Kunnskap

Sofa for alle

En vintage sofa med brune trearmer og blomstermønstret trekk i beige står utstilt på et museum.
Sofa med enkel treramme frå 1930, frå P.I. Langlo.

Tre-setar sofa produsert av P.I. Langlo på Stranda i 1930. Mange av salongmøblane på denne tida var tunge med synleg treverk som hadde utskjeringar i front. Dette er ein enklare modell som vart laga for folk flest.

Frå hardt til mjukt

Norske møbelprodusentar henta formideala sine frå utlandet då dei byrja å lage stoppa salongmøblar.

Møbelprodusentar på Sunnmøre var nyskapande når det gjaldt produksjonsmåtar. Dei delte opp arbeidet og tilsette spesialiserte seg på avgrensa delar i møbelframstillinga. Møbelformgjevinga var meir imiterande enn eksperimentell, men dei fekk fram rimelege produkt som fann vegen til mange norske heimar i ei tid då den norske forbruksvareindustrien opplevde auke i etterspurnaden. Dei som var i arbeid fekk betre råd, og meir fritid som kunne nytast i komfortable møblar.

Eldar Høidal

Eldar Høidal

Avdeling kunst og design: Førstekonservator NMF

900 18 419 / eldarh@vitimusea.no

Sofa for alle — Viti — Viti