Kunnskap

Sjekkliste før arbeid på jugendstilhus

Forfattar: Signe Elvik Svoen, konservator

Denne artikkelen er ein del av vår «Rettleiar for jugendstilarkitektur». Rettleiaren består av fleire delar, og alle inneheld verdfull informasjon for dei som arbeider med eller eig jugendstilarkitektur. Du bør lese alle delane for å få best mogleg utbyte.

Lær om kva du må undersøke før du gjer arbeid på jugendstilhus ved å bla deg vidare nedover, eller undersøk andre tema i rettleiaren vår ved å nytte linken nedanfor.

Apotekergata i Ålesund Foto: Tony Hall / Viti

Sjekkliste før arbeid på jugendstilhus

Før ein set i gang med tiltak på eldre bygningar, er det visse ting ein er nøydd til å undersøkje. Kva som er lov å gjere og kva som må ha særskilt godkjenning, er avhengig av alderen på bygningen, plasseringa, nærmiljøet, kulturhistorisk verdi osv.

Denne delen vil derfor ta for seg ulike spørsmål og forhold som det kan vere nødvendig å undersøkje før du set i gang med planlegginga.

Vi gjer merksam på at denne rettleiaren er meint å vere nasjonalt dekkjande, og han vil derfor ikkje gå i detalj om lokale forhold. Dersom du har spørsmål om dette, vil vi rå deg til å ta kontakt med kommunen eller lokale fagpersonar.

Kva for generelle planar og reguleringar må eg ta omsyn til?

All verksemd som gjeld bygg og eigedom i Noreg, er regulert av plan- og bygningslova. I tillegg er alle eigedommar dekte av ei eller anna form for regulering gjennom regional-, kommune- eller reguleringsplanar.

Kvar ein finn informasjon om reguleringa av eigedommen, varierer frå kommune til kommune. Dei fleste kommunale nettsider gir god rettleiing om kvar du kan finne informasjon, og korleis du skal tolke regelverket. Der kan du òg finne kontaktinformasjon til byggjesakskontoret i kommunen og andre relevante avdelingar.

Kva inneheld dei ulike planane?

Les meir

Regionalplanar gjeld på fylkesnivå. Dei kan omfatte heile fylket, delar av fylket eller ta opp meir avgrensa tema for heile eller delar av fylket.

Kommuneplanar skal ta utgangspunkt i regionalplanane og gå meir i detalj om kva slags utvikling som er ønskt i den aktuelle kommunen.

Det varierer kor detaljerte kommuneplanane er, men alle skal ha eit plankart som definerer kva for ein bruk ulike område skal ha, og eit tilhøyrande skriv med forklaringar og føresegner.

Reguleringsplanar er dei mest detaljerte planane. Dette er lokale planar som gjeld for eit avgrensa område.

Omfanget av ein reguleringsplan kan variere, og han kan dekkje alt frå ein bydel til eit konkret byggjeprosjekt. Planen gir detaljerte reguleringar om byggjehøgder, storleikar, utforming og bruk.

Ikkje alle område har reguleringsplanar, og det vil då vere opp til lokale styresmakter å vurdere tiltaket ut frå regional- og kommuneplanar, i tillegg til det nasjonale lovverket.

Er bygningen SEFRAK-registrert?

I perioden 1975–1995 blei det gjennomført ei registrering av alle bygningar i Noreg som var bygde før 1900, med unntak av Finnmark, der alle bygningar bygde før 1945 blei registrerte. I dag blir alle desse bygningane rekna som så gamle at den offentlege forvaltninga skal vere spesielt merksam på kva som blir gjort med dei.

SEFRAK-registeret er altså ikkje ei verneliste, men skal fungere som eit varsko til forvaltninga om å vere ekstra merksam. Det finst òg mange andre lister som har same funksjon som SEFRAK, men dei er i hovudsak lokale lister. Kulturminne som er registrerte på slike lister, blir kalla listeførte kulturminne. Mange av desse kulturminna er òg blitt verna i lokale planer i seinare tid.

Dei fleste jugendstilbygningar i Noreg er bygde på byrjinga av 1900-talet. Det inneber at dei i utgangspunktet ikkje er SEFRAK-registrerte.

Det finst derimot nokre jugendstilbygningar som er avmerkte i dette registeret. Det kan for eksempel vere i bymiljø der bygningane har ein spesiell verdi, slik som i Ålesund. Det kan derfor vere lurt å kontrollere registeret sjølv om bygningen er bygd etter 1900.

Kva betyr dei ulike merka?

Les meir

Gul merking betyr at bygningen i utgangspunktet ikkje er tillagt spesielle restriksjonar, men at kommunen må bestemme om det er behov for ei vurdering av verneverdien før dei kan vurdere ein søknad om endring eller riving.

Raud merking betyr at det er ein meldepliktig bygning. Dette gjeld alle bygningar bygde før 1850. For slike bygningar er det lovfesta i § 25 i Kulturminnelova at kommunen gjere ei vurdering av verneverdien før ein søknad om endring eller riving kan behandlast.

Grå merking betyr at ein bygning i SEFRAK-registeret er riven eller står att som ein ruin. Det vil seie at grå trekantar som står oppå ein eksisterande bygning, markerer at det tidlegare har stått ein SEFRAK-registrert bygning på denne staden, men at denne bygningen er fjerna.

Kva gjør eg når bygningen er SEFRAK-registrert?

Les meir

Dersom bygningen din er merkt av i registeret, må du sørgje for å snakke med kommunen før du gjer tiltak på bygningen. Dette gjeld også tiltak som vanlegvis er unnatekne frå søknadsplikt.

Kommunen må så bestemme om det er behov for ei vurdering av verneverdien og eventuelt kva for krav som skal stillast til tiltaket og søknaden.

Er bygningen verna?

Før du set i gang med eit tiltak, er det viktig at du undersøkjer om bygningen er verna, og eventuelt kva slags vern som gjeld for din eigedom og den konkrete bygningen. Kva som er lov å gjere, kan variere frå eigedom til eigedom. Du kan derfor ikkje berre gå ut frå at du får lov til å gjere det same som naboen.

Mange jugendstilbygningar er dekte av ei eller anna form for vern i lokale planar. Dette kan vere konkret vern av individuelle bygningar eller meir generelt vern gjennom ei omsynssone.

Kva inneber vern av individuelle bygningar?

Les meir

Nokre bygningar har høg verneverdi sjølv om dei ikkje er freda. I slike tilfelle kan bygningen vernast gjennom lokale planar.

Verna bygningar er som regel viste i temakart for bevaring i kommunale planar. Der er det vanleg at bygningane har fått ulike kodar som definerer graden av vern. Desse kodane kan variere frå kommune til kommune.

Individuelle verna bygningar kan òg definerast i ein regional verneplan. Desse bygningane blir av og til viste i kart og andre gonger i ei liste. Kva for eit vern som gjeld for dei individuelle bygningane, er ulikt, og du må derfor setje deg godt inn i kva som gjeld for din bygning.

Kva inneber vern gjennom omsynssone?

Les meir

Vern gjennom omsynssone har som formål å sikre heilskapen i eit område. Det vil seie at sjølv om din bygning ikkje er verna i seg sjølv, må du kanskje ta omsyn til strenge reglar om kva du får lov til å gjere med og rundt han.

Vern gjennom omsynssone gjeld i hovudsak utvendige forhold, og i de fleste tilfella vil det ikkje ha noko å seie for kva du kan gjere på innsida av bygningen. Det er likevel lurt alltid å undersøkje dei konkrete reglane for omsynssonen og eventuelle andre reguleringar for eigedommen, same om endringane er innvendige eller utvendige.

Er bygningen freda?

Når eit kulturminne er freda, vil det seie at det har så høg kulturhistorisk verdi at ein ønskjer å bevare det mest mogleg intakt for ettertida.

Freding er ein demokratisk prosess der eigaren, kommunen, fylkeskommunen og andre som saka gjeld, skal få tid og høve til å bli høyrde. Dette er derfor ofte ein tidkrevjande prosess, og det kan ta lang tid før det blir gjort eit vedtak om freding. Freding er regulert i kulturminnelova.

Jugendstilbygningar kan vere freda dersom dei er rekna som spesielt verdfulle for lokal, nasjonal eller internasjonal historie. I Ålesund er det for eksempel ti freda jugendstilbygningar. Desse bygningane skal representere særpreget og breidda i Ålesund sin jugendstilarkitektur.

Kva inneber dei ulike fredingsstatusane?

Les meir

Pågåande fredingssak vil seie at det går føre seg ein prosess med sikte på å frede kulturminnet. Vernet av kulturminnet begynner allereie frå den stunda prosessen startar, og undervegs må alle tiltak avklarast med fylkeskommunen.

Mellombels freding vil seie at det er blitt gjort eit hurtig vedtak fordi kulturminnet er trua. Fredinga gjeld så lenge kulturminnet er trua, eller til det er gjort ei vurdering om det er aktuelt for permanent freding eller ikkje.

Vedtaket blir så anten oppheva eller avløyst av eit endeleg vedtak om freding. Alle inngrep i eit kulturminne som er mellombels freda, krev dispensasjon frå fylkeskommunen.

Vedtaksfreda vil seie at kulturminnet er freda gjennom vedtak. Alle tiltak som ikkje gjeld normalt vedlikehald, er avhengig av dispensasjon frå fylkeskommunen.

Er bygningen del av eit freda kulturmiljø?

Nokre utvalde område i Noreg er freda som kulturmiljø. Det vil seie at det ikkje er dei individuelle bygningane som er freda, men området som bygningane høyrer til i.

I slike område er det strenge reglar knytte til utsida av bygningane, men det kan òg vere tilfelle der reglane også kan gjelde innsida og bruken av bygningane. Det er derfor svært viktig at du kontrollerer kva for reglar som gjeld for ditt område før du gjer endringar.

Kva for kulturmiljø er freda i Noreg i dag?

Les meir

Birkelunden kulturmiljø, Oslo

Bygdøy kulturmiljø, Oslo

Havrå kulturmiljø, Hordaland

Henningsvær kulturmiljø, Nordland

Kongsberg Sølvverk kulturmiljø, Buskerud

Levanger kulturmiljø, Nord-Trøndelag

Neiden kulturmiljø, Finnmark

Ny-Hellesund, Vest-Agder

Skudeneshavn kulturmiljø, Rogaland

Sogndalstrand kulturmiljø, Rogaland

Sør-Gjæslingan kulturmiljø, Nord-Trøndelag

Utstein kulturmiljø, Rogaland

Tinfos kulturmiljø, Telemark

Er tiltaket søknadspliktig?

Det er ikkje alle tiltak som er søknadspliktige. I det nasjonale lovverket er det opna for at ein mellom anna kan byggje mindre uthus, garasjar, tilbygg og terrassar utan å søkje, under føresetnad av at dei følgjer bestemte rammer om storleik og plassering. Dette unntaket er derimot avhengig av at tiltaket ikkje er i strid med andre reguleringar.

Mange jugendstilbygningar er verna eller plasserte i ein omsynssone, og fleire av desse tiltaka vil då vere søknadspliktige. Derfor er det svært viktig at du alltid kontrollerer reguleringa av eigedommen og snakkar med kommunen eller med andre fagpersonar dersom du er usikker.

Kan eg stå for tiltaket og søknaden sjølv?

Det er ikkje sjølvsagt at du har høve til å utføre arbeidet sjølv. Det er heller ikkje gitt at du kan søkje om tiltaket sjølv. Når du skal søkje, finst det ulike typar søknader for ulike typar tiltak.

Byggjesøknadar kan delast i to hovudkategoriar – søknad utan ansvar og søknad med ansvar.

Søknadstypar

Les meir

Søknader utan ansvar gjeld tiltak som blir rekna som så enkle at dei kan søkjast om og gjennomførast av personar utan spesiell kompetanse.

Søknader med ansvar gjeld tiltak som i seg sjølv er komplekse eller skal gjennomførast på bygningar som er så komplekse at ein må ha spesiell kompetanse for å kunne ta ansvar for søknaden og arbeidet. Slik kompetanse kostar pengar, og det er derfor lurt å undersøkje kva som gjeld for ditt tiltak tidleg i planlegginga.

Kvar kan eg søkje tilskot?

For mange vil eit tilskot til istandsetjing og vedlikehald av eit kulturminne vere avgjerande for å kunne gjennomføre arbeidet.

Det er viktig å vere obs på at søknadene kan vere omfattande og ikkje noko som kan skrivast dagen før fristen. Du må òg vere merksam på at mange av ordningane krev ein viss eigendel.

Det er avgjerande at du planlegg i god tid og undersøkjer kva for krav og reglar som gjeld for den tilskotsordninga du vil søkje. Nokre av ordningane er spesialiserte, og det kan derfor vere lurt å undersøkje fleire ulike ordningar og finne den som passar best for ditt tiltak.

Det finst mange ulike stader der du kan søkje om tilskot i Noreg. Dei best kjende er dei offentlege tilskotsordningane gjennom fylkeskommunen og Kulturminnefondet. Du kan òg søkje om tilskot frå kommunar og private stiftingar og fond.

Søknadsprosessen kan ta tid, og det kan vere lurt å få hjelp av personar som har erfaring med eller spesiell kompetanse på slike søknader.

Det går også an å delta på kurs for tilskotssøknader. Slike kurs blir ofte arrangerte av lokale fortidsminneforeiningar eller andre interessegruppe for kulturminne. Det finst også ei rekkje gode rettleiarar på nettet.

Meir frå Rettleiaren

Sjekkliste før arbeid på jugendstilhus — Viti — Viti