menn som ønskte merksemd kring EF-striden. Laget vart diska og fråteken stafettpinnen midtvegs, men fullførte likevel.
Demonstrasjonen hadde mykje å seie for at det i 1975 kom eiga kvinneklasse.
Same året starta Grete Waitz ( 1953 – 2011) si karriere. Like etter kom Ingrid Kristiansen (1956 -). Dei norske friidrettsjentene hadde med dette verdas største løparprofilar som førebilete.
Ultraløparen Therese Falk frå Hareid har den nordiske rekorden i 24 timars løp - med 261, 170 km tilbakelagt i løpet av eit døgn. Mottoet hennar er «Løp som ei jente!».
Kjelder:
- Løseth A. m.fl, Friidrettstoppar på Sunnmøre – frå etterkrigstid til i dag, Årbok for Sunnmøre 2024, Sunnmøre historielag og Viti.
- Søvik m. fl, Sportsklubben Herd 1932 til 1952, Øens prenteverk, Førde 1957
- Idrettslaget Norodd 50 år: 1929 – 1979 Per Todal, Idrettslaget Norodd 1979
- Sunnmørsposten 01.02.1957
- Holmenkollstafetten.no

Ingvil Eilertsen Grimstad
Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie
917 69 356 / ingvil@vitimusea.no