Kunnskap

RIG PILOT - 50 år

Et rødt forsyningsskip ved navn Rig Pilot ligger ved siden av en oljeplattform i urolig sjø.
Rig Pilot vart bygd som ein såkalla AHTS. Desse båtane var bygde for å handtere ankersystem for oljeplattformane, slepe og i tillegg fungere som supplyskip. Foto: ConocoPhillips/Norsk Oljemuseum


RIG PILOT: Første norskbygde offshorefarty til norsk reiar!

12. desember 2022 er det nøyaktig 50 år sidan Rig Pilot vart overlevert frå Voldnes skipsverft i Fosnavåg til reiarlaget Sandøy Supply i Brattvåg. Dåpen fann stad ti dagar tidlegare, på Skateflukaia i Ålesund. I eit surt desemberver knuste gudmor Hjørdis Uksnøy sjampanjen mot skutesida. Den hustrige gjengen på kaia visste at dei var vitne til ei historisk hending, men dei visste ikkje kor mykje dette skulle bety for landsdelen.

Rig Pilot var det første norskbygde offshorefartyet som vart tinga av ein norsk reiar. Både verft og reiarlag var frå Sunnmøre, og begge partar hadde bakgrunn i fiskeria. Hendinga markerer også gjennombrotet for Møre og Romsdal som det viktigaste fylket i offshoreskipsfarten i Norge, og etter kvart også i verda. Uksnøy bestilte seks båtar, fire frå Voldnes og to frå Bolsønes verft i Molde.

På dette tidspunktet, i 1972, begynte ting å skje. Oljeproduksjonen i Nordsjøen hadde kome i gang i 1971, og reiarar, skipsverft og skipsteiknarar hadde begynt å orientere seg i den nye marknaden. Ved overleveringa av Rig Pilot var fleire av verfta i fylket i gang med offshoreprosjekt: på Aukra Bruk, Ulstein, Hatlø og Bolsønes i Molde. Snart kom fleire.


Ein god match
Gerhard Voldnes AS var eitt av landets største private fiskerikonsern. Sidan etableringa i 1918 hadde konsernet bygd seg opp med mellom anna sildeoljefabrikkar i Honningsvåg, Fosnavåg og Måløy. I 1962 bygde Voldnes også skipsverft i Fosnavåg, som ei avdeling under Gerhard Voldnes AS. Det gjekk godt. I løpet av 1960-talet vart det bygd ti nybygg ved verftet. Føresetnadene var såleis gode for å ta på seg nye og større oppgåver. Firmaet hadde kapital, og her var tekniske anlegg og erfarne fagfolk og arbeidarar.

Lars Uksnøy (f. 1918) frå Harøya hadde sidan 1933 eigd ei rekke fiskebåtar.Uksnøybåtane var av dei største og mest moderne i den norske havfiskeflåten. Fiskebåtreiarlaget hadde følgt godt med på utviklinga. Utover 1960-talet vart ringnotbåtane stadig større, og det var klart at det måtte verte færre av dei. Strengare regulering av kvotene i fiskeria spelte også inn. I følgje Uksnøy var oljerelatert verksemd «Et nytt alternativ for fiskerne i tider med restriksjoner og råstoffmangel.» Vidare meinte han at arbeidet på offshorefartya ikkje var så ulikt det fiskarane var van med. Dei hadde god røynsle med det urolege livet på sjøen og kunne handtere kompliserte operasjonar.

Nytt skipsdesign
Fiskebåtane hadde også eigenskapar som passa i offshorearbeidet i Nordsjøen. Foreløpig var det ingen som hadde bygd slike i Norge. Skipsdesignarane Lars Aage Eldøy i Fiskerstrand og Eldøy i Ålesund og Oddbjørn Farstad i Skipskonsulent i Bergen hadde fulgt utviklinga i Nordsjøen med stor interesse. No ville dei teikne ein båt som høvde til forholda og operasjonane i Nordsjøen. Dei såg etter samarbeidspartnarar, og det skulle helst vere nokon med trygg økonomi og visjonar. Eldøy hadde kjent Lars Uksnøy i mange år, og meinte han var rett mann.

Research
Lars Uksnøy viste seg å vere interessert, og han og Eldøy reiste til det hollandske verftet Pattje for å finne ut korleis slike skip såg ut. Pattje i Hoogesand i Nederland var det europeiske verftet som tidleg på 1970-talet leverte flest offshorefarty. På turen hadde dei også med seg Sigbjørn Akselvoll frå Langsten Skip & Båtbyggeri. Langstenverftet leverte sitt første offshoreskip, Nenny supplier, i november 1973, og er i dag ein del av Vard-konsernet.

Følgjet frå Møre hadde sett korleis dei amerikanske offshoreskipa såg ut. Dei norske reiarane Fred Olsen & Co, Wilhelmsen Offshore og Bugge Supply i Tønsberg hadde tidleg tinga båtar frå amerikanske Mangone Shipbuilding i Houston. Amerikanarane hadde lang erfaring med oljeverksemd i Mexicogolfen. Dei første offshorebåtane i Nordsjøen var amerikanske, eller svært like dei amerikanske. Det første norskeigde offshorefartyet, Sea Pearl, var bygd ved nettopp Mangoneverftet i Houston, for Bugge Supply i Tønsberg. Sea Pearl var ein typisk representant for desse første skipa. Historikar Svein Johan Hasund Kollen har peika på at Møre og Romsdal var først ute med å satse på lokale verft til bygging av offshorefarty. Dei andre vestlandsregionane søkte mot Nederland og Tyskland for å bygge slike båtar.

Det første norskbygde offshorefartyet vart bygd ved Båtservice Verft AS i Mandal, men då på oppdrag frå det tyske reiarlaget “Hansa”. Markusturm vart levert i oktober 1972.

Etter Pattje reiste følgjet frå Møre på synfaring til Stavanger, der dei også vart med eit amerikansk supplyskip ut i Nordsjøen. Erfaringane dei gjorde seg munna ut i nokre prinsipp som dei meinte ville gje ein meir høveleg båttype enn dei «amerikanske». Skroget under vatn skulle vere mykje likt fiskebåtane, der skulle vere to hovudmotorar, kvar på 2000 HK, fribordet skulle vere større, der skulle vere to propellar, to ror og baugpropell. Skipet skulle dessutan også ha isklasse.

Båten og klynga
Rig Pilot vart bygd som ein såkalla AHTS. Desse båtane var bygde for å handtere ankersystem for oljeplattformane, slepe og i tillegg fungere som supplyskip. Båtane var mindre spesialiserte enn dagens båtar. Rig Pilot var 57 meter lang, hadde motorar på 2980 KW og 495 bruttotonn. Den avanserte båten trengde mykje utstyr, og dermed vart også dei lokale utstyrsleverandørane med på offshoreeventyret. Vripropellanlegg og propelldesign kom frå A.M. Liaaen i Ålesund. Baugthruster kom frå Brødrene Brunvoll Motorfabrikk AS i Molde. Vinsjar og dekksmaskineri kom frå Hydraulik Brattvåg og I.P. Huse. Styremaskin kom frå Tenfjord mekaniske verkstad. Hydraulik Brattvåg og Tenfjord mekaniske er i dag ein del av Kongsberg Maritime. Navigasjonsinstrumenta kom frå AS Elektronikk i Ålesund, ekkolodd og naudkommunikasjon frå Nesset skipsradio, seinare Alfred Nesset. Denne lista viser både at ein i regionen allereie hadde gode utstyrsleverandørar, og at desse no fekk moglegheita til å etablere seg i den nye marknaden.

Dramatisk seglas og flyktningehjelp
Tor Ylving var den første skipperen på Rig Pilot. Det var godt med oppdrag dei første åra, og båten utførte mellom anna fleire store slepeoppdrag av plattformar og rør.

Hausten 1977 vart Rig Pilot avissak. Skipet, med kaptein Kjell Longva, skulle frakte ein styrelaus og brannherja tankbåt frå Curacao i dei Vestindiske øyar til Hong Kong. Rundt Kapp det Gode håp vart dei ramma av orkan, og tankbåten sleit seg med to av matrosane frå Rig Pilot, Rolf Kastevold og Ole Molvær, om bord. Det gjekk bra med dei to, men uveret fortsette og slepet sleit seg gong på gong. Mannskapet måtte utføre svært risikable operasjonar for å feste det igjen. Utanfor kysten av Vietnam møtte dei ein spinkel farkost som lak som ei sil. Om bord var det 12 vietnamesiske flyktningar. Dei hadde vore ute på havet i seks døgn, og var gått tom for proviant. Flyktningane, sju av dei barn, vart redda og tekne om bord. Etter tolv dagar kunne dei gå i land i Hong Kong. Då hadde mannskapet vore 164 døgn på sjøen. Dette vart langt i frå den siste operasjonen for å redde båtflyktningar. I dag er ein av Uksnøy sine båtar, Geo Barents, på fast oppdrag for Leger uten grenser i Middelhavet. 11.12.2022 frakta båten 248 båtflyktningar til Salerno i Italia. 

Ein museumsgjenstand blir spiker
Allereie i 1977 vart både Rig Pilot og søsterskipet Rig Sailor selde til China. Då var desse første norskbygde offshorefartya rekna for å vere for små for arbeidsoperasjonane i Nordsjøen. Dei vart i ein periode nytta som Standby båtar ved oljeplattformene, og var mellom anna med på redningsarbeidet under Bravoutblåsinga på Ekofiskfeltet i april 1977.

I 2016tok Tor Arne Leine initiativ for om mogleg å redde pionerskipet Rig Pilot. Robert Voldnes, etterkomar etter Gerhard Voldnes og siste daglege leiar i Voldnes skipsverft AS, var interessert i å ta vare på skipet som museumsgjenstand. Båten vart spora opp ved eit kinesisk opphoggingsverft. Men det var for seint. Gjennom eit spleiselag klarte dei å sikre seg nokre få gjenstandar frå skipet: Skipsklokka og ein propell frå Liaaen. På skipsklokka kan ein sjå namnet på skipet inngravert, og året 1972. Skipsklokka vart vist fram under oljemessa i Stavanger. Resten av Rig Pilot vart til spiker.

Søsterskip i djupet
Det tredje offshoreskipet som vart levert frå Voldnes til Sandøy Supply, Rig Chief, fekk ein annan lagnad. I mars 1978 grunnstøtte skipet på Skåretreboen, på Sletta nord for Haugesund. Alle dei elleve om bord vart redda. Det har vore gjort fleire forsøk på å finne skipet, både rett etter forliset og seinare. Det har ikkje vore mogleg å finne att. Truleg har skipet blitt vippa av skjeret, og ved hjelp av luftlommer har det drive nordover, og sidan ned i djupet.

Verdsleiande
Utviklinga av offshoreflåten har halde fram. Den siste ankerhandteringsbåten som vart levert frå eit verft i Møre og Romsdal, til reiarar i Møre og Romsdal, var Island Victory. Skroget vart bygd i Tulcea i Romania og vidare utrusta ved Vard Brevik og Vard Langsten. Reiarlaget var det ulsteinbaserte Island Offshore. Båten er 123 meter lang, har ei motorkraft på 27 520 KW og 11362 bruttotonn. Båten er ein rugg samanlikna med dei fleste tilsvarande farty i dag. Likevel er det eit bilete på det som har skjedd sidan desemberdagen i 1972 då Rig Pilot, på 495 bruttotonn, var klar for oppdrag for Sandøy Supply.


Litteratur:

  • Bakka, Dag jr.: Offshoreeventyret del III. De første forsyningsskip, «Skipet», nr 3, 2007
  • Bakkevig, Erik: «Skipsforlis gjennom tidene. Fra Skudefjorden til Bømlahuk», 2003
  • Eldøy, Lars Aage: Oddbjørn Farstad, Rolv Rørhus og Olav Fure. Første norskbygde supplyskip til norsk reiarlag, «Årbok Norsk oljemuseum 2008»
  • Kollen, Svein Johan Hasund: «Fremveksten av offshoreskipsfarten på Vestlandet 1970-2010», e i
  • Historie, Universitetet i Bergen, 2020
  • Skandinavisk småskipsfart.
  • Sunnmørsposten, www.nb.no

Takk til Robert Voldnes, Øystein Uksnøy og Roger Svinø.

Et rødt forsyningsskip med norsk flagg seiler på havet med fargerike vimpler langs masten.
Rig Pilot. Levert frå Voldnes skipsverft til Sandøy Supply 12. desember 1972. Foto: Viti
Ingvil Eilertsen Grimstad

Ingvil Eilertsen Grimstad

Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kulturhistorie

917 69 356 / ingvil@vitimusea.no

RIG PILOT - 50 år — Viti — Viti