Scandinavian design

Designsofa frå 1950-åra
Gerhard Berg var ein av dei nyutdanna designarane som introduserte det lettare møbeluttrykket som kom til å prege 1950- og 1960-åra. Her viser vi Gerhard BergsNorsefor L.K. Hjelle, frå tidleg i 1960-åra.

Frå 1950-åra og framover vart den norske møbelmarknaden meir eksponert for internasjonal konkurranse. Bedrifter med eksportambisjonar etablerte kontakt med profesjonelle designarar som gav form til modellar med eit klarare særpreg. Stilretninga Scandinavian design prega nordisk etterkrigsdesign. Stilen var karakterisert ved slanke og organiske linjer. Det vart slutt på spiralfjører, istaden kom dei flate nosagfjørene (bølgefjører), plastband, skumgummi og skumplast. Møblane fekk eit smekrare og lettare uttrykk.
