Samlingane
Viti samlar inn, dokumenterer, tek vare på, forskar og formidlar materielle- og immaterielle kunst- og kulturminne, med særleg vekt på Sunnmøre. Gjennom dette skal museet skape interesse for kulturhistoria og for auka kjennskap til visuell kunst/andre visuelle uttrykksformer, folkemusikk og -dans og andre kulturminne.
Vi arbeider kontinuerleg med å gjere samlingane tilgjengelege for publikum, og publiserer objekta våre på Digitalt Museum.

Bevaring og innsamling
Viti samlar inn gjenstandar for å dokumentere og formidle kunnskap om korleis livet på Sunnmøre har arta seg til ulike tider, og korleis samfunnet vårt har utvikla seg fram mot i dag. Samlingane speglar eit stort mangfald av levde liv. Magasina våre rommar både gjenstandar, fotografi, arkiv og kunstverk.
Samlingane våre er i kontinuerleg vekst. Innsamling skjer etter ein eigen innsamlingsplan.
Gåvetilbod til samlingane
Har du noko du vil tilby som gåve til museumssamlingane våre?
Send ein e-post med informasjon og foto til oss: samling@vitimusea.no