Kunnskap

Primstav og vårjamdøgn

En lang, smal primstav i tre med utskårne symboler og runekalender ligger på hvit bakgrunn.
Primstav. Foto: Mirjam Vikestrand / Sunnmøre museums samlingar

I førkristen tid tok vinterhalvåret i Noreg til 14. oktober, med månaden Gor:

14. oktober vart feira med ofringar for eit godt år.Midtvinters vart rekna til 14. januar, og var den førkristne jula. Då vart det ofra for fred, ein god vinter og for grøda. Sommarhalvåret tok til 14. april. Datoen var «Sigerblòt»; då helste ein på sommaren, og primstaven vart snudd.

Med kristendomen vart kyrkjelege høgtider lagt til desse dagane. Etter kvart kom kalenderåret i bruk, først den julianske, og seinare den gregorianske.Primstaven baserte seg på den julianske kalender, og etter at denne vart erstatta med den gregorianske i 1700, vart primstaven ikkje lenger brukande i same grad som før. Likevel vart den nytta også utover på 1800-talet, som påminning om dei årvisse oppgåvene innanfor jordbruk og fiske. 

Å skjere hakk i ein stav var ein vanleg måte å halde greie på dagane på. På Sunnmøre vart ringforma vêrstavar nytta. Då Noreg vart eige erkebispesete i 1152, er det truleg at kristne symbol vart flytta over på runestaven.1 På den måten kunne dei halde greie på påske og pinse, og på bevegelege heilagdagar.

Ordet «primstav», kjem av «prim»: «nymåne».

Det gjaldt å slå fast «prima luna», altså vårjamdøgn 21. mars, då dag og natt er like lange, så hadde ein også oversyn over resten.

Etter kvart vart primstaven sterkare knytt til den daglege rytmen i det førindustrielle tilværet: I Sør-Noreg var det til dømes slik at«Knut med ljåen» (10.juli) varsla at tida no var inne for å gå i gang med slåtten. Avlinga skulle vere i hus til Mikkelsmesse (29. september.) Dermed bidrog primstaven til å halde orden på dagane, før almanakken tok over.

Det var vore knytt mange truer og skikkar til merkedagane, ikkje minst vêrteikn.Mellom anna heitte det at slik vêret var vårjamdøgnet, 21. mars, slik skulle det også vere til Jonsok.2

En lang utskåret trepinne med runer og dekorative mønstre er inngravert på den brune overflaten.



Av: Ivar Gunnar Braaten, historikar.

Primstav og vårjamdøgn — Viti — Viti