Kunnskap

Per Inge Bjørlo

Glas, jord, eld

Det er ein eld i Per Inge Bjørlo (f. 1952) sin kunst. Han nærer ein brennande intens og kompromisslaus dedikasjon til kunsten. Som kunstmuseum held vi fana høgt for kunstens grunnleggjande verdi for samfunnet. Derfor er vi svært glade for å kunne gi Bjørlo sin kunst ein heim denne vinteren, når vi fyller alle tre etasjane i KUBE, og spisestova i Jugendstilsenteret, med utstillinga «Glas, jord, eld».

Tittelen på utstillinga peikar mot kjernen i Bjørlo sin kunst. Glas er eit av dei føretrekte materialvala hans. I produksjonsprosessen går glas frå flytande masse til fast form. Så lett som ingenting kan det knusast og få ein svært trugande framtoning. Glaset sin omskiftelege karakter er òg til stades i eit vindauge, som både kan gi utsyn til verda og innsyn i private rom.

Enkeltmennesket si tid her på jorda er ei subjektiv erfaring. Ho er all tid for den einskilde, men inga tid i den store samanhengen. Vi er alle ein del av det store krinsløpet. Gjennom kunsten evnar Bjørlo å ta for seg dei menneskelege opplevingane som ein kan erfare, mellom liv og død. Kunsten hans er høgst personleg, men òg allmenn.

Elden har sett sine spor i Bjørlo sin kunst både konkret og metaforisk. Elden viser til våre oppfatningar og våre drivkrefter, og han er det som fører oss gjennom tilværet. Han er både øydeleggjande og livgivande på same tid, og har vore med i tilbliinga av fleire av kunstverka til Bjørlo.

Det er under paraplyen til desse tre orda, glas, jord og eld, vi møter utstillinga i Jugendstilsenteret og KUBE. Utstillinga inneheld både eldre og heilt nye kunstverk, og ho speglar Bjørlo sitt liv frå oppveksten i Spjelkavik i 1950- og 60-åra og fram til no.

Vegen mot kunsten

På ei steppe ein stad i Midtvesten i USA i 1969 sit ein seksten år gamal Per Inge Bjørlo. Han har rømt frå heim og familie i Spjelkavik. Ferda går først til New York, før han får jobb som gardsgut i Sør-Dakota. Innsikta om at problema han flyktar frå, også følgjer han til det nye kontinentet, kjem raskt. Kroppen er til stades i dei nye omgivnadene, men hovudet er igjen i gamlelandet.

Etter eit halvt år returnerer han. Vel heime tek han opp fotballen. Under ein kamp pådreg han seg ein svært alvorleg hovudskade. Med Bjørlo sine eigne ord: «Der låg eg, bevisstlaus i tre veker. Eg hadde mist språket, måtte byrje på nytt. Så kom «helsevesenet» med ein stor rull av gasbind, som var samansydd av nevrologisk, psykiatrisk, og sosialmedisin, og tulla meg inn. Der låg eg i halvtanna år, så byrja dei å rulle meg ut igjen. Det tok fire år før eg var heilt utrulla».[1]

Det er i løpet av denne tida Bjørlo oppdagar krafta i kunsten. Han søkjer seg mot den. Viktige personar på vegen er Einar Aarø ved Borgund Yrkesskule, Elif Amundsen, Asbjørn Brekke og Zinken Hopp i Bergen, Povl Christensen i Danmark og seinare samvær med medstudentar i Ludvig Eikaas-klassen ved Akademiet i Oslo. [2] Bjørlo forklarer denne ferda som ei oppleving av å finne fram til ein ny familie, kunstfamilien. [3]

Dei tidlege verka

I 1980 debuterer han under Høstutstillingen med verket Helsing til Abeba, som viser eit portrett av ei kvinne og inskripsjonen «Opphev innvandringsstoppen». Bakgrunnen for verket er ei pågåande nyhendesak om dei vanskelege forholda til papirlause flyktningar i Noreg.[4] Dette verket vitnar tidleg om Bjørlo sitt samfunnsengasjement både som menneske og som kunstnar.

Det store gjennombrotet kjem med utarbeidinga av installasjonen Indre rom I, som blei vist ved Henie Onstad Kunstsenter i 1984. Her fyller han eit heilt rom i kjellaren med gummi, alt frå bildekk til matter brukte i sprengingsarbeid og gummispon, ting som han har samla opp gjennom mange år. I tillegg inkluderer installasjonen åtte monumentale linoleumssnitt i svart og kvitt. Med dette verket etablerer Bjørlo seg som ein pioner innanfor installasjonskunsten i Noreg.[5]

Dette er det første i en serie på fem installasjonar, Indre rom I–V, som Bjørlo lagar fram mot 1990-åra. Dei kommenterer alle menneske sitt indre med utgangspunkt i kunstnarens eigne erfaringar. Materiala han bruker – gummi, metall, speglar, glas og 1000 watts lyspærer – gir sterke sanseinntrykk og skaper ei kjensle av ubehag, klaustrofobi og angst hos dei som går inn i installasjonane. Romma gir tilskodaren stort kroppsleg og mentalt sjølvmedvit. Bjørlo lagar slike rom til Daad-galleriet i Berlin i 1986, Veneziabiennalen i 1988 og museet Louisiana i 1989.

Den siste installasjonen i serien, Indre rom V (1990), er den einaste av dei fem som framleis eksisterer, og han kan i dag opplevast på Nasjonalmuseet i Oslo. I 2013 skaper Bjørlo eit sjette verk i serien for Ekebergparken i Oslo: Indre rom VI – Livsløpet. I dei indre romma utforskar han både individuelle og kollektive opplevingar. Dei er sterkt ladde med hans eigne kjensler gjennom skapinga, samtidig som vi som publikum legg våre eigne kjensler og reaksjonar inn i opplevinga av kunstverka. Dette gir ei dobbel oppleving av kunsten til Bjørlo.

Familien

I samband med dei indre romma har Bjørlo henta fram opplevingar frå oppveksten sin i Spjelkavik.[6] Og det er nettopp denne evna til å hente fram og bruke personlege erfaringar og minne frå eige liv til å skape grensesprengjande kunst som er sentral i Bjørlo sitt virke.

Som Festpillkunstner i 1991 fyller Bjørlo Bergen kunstforening (no Bergen Kunsthall) med ei svært personleg forteljing. I motsetnad til dei indre romma er verka i denne utstillinga meir direkte. Dei fire monumentale romma med installasjonar inkluderer skulpturar og måleri. I romma portretterer han nære relasjonar: bestemora, faren, mora og seg sjølv. Uttrykka i portretta gir lite rom for tvil om tilhøvet til personane som er portretterte. Frå ei til dels open bestemor til ein mørk far og ei endå mørkare mor, og så til sonen, han sjølv – ei til ein viss grad fortald historie. Arv og generasjonar er kjernen i verket, og utstillinga har denne dedikasjonen: «Til bestemor, mitt opphav, den industrielle revolusjonen og den gode arven».

Bjørlo sin oppvekst i Spjelkavik er ikkje av den enkle sorten. Han veks opp i ein utrygg og alkoholisert heim, og frå den situasjonen finn han sin eigen veg i livet og i kunsten. Per Hovdenak skildrar Bjørlo sine omgivnader i Spjelkavik slik:

«En «bygdeby» som mange andre, innhentet av etterkrigsårenes ubønnhørlige, Gerhardsenske, fremskrittspolitikk, med industri, velstand og dertil oppløsning av århundregamle tradisjoner og verdier. Et samfunn hvor velstanden var den pene overflaten, og skjul for dramatiske brytninger og sprengte skjebner. Og hvor det meste var overlatt til Per Inge Bjørlos generasjon å finne ut av og finne forsoning til. Representantene for tiden før industrialiseringen, Per Inge Bjørlos besteforeldregenerasjon, stod som trofaste forsvarere av verdier og kvaliteter fra den gang. Foreldregenerasjonen opplevde presset fra «gamle tider» og fra det nye. Noen tålte ikke trykket, og fant fluktveier inn i uvirkelighet».[7]

Når ein går inn i utstillinga i Ålesund i 2023, møter ein verka Mor – meg ... (2015) og Meg – far ... (2019), som er portrettskildringar av nære relasjonar. Forholdet til opphavet vårt er ein allmennmenneskeleg realitet, og her ligg også eit stort rom for tolking i møtet med verka i utstillinga.

Industrikultur

I Hønefoss har Bjørlo funne sin heim i vaksenlivet. Langt frå opphavsstaden på Vestlandet evnar han å setje livet i perspektiv, og det er etter at han kjem hit, at kunstnarkarrieren hans skyt fart i 1980-åra. Oppveksten i Spjelkavik gir han sterke band til industrikulturen, og dette bandet finn han på ny i Hønefoss. Han byrjar tidleg å byggje opp eit nettverk med industrien i Hønefoss ved å samle inn gummi til Indre rom. Etter kvart inngår han eit nært samarbeid med Follum Fabrikker, der han også etablerer eit atelier. Materialtilgangen han får der, er avgjerande for uttrykket i kunsten hans dei følgjande åra. Og bruk av restane frå industrien er ein gjennomgåande tematikk i heile kunstkarrieren hans.

For Bjørlo utløyser desse materiala ei spesiell kjensle. Dei ber med seg spor etter samfunnet og kulturen knytt til industriarbeid, noko som han er velkjend med og set stor pris på.[8] I fleire av dei tidlege utstillingskatalogane hans er samarbeidspartnarane i industrien takka ved namn for det nære samarbeidet. Ein del av Bjørlo sine verk er også industrielt produserte. Eit viktig samarbeid har vore med Deform AB i Sverige, som gjorde det mogleg å produsere nokre av dei store stålskulpturane han har laga til offentlege rom. Seks av desse skulpturane, verket Alexis (1998), er vist i Oslo Lufthavn. Dei består av syrevaska åtte millimeter tjukt rustfritt stål, sandblåst med olivinsand frå Sunnmøre.[9] Skulpturane representerer avanserte industrialiserte produksjonsprosessar, som er skapte i nært samarbeid med ingeniørar, matematikarar og fysikarar.

Gjennom 2000-talet lagar han ei rekkje større skulpturelle arbeid i metall, som pressar materiala til sine ytterpunkt i samarbeid med industrien. Desse offentlege arbeida er ved første blikk meir nøytrale i framtoninga, men går du til dømes nærmare inn på titlane, blir dei knytte opp mot det personlege og kjenslemessige. Om den litt seinare skulpturen Gener (2016), som er plassert i byparken i Ålesund, seier han til dømes: «Skulpturen er ein hyllest til menneska som ikkje heilt har fått det til i livet. Dei skakkøyrde, som har ei anna innsikt og livserfaring som det er viktig å lytte til for oss alle. Særleg i vår tid når samfunnet er prega av at alt skal vere så greitt og lettvint.»[10]

Kunstnarisk utforsking

Dei tidlege verka til Bjørlo er heilskaplege installasjonar som omsluttar deg når du trer inn i dei. Dei er ofte blitt til gjennom utmattande prosessar. Til dømes i framveksten av dei tidlege grafiske verka er teiknet på at verket er ferdig, at han fell utmatta saman over arbeidet etter å ha brukt opp alle sine fysiske krefter.[11] I seinare tid går han i større grad over til mindre omfattande objekt og installasjonar som publikum blir stilte overfor.[12]

Med utstillinga «Forteljing frå lukt og lyd / ikkje visst om eg vil meir? ...» frå 2008, ser vi ein kunstnar som tydeleg har eit mål om å vidareutvikle det kunstnariske uttrykket sitt. I forordet til utstillingskatalogen frå Kunstnernes Hus blir Bjørlo omtalt som ein kunstnarens kunstnar, som har opparbeidd stor respekt i fagmiljøet.[13] Her blir òg forskjellen mellom dei tidlege verka frå 1980-årta og dei samtidige verka forklart: «[...] hans visuelle karakter har blitt mer detaljert og nyansert. Atmosfæren er ikke lenger generell; en trussel i luften, en blanding av aggresjon og depresjon, desperasjon og håp. Følelsene hans nyere arbeider fører med seg, er mer spesifikke. De utstråler fra komposisjoner med forskjellige typer tetthet og variasjoner i overflatens taktilitet og rytmiske pulseringer. Lyset er vekselsvis gjennomborende og intenst eller mykt og rolig»[14]. Vekta ligg på den kunstnariske utforskinga som kjem til syne i verka.

Verk av denne typen finn vi òg i den store midtkarrieremarkeringa av Bjørlo sin kunst ved Henie Onstad Kunstsenter i 2011 – staden der karriereløpet byrja. Utstillinga består i stor grad av nye verk, mellom anna Bornesenga (2011) og Vaksensenga (2011), hovudverk frå Bjørlo si hand som òg er med i årets utstilling i Jugendstilsenteret og KUBE. Kurator for utstillinga på Henie Onstad Kunstsenter, Caroline Ugelstad, omtaler verka i utstillinga som forteljande i tittelbruken og abstrakte i form.[15] Det sjølvbiografiske aspektet er framleis tydeleg og sentralt, og materialet og verkemidla han nyttar for å skape dei, resonnerer med tidlegare verk. Samstundes utstråler verka i aukande grad ei formell utforsking av hans eige kunstnariske uttrykk.

Den personlege historia vil alltid vere til stades som ein nødvendig og naturleg del av Bjørlo sin kunst, men heile vegen har han lagt like stor vekt på det allmenngyldige. Det monumentale verket Blomar til mor (2014–2017) kan lesast inn i ein slik samanheng, for dei fleste har ein eller anna gong gjort ei slik handling, gitt ein blome til mor vår. Verket blir vist for første gong her i Ålesund, og det utgjer ein sentral akse i utstillinga, som dei andre verka orienterer seg rundt. Blomar til mor er laga samtidig med utstillinga «Hode ved hode» ved Munchmuseet i 2017. Der blir Bjørlo sett i samanheng med kunstnarane Lena Cronqvist og Edvard Munch. Også den utstillinga er sett saman av større og mindre enkeltverk som ein heilskapleg installasjon, der romma også inneheld Munch sine verk.

Installasjonen Og såra veks i oss alle ... (2019) som første gong blei vist under Teiknebiennalen i Kunstnernes Hus, og som no er ein del av Jugendstilsenteret og KUBE si samling, er òg ein installasjon av denne typen. Bjørlo held også ein sjølvpresentasjon med same tittel i Kunstnernes Hus i denne perioden. Dette innblikket er å rekne som ein takk frå han til kunstfeltet, som er så viktig i livet hans. Her gir han eit svært sjenerøst innsyn i eige liv og virke, og han oppfordrar sterkt kunstfeltet til ikkje å misse kunstens verdi for samtida av syne. Blant dei siste orda i presentasjonen er desse: «Vi må korrigere, alle må korrigere seg sjølve. Korrigere tida. Kvar for oss er vi hjelpelause. Men saman kan vi gjere noko for å forbetre avstanden som lett oppstår».[16] Bjørlo er ein meister til å nå ut til det enkelte mennesket gjennom den kompromisslause kunsten sin.

Utstillinga i Jugendstilsenteret og KUBE vinteren 2023–24 presenterer ei rekkje enkeltverk, både eldre og heilt nye, som er nøysamt sette saman til ei større forteljing som inviterer oss inn i kunsten. Og som Bjørlo sjølv seier: «Kunsten er den største metafor, og forståing til innsikt for oss alle.»[17]

Det er snart 20 år sidan Bjørlo si første soloutstilling i Ålesund, «Tvilens perspektiv. Samtalar 1», i Jugendstilsenteret. I eit av verka skapt til denne utstillinga, Velkomen heim (2004), gjer han den staselege spisestova i Jugendstilsenteret om til eit fysisk sinnsbilete, der serveringstøy er bytt ut med sylkvasse glasbrot som skyt opp av ein kvit duk av filt. Verket finst i samlinga til museet og er sett opp att som ein del av utstillinga. Med få, men uttrykksfulle verkemiddel aktiviserer Bjørlo potensialet som ligg i rommet sine stadeigne kvalitetar.

Varmen i tittelen, og kulden som oppstår gjennom materialvalet, fører til at rommet balanserer på ei knivsegg. Tittelen viser mot ei sjølvbiografisk lesing med tanke på fødestad og familieforhold. Samtidig peikar spisestova sin romlege karakter mot borgarskapet si vektlegging av fasade, der mykje blir halde skjult innanfor heimen sine vegger. Allment kan Bjørlo si fortolking av rommet gi konnotasjonar til den nervøsiteten og spente stemninga som ein kan kjenne i formaliserte møte mellom menneske.

I KUBE sin monumentale hovudsal ligg verket Blomar til mor (2014–2017). Med ei breidde på om lag seks meter dannar verket ei rose i alle regnbogens fargar, plassert på ei seng av gummispon. Når ein ser nærmare etter, kjem det fram skarpe metalspissar som stikk gjennom glasflater, og som minner oss om at ei rose også har tornar. I same rommet finn vi serien av teikningar med tittelen Mor, du er så vakker i dag (2008–2014), som viser ei ung kvinne i brudestas, og serien Du er så død i dag mor ... (2008–2014), som skildrar ei eldre kvinne på sitt siste under sjukeleiet.

Vi er alle fødde av ei mor, og dette faktumet bind oss saman. Det er både ei allmenngyldig og ei personleg erfaring. Det som kjem ut av Bjørlos bearbeiding av eigne personlege opplevingar, blir også eit uttrykk for solidaritet med andre. For barn kan ugras vere den vakraste blomen, medan roser, spesielt i raudt, blir assosiert med romantisk kjærleik. Det å gi blomar til eit menneske du bryr deg om, er eit ritual, med meining. Men ein kan aldri heilt vite om og korleis omsorga ein gir frå seg, blir gitt tilbake.

Dette er det andre stadbundne verket som Bjørlo har laga for Jugendstilsenteret og KUBE. Det første er verket Velkomen heim, (2004) som utspeler seg i den staselege spisestova. Det andre er verket Klasseskiljet (2018–2023), ei omforming av eit verk frå 2018, tilpassa det som tidlegare er bankkvelven i Norges Bank, men som no er ein av salane i museumsbygget KUBE. Begge desse verka tek for seg klasseskilje i samfunnet. Der Velkommen heim er meir subtil, er Klasseskiljet direkte og utfaldar seg i eit rom som tidlegare oppbevarte pengar og gjenstandar av høg verdi. Verket rører ved spørsmål om makt og det å heve seg sjølv over andre.

I KUBE sin andre etasje møter vi eit rom som i høgste grad viser dei kunstnariske og menneskelege utprøvingane som Bjørlo står i akkurat no. Kunstverka reflekterer pågåande prosesser i atelieret hans og vitnar om ein kunstnar i stadig utvikling. Det er ei krevjande øving å stå ansikt til ansikt med alle desse enkeltverka i eitt og same rom. Heile rommet er sett i rørsle, og merksemda står i høgspenn. Denne vibrasjonen kan overførast til den kaotiske samtida. Såleis kan ein dra parallellar til tidlege verk, der Bjørlos sterke samfunnsengasjement kjem tydelegare fram. Og det er nettopp det å få fram denne kjensla som er meininga med samanstillinga. Kanskje ein først blir paralysert av mengda av inntrykk, men om ein tek seg tid til å ta verka inn over seg, kjem detaljane fram. Med tid og vilje kan ein utforske kva ein kan uttrykkje innanfor kunsten.

På ei seng av stål ligg ein spinkel skapnad og veivar med armane. I nærleiken kan ein skimte metallstrukturar, ikledd tekstilar og speglar. Nettopp valet av tekstilar gir verket eit mjukt tilsnitt og peikar mot tittelen på denne installasjonen, Bornesenga. Bjørlo framstiller den nyfødde som ei ferskvare, full av forhåpning og framtid. Samtidig understrekar han det uunngåelege slaggstoffet i slektskapet, som genetikk og situasjon.[18] Verket dreg opp ei linje, ei linje frå byrjinga, som peikar ut vegen vidare i livet, gjennom systema som utgjer samfunnet: skulen, politikken, religionen med meir. Det er som ein kan kjenne det sårbare hos barnet på senga, der det ligg der einsamt i livet. Når ein går inn i rommet, tek ein del i verket, og spegelen set eige opphav og eigne erfaringar i perspektiv.

Vaksensenga er sett saman av ein benk av stål omringa av speglar på alle kantar. Over heng ei prismekrone lyst opp av ei 1000 watts pære. Verket har ein klar parallell i installasjonen Klasseskiljet. Dei same prisma er brukte, truleg som symbol på borgarskapets til tider overflatiske livsførsel. Å vere i ei slik seng er ein maredraum. Lyset i krona kan vere eit symbol på sjølve livet, som krev full merksemd. Det er store variasjonar i det einskilde mennesket sine evner til å meistre livet som vaksen. Speglane rundt senga peikar på narsissistiske trekk. Dei kan òg referere til våre nære – dei som speglar oss i kvardagen – og som betyr mest for oss og vår eiga sjølvkjensle.

Fire svart-hvite abstrakte portretter henger på hvite vegger i et minimalistisk gallerirom med gråt.
Parkinsonportrett (1-3), 2021. Sinnsbilete (1), 2021. © Per Inge Bjørlo/BONO. Foto: Marius Beck Dahle/ Viti.

Gjennom enkle og velkjende material gir Bjørlo nok eit innblikk i private rom i denne serien med tre Parkinsonportrett. Gjennom kunstnarskapet har Bjørlo ofte teke tak i sjølvportrettet som uttrykksform. Sjølvportretta er som ei kartlegging av eigen sinnstilstand og eiga tolegrense. Dei er gjorde over omrisset av kraniet hans og utgjer alt frå daglege skisser og mindre arbeid til hovudverk. Desse tre sjølvportretta syner livet hans med sjukdommen Parkinson. Arbeida i dette rommet blir ytterlegare forsterka i møtet med dei andre verksgruppene i utstillinga. Og kanskje aller mest i møtet med dei nyaste verka, som viser ein kunstnar som stadig er i fordjuping og utvikling.

Sanninga består av tolv teikningar som reflekterer Bjørlo sine personlege erfaringar. Omrisset av ein person som er i helsevesenet si forvaring, kjem tydeleg fram. Den same skikkelsen er gjennomgåande i alle teikningane. Du ser han i ein sårbar posisjon, åleine på eit bord, angripen av fuglar eller i samvær med menneske. Teikningane er ordlause, men ikkje tause. Tittelen fortel at dei ber med seg ei sanning, men kva denne sanninga inneber, blir opp til kvar enkelt. Som Vigdis Hjort skriv om Bjørlo sine verk: «Verkenes sannhetsverdi ligger i den virkning de har på betrakteren. For å finne ut hvorvidt de er sanne, er det ikke nødvendig å konsultere kunstnerens biografi, det er nok å konsultere sitt hjerte.»[19]


[1] Per Inge Bjørlo, «– og såra veks i oss alle ...», foredrag i Kunstnernes Hus 12.1.2019, frå 8:55 min

[2] Per Hovdenakk, «Bibliografi», i Bjørlo, red. Poul Erik Tøjner og Torsten Bløndal, Herlof Hatlebrekke & Edition Bløndal, 1991, s. 88

[3] Per Inge Bjørlo, «– og såra veks i oss alle ...», foredrag i Kunstnernes Hus 12.1.2019, frå 9:50 min

[4] Caroline Ugelstad, «Indre og ytre rom», i Per Inge Bjørlo, PAX Forlag 2012, s. 20

[5] Øystein Ustvedt. Ny norsk kunst. Etter 1900, s. 87

[6] Caroline Ugelstad, «Indre og ytre rom», i Per Inge Bjørlo, PAX Forlag 2012, s. 14

[7] Per Hovdenakk, «Bibliografi», i Bjørlo, red. Poul Erik Tøjner og Torsten Bløndal, Herlof Hatlebrekke & Edition Bløndal, 1991, s. 88

[8] Caroline Ugelstad, «Indre og ytre rom», i Per Inge Bjørlo, PAX Forlag 2012, s. 20

[9] Caroline Ugelstad, «Indre og ytre rom», i Per Inge Bjørlo, PAX Forlag 2012, s. 49

[10] Solfrid Vartdal, «Hyller det sårbare», Sunnmørsposten 15.3.2017. Henta frå: www.smp.no/kultur/i/4zEz5V/hyller-det-sarbare (lese 7.9.2023)

[11] Caroline Ugelstad, «Indre og ytre rom», i Per Inge Bjørlo, PAX Forlag 2012, s. 23

[12] Gunnar Danbolt, Frå modernisme til det kontemporære. Tendensar i norsk samtidskunst etter 1900, Det Norske Samlaget 2014, s. 236

[13] Geir Harald Samuelsen, «Forord», i Forteljing frå lukt og lyd / ikkje visst om eg vil meir?..., red. Trine Gilmyr og Maaretta Jaukkuri, Kunstnernes Hus, 2008, s. 5

[14] Maaretta Jaukkuri, «Lyden og luktens former», i Forteljing frå lukt og lyd / ikkje visst om eg vil meir?..., red. Trine Gilmyr og Maaretta Jaukkuri, Kunstnernes Hus, 2008, s. 25

[15] Caroline Ugelstad, «Indre og ytre rom», i Per Inge Bjørlo, PAX Forlag 2012, s. 54

[16] Per Inge Bjørlo, «– og såra veks i oss alle ...», foredrag i Kunstnernes Hus 12.1.2019, 51:40 min

[17] Per Inge Bjørlo, «– og såra veks i oss alle ...», foredrag i Kunstnernes Hus 12.1.2019, frå 12 min

[18] Per Inge Bjørlo, «– og såra veks i oss alle ...», foredrag i Kunstnernes Hus 12.1.2019, 15:20 min

[19] Vigdis Hjort, «Åh, familien!», i Hode ved hode. Cronqvist, Bjørlo, Munch. Kunsten og livet, red. Kari J. Brandtzæg, Munchmuseet og Uten tittel 2017, s. 91

Solfrid Otterholm

Solfrid Otterholm

Avdeling kunst og design: Kurator

977 71 815 / solfrid@vitimusea.no

Benedikte Holen

Benedikte Holen

Adm. og leiing: Avdelingsdirektør kunst og design

976 81 666 / benedikte@vitimusea.no

Jugendstilsenteret og KUBE

Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund

Jugendstilsenteret og KUBE er eit kunstmuseum som ligg i hjartet av Ålesund sentrum.

Per Inge Bjørlo — Viti — Viti