Sengehalm og sjøvatn

For folket langs kysten av Sunnmøre danna vinterfisket etter torsk grunnlaget for å berge seg gjennom året som skulle kome. Slik også på Nordøyane: «På sjøen henta dei kontantane til livsopphaldet», skriv Olav Fjørtoft i fiskarsoga for Haram.
Uvisse knytt til kva det neste året ville bringe, prega også juleskikkane på gardane, som til dømes skikken med fiskevatn:
Karl Rogne, fødd i 1873, fortel at i skyminga på julekvelden vart ei bøtte med sjøvatn, fiskevatn, boren i hus. Vatnet vart slege over i to krusfat, som vart plasserte i omnskråa i stova, der dei skulle stå over natta.
Første juledag stod alle opp klokka fire om morgonen, og samla seg kring langbordet. Etter at faren i huset hadde lese julebøna og dei hadde sunge verset «Et lidet barn så lystelig» tre gonger, vart fata med fiskevatn plasserte på bordet.
Plasseringa var ein seremoni i seg sjølv: Ho måtte gjerast stilt og roleg, så vatnet ikkje vart skipla. Samstundes måtte fata stillast opp med same kompassretninga som dei hadde stått i gjennom natta. I vatnet danna det seg ørsmå bobler av luft. Og det var desse boblene som varsla det komande vinterfisket:
«Alle stirde med forvitne i fati, for alle hadde interesse av å få ei vitring på, kor vinterfiskja ville verta», skriv Karl Rogne.
Ut i frå mengd og kor på fata luftboblene samla seg, kunne born og vaksne sjå om det vart mykje fisk, og kva for ei retning fisken kom inn mot kysten frå. Der boblene var flest og låg tettast på fata, der kom tyngda av fisk til å vere. Samla dei seg på nordsida, var fisken ventande inn frå nord, og om dei låg nede på botnen, tydde det at fisken kom til å stå djupt.

Ein annan skikk knytt til første juledag, gjekk ut på å sjå korleis kornhausten kom til å bli det neste året:
Når dei på julekvelden bar inn halm i stova for å reie til flatsengene, dryste det gjerne litt korn ned på golvet.
Om morgonen første juledag, etter at dei hadde studert fiskevatnet i fata, skulle ungane leggje seg på kne under langbordet for å leite etter korn. Fann dei rikeleg med feite korn, vart det eit godt år. Lettkorn tydde magert og ringt år, og få eller inkje korn bad bod om svartår eller uår.
Nokre gonger slo teikna til, andre gonger ikkje, «som det jamt plar gå med slike vipre, eller påhitt», avsluttar Karl Rogne.
Av: Ivar Gunnar Braaten, historikar.