Nye impulsar
For nokre tiår sidan kom mykje av nyskapinga innan sofadesign frå designarar og produsentar. Det var stor variasjon i uttrykket, og rom for eksperimentering både i materialbruk og formgjeving. Dei siste åra har tilsynelatande breidda i sofauttrykket smalna inn. Dette har samanheng med endringar i møbelomsetjinga. Få, store møbelkjeder tek seg av størstedelen av møbelsalet. Kjedene satsar på møblar dei er sikre på treff dei breie kjøpargruppene.
Nokre designarar har kome med tilsvar til denne einsrettinga av møbeldesignet. Dei har vend seg til marknaden for offentlege møblar, kontraktsmøbelmarknaden, der det vanlegvis er arkitektar som avgjer kva som skal kjøpast inn. Også private kundar har fått auga opp for variasjonen i møbelutvalet som finst, mellom anna i nisjebutikkar for designvarer.

HAL
Sofaen HAL vart teikna av designarfellesskapen Norway Says for L.K. Hjelle i 2003. Dette var ein periode der det internasjonale designfeltet vende seg mot eit forenkla formspråk.
HAL kom til som ein formleik der sofaen er danna av to element som slektar på kvarandre.
Det enkle bøyleunderstellet som dreg linjene frå sofaen ned mot golvet, var også ein del av tidsånda og tanken om det forenkla designet.
