Sofa som byggesett
Formstøyping med armering
Omkring 1970 vart teknikken med kaldskum støypt på rørrammer introdusert. Sykkylvsbedrifta Sandella var sentral i introduksjonen av teknikken i Norge. Den gjorde det mogleg å framstille ryggputer og vangar som med enkle handgrep kunne monterast til seteramma.
Tidlegare var sofaene bygde på sofarammer med bakrygg trekte med stoff på begge sider. I tillegg var det puter med stoff på begge sider. Dette var arbeidskrevjande og førte til høgt stofforbruk. Formstøyping med armering i kaldskummet gav god ressursutnytting. I tillegg var det eit viktig steg i industrialiseringa av møbelnæringa. Sandella selde inn teknikken til dei fleste møbelbedriftene, og danna grunnlaget for god lønnsemd i ein stadig tøffare konkurransesituasjon. Teknikken vert framleis nytta.

Grunntanken i Columbi var å skape ein modell med vendbare puter. Han vart først lansert med vendbare ryggar i treverkskonstruksjon, men designarane i Møre Designteam (Jan Lade, Svein Asbjørnsen, Svein Leirdal) såg at Columbiryggen var som skapt for ei rørarmering, der dei støypte ryggane kunne stikkast rett ned i ramma i ein skråstilt holk.
Utstillingsmodellen vart lansert som ei sofagruppe, med tre-seter, to-seter og stol. Produsent Hjellegjerde, frå 1971.
