Kunnskap

Sofa – den sosiale sitte-soga

I Møbelmuseet i Sykkylven vert det i desse dagar sparkla, måla og snikra til den store gullmedaljen. Museet har nyleg fått utvida utstillingslokala sine med eit rom på 100 kvadratmeter. Her er planen at det i åra framover skal vere skiftande utstillingar der vi kan setje fokus på ulike tema i møbelhistoria. Det har vore eit ønskje for Møbelmuseet i mange år å få meir rom slik at vi kan få vise fram ein større del av den rike møbelsoga enn vi har høve til i den faste utstillinga «Ver så god sitt.»

En maler i gul vernedrakt står på stige og maler en vegg med limegrønn og hvit dekor.
Frivillige møbelvenner legg ned ein stor innsats i klargjeringa av dei nye utstillingslokala. Her er Ole Vedvik i gang med å måle veggen i rommet som dei siste åra har vore yogastudio. (Foto: Eldar Høidal.)

Den første utstillinga som skal vere i det nye rommet, har arbeidstittelen «Sofaens historie». Alle har eit forhold til sofaen. Her kan familie og venner samlast til hyggeleg lag, her kan ein strekkje seg ut til ein velfortent middagslur, her kan ein kroe seg under eit pledd og kose seg med ei god bok, eller rett og slett berre sitje rett opp og ned og sjå på TV.

Sofaen har utvikla seg mykje opp gjennom dei siste hundre åra, både i utsjånad og når det gjeld oppbygnad. For nokre tiår sidan var det eit tidkrevjande arbeid å lage ein sofa. Sete og rygg var bygd opp med sadeljord i botnen av ei treramme, så vart spiralfjærer festa på sadeljorda og surra saman i sete og rygg, deretter vart det ført på lag på lag med stopping før sofaen vart gjort ferdig og trekk vart sydd på – alt skjedde for hand. Eit viktig skifte skjedde kring 1970 då dei byrja med formstøying av kaldskum. Då kunne dei byggje opp sofaen av formstøypte puter i sete og rygg som vart kopla saman med metallholkar, trekka var maskinsydde og raskt dregne over sete og rygg.

To personer i svarte gensere monterer hvite takplater mellom trebjelker i et rom under oppussing.
Reno Egset og Bjørn Hemmingsen i PU-fabrikken, monterer takplater der lysspottane skal festast. (Foto: Eldar Høidal.)

Av utsjånad kan ein sofa vere så mangt – vi har sjeselongar som er sofa for ein person, vi har tosetarar og store bogesofaer som fyller halve stova, vi har harde sofaer og mjuke sofaer, sofaer for venterom og sofaer for heimekos.

Vi ønskjer å vise fram dei viktigaste utviklingsstega i den norske sofahistoria i utstillinga som skal opne 20. juni – men først skal det målast og snikrast ei stund til.

Eldar Høidal

Eldar Høidal

Avdeling kunst og design: Førstekonservator NMF

900 18 419 / eldarh@vitimusea.no

Sofa – den sosiale sitte-soga — Viti — Viti