Pelsdyrnæringa på museum?

Frå 2025 er det forbode å halde pelsdyr i Noreg. Historia til pelsdyrnæringa viser korleis internasjonale motetrendar påverkar oss på Sunnmøre.
På byrjinga av 1900-talet førte den store etterspurnaden etter pels på verdsmarknaden og i motehusa til utviklinga og etablering av næringa.
Dei siste tiåra har den store motstanden mot bruk av pels, ført til at pels ikkje lenger er ein del av motebildet, med påfølgande nedgang i etterspurnad, reguleringar av næringa og forbod.
I dag er det andre element som pregar motebildet, og kva vi som forbrukarar ser på som symbol på materiell rikdom og velstand.
Korleis påverkar det oss her på Sunnmøre? Kva spor kan vi finne etter desse trendane regionen?
Pelsdyrnæringa - ein del av kulturarven
På Sunnmøre er pelsdyrdrifta avvikla. Pelsdyrgardane, reiskapar og arkiv, den materielle kulturarven, likeeins kunnskapen pelsdyrbøndene har opparbeida seg gjennom generasjonar, den immaterielle kulturarven, vil snart forsvinne. Bygningane, spora i landskapet på Sunnmøre, vil verte borte.
Forsking og formidling
Viti skal ta vare på, forske i og formidle materiell og immateriell kulturarv frå denne næringa, som har vore ein del av sunnmørsk og norsk si historie i over 100 år.
På Sunnmøre starta næringa tidleg og det har vore mange som har drive med pelsdyr. Det er viktig for oss å dokumentere denne næringa, både gjennom foto og film, intervju og innsamling av gjenstandar og arkiv.
Våren 2023 starta vi dokumentasjonen av pelsdyrgardane på Øye, med film, drone, foto og intervju av bøndene. Her har det vore drive med pelsdyr i 97 år samanhengande. No er næringa avvikla og dei siste gardane vert rivne i år.
Les også artiklane
Statskonsulent og pelsdyrforkjempar
Sjå filmen “Fur farming – from fashion to prohibition” Presentert av Viti på konferansen til ICOM (International council of museums) hausten 2023.






