Kunnskap

Snø og forventingar, eit minne frå jula 1967

Minnet kan vere litt upåliteleg, særleg om ting som ligg godt attende i tida. Med støtte frå gamle fotoalbum og innhenta opplysingar frå førre generasjon, så trur eg at det eg no skal fortelje stemmer, i store trekk.

Jula 1967 var eg fem år, og vi budde på garden hos besteforeldra mine på Ålvundeid på Nordmøre.

Heile hausten hadde vore regnfull og mild. Det vesle som hadde kome av snø var reist, og det var grått og trist på julafta føremiddag.

Den utvida storfamilien var samla til feiring. Forventinga til kvelden var sjølvsagt stor, men det var på ein måte noko viktig som mangla når markane låg brune og berre.

Eg hadde likevel eit ørlite håp om at snøen skulle kome. Det var blitt merkbart kaldare siste døgnet,og det låg eit tynt lag med rim på bakken. Spora etter bestemor som hadde vore i fjøset, var kvite. Dersom det no berre kunne kome litt nedbør, så ville vi kanskje få ei kvit jul likevel! 

Eg gjekk stadig bort til vindauget og såg. Til sist tok eg på meg støvlane og gjekk ut. Lufta var kald, og himmelen var blå. Det var ikkje eit snøfnugg å sjå, men det var som om eg kunne lukte at noko var i emning.

Eg gjekk inn att og sette meg til å knekke nøtter i lag med to av onklane mine, medan vi las i julehefta. Det var Tuss og troll, Smørbukk, Knoll og Tott, Stomperud, og endåtil Tarzan!

Bilde av tre barn som sitter i en julepyntet stue med juletre og pakker.
Spennande med julegåver og julehefte. Søster Laila, eg og onkel Øyvind. Foto Privat

Plutseleg ropte yngste onkelen min, Øyvind, som berre var sju år eldre enn meg, og peikte ut vindauget. - Sjå! Det snør!

Og det stemde. Store, mjuke snøfiller kom dansande ned. Vi kunne ikkje lenger sjå huset til tante Aslaug og onkel Trygve som låg 150 meter lenger nede.

I løpet av ein liten time vart verda kvit, og eg fekk masa meg til å springe ut att. Eg hadde på meg finskoa, og dei var superglatte i dei fem centimeterane med nysnø.

Eg sprang ned og henta søskenbarnet mitt, Arne-Jon, og saman galopperte vi i yr glede innetter vegen medan vi glefste etter snøfnugga som kom sakte dalande. Først etter nesten ein kilometer snudde vi heim att. Våte, kalde og glade kom vi inn og sette oss i sofaen med julehefta. Bestemor kom med kakao.

Seinare på ettermiddagen kom jordmor-Marit, søskenbarnet til bestemor, køyrande i den nye, oransje folkevognbobla si.

Ho hadde akkurat bytta ut den gamle mopeden, den kvite pottehjelmen og blomane på styret med ein meir tidsriktig doning. No parkerte ho midt på tunet og kom inn i all si velde. Frodige, fantastiske Marit! Ho prata høgt, og ho lo høgt. Det var alltid fest og moro rundt Marit. 

Ettermiddagen og kvelden gjekk fort. Ribba, og bestemor sine kjøtbollar vart fortærte. Etterpå gjekk vi rundt juletreet og song alle dei kjende julesongane.

Da vi kom til Å jul, med din glede, måtte skøyaren bestefar sjølvsagt, tradisjonen tru, neie når alle dei andre bukka, og omvendt. 

Da gåvene skulle pakkast opp, fekk Onkel Jostein ein diger kopp, og Marit ein bitte liten kaffikjel i kopar. Det måtte dei sjølvsagt lage eit nummer ut av! Sjølv fekk eg mellom anna ein plastbåt og ei lommelykt.

En kvinne holde en liten lekekjele og later som hun heller noe i kaffekoppen til en mann som sitter ved siden av.
Marit og onkel Jostein leiker med julegåvene. Foto Privat

Da det nærma seg midnatt, skulle Marit køyre heim att. Men da ho kom ut, såg ho ikkje bilen. Det var berre ein stor snøhaug midt på tunet.

Karane måtte ut med spade og feiekost, og fekk etter kvart greve bilen fram. Marit sette seg inn, og jammen greidde bilen å brøyte seg gjennom ein halv meter lett og luftig snø. 

Det fortsette å snø gjennom heile natta, og da eg vakna første juledag var det nærare ein meter snø på flat mark. Frukosten vart slukt, og så hang eg i hælane til onklane mine på tur ut i skogen.

Det var ei heilt ny verd der ute. Trea stod kvite og snøtunge, og det var nesten ingen lydar å høyre. Vi stilte oss under trea og sparka i stammen så vi nesten forsvann i snømengdene som velta ned. Mellom trea var det spor etter småfuglar, mus og ekorn.

Da vi kom fram på eit av dei slake berga som kransar garden, fann onkel Jostein på at dei skulle prøve å kaste meg ned. Som tenkt, så gjort. Han løfta meg over hovudet og kasta meg nedover.

Eg hugsar berre at eg forsvann ned i ei kvit, kald dyne, og følte at eg vart kvelt. Det gjorde ikkje saka betre at dei andre kom sklidande ned berget og velta enno meir snø over meg. Eg fekk ikkje puste, og eg kjende kor panikken tok meg.

Så kjende eg nokre sterke hender som tok tak i meg og drog meg opp. Det heile tok berre nokre få sekund, men eg hadde fått nok snø for denne gongen, og ville inn att.

Elles gjekk juledagane fort. Andre Juledag var det «fiskarfest» på bedehuset. Der fiska vi pakkar ut frå eit mørklagt rom med fiskestenger av rognekjeppar, og eit snøre med ein bøygd spikar i enden. Av og til fekk vi ein sko eller ein kost på snøret. Da fekk vi prøve på nytt. 

Eg har ikkje så mange andre klare minner frå desse dagane, anna enn at det heldt fram med å snø heile jula. Og at katten kom dragande med ein stor hare ho hadde greidd å fange!

På nyttårsaftan var vi alle samla att, og det sterkaste minnet frå den dagen er då søstera mi greidde å svi hòl i buksebaken til onkel Arnfinn med eit stjerneskot! 

Snøvêret heldt fram i vekevis, og etterjulsvinteren 1968 blir, av oss som er komne litt opp i åra, framleis hugsa som den store snøvinteren på Nordmøre!

En kvinne og to barn står foran et hus som såvidt er synlig over toppen av en høy kant av snøv.
3 Januar 1968. Vi ventar på bussen. Eg, mamma og Laila. Foto Privat
Jan Kåre Blindheim

Jan Kåre Blindheim

Avdeling kulturhistorie: Museumspedagog

905 76 774 / jan-kare@vitimusea.no

Snø og forventingar, eit minne frå jula 1967 — Viti — Viti