Kunnskap

Nissemaska

- Er det du, farmor? Han sa ikkje orda høgt, men tanken pressa på inne i han. Sikker var han ikkje, der han stod midt på stovegolvet i den mørkeblå, nye cordfløyelsdressen sin. I døropninga stod ein maskekledd skikkelse og spurde om å få kome inn.

Kunne det vere ho? Den vesle, godhjarta bestemor hans? Ho som serverte himmelske, varme potetkaker med smør og sukker til kvelds.

Ho som alltid gjekk i småblomstra kjolar, og rulla opp det grå håret sitt med rosa og gule hårrullar. Som smilte så varmt gjennom kjøkkenglaset kvar gong han sette frå seg sykkelen ved trappa når han kom på besøk. Kven andre kunne det vere?

Høgda stemte, og ho var ikkje å sjå verken borte i daglegstova eller i bestestova, der resten av familien var samla. At det var sjølve julenissen, den tanken hadde han lagt bort for godt. Berre småborn trudde på slikt. Han, som nyleg hadde fylt åtte år, forstod at julenissen ikkje fanst på rett.

På skulen hadde dei snakka mykje om julekvelden, med gåver og nissebesøk, og han hadde gledd seg like mykje som dei andre. Då det banka på døra julekvelden og nissen kom inn ville han gjerne spele med, late som han var spent, flire og tøyse. Men det var noko som hindra han. Den maska!

Nissen som stod i stova og gjorde seg til hadde på seg ei maske som fekk det til å vrenge seg i han. Den ekle, raudbrune ansiktsfargen, og den underlege, raude munnen som hadde stivna i eit skeivt smil bak eit sjuskete kvitt skjegg. Ei raud topplue av krepp-papir over to svarte, opne augeholer.

Han stod stiv på golvet. Ville ikkje kome nær, ville sjå ein annan veg. No sa skikkelsen namnet hans. Han såg raskt bort på maskefjeset, før han vende blikket mot stovegolvet, gjekk tre steg, og tok imot pakken som vart rekt fram mot han. Han kjende inga glede, ensa knapt at han hadde ei gåve i handa. Det einaste han greidde å tenke på var den ekle nissemaska.

Historia om nissemaskene i Noreg
Skikken med julenissemasker i Noreg starta truleg på 1890-talet. Som fleire andre juletradisjonar vi etter kvart har blitt vande til i Noreg, kom òg denne frå Tyskland.

Etter eit messebesøk i Leipzig begynte firmaet Harald Lyche & Co i Drammen å importere «Weinachtsmann»-masker, som vart selde over heile landet. Salet gjekk trått dei første åra, og med unntak av ein liten topp rundt 1914 var det først fram mot 2. verdskrigen salet tok av.

Poenget med nissemaska var sjølvsagt å effektivt skjule identiteten til nissen. Dessutan fekk maska den enkelte nisse i kvar heim til å sjå ut slik ein tenkte seg at nissen skulle sjå ut, etter førebilete frå julekorta. Men korleis avsløre nissen? Ved å tilby han noko å ete, sjølvsagt! Då måtte maska av.

Ein annan maskekledd gjest ved juletider, julebukken, kravde alltid noko å ete eller drikke. Dessutan var julebukken ein mykje meir skremmande figur enn nissen: der julenissen gav gåver utan atterhald, kravde julebukken å få gåver for ikkje å «bera jula ut».

Julebukken si maske skulle vere skremmande, helst med store horn i panna. Julenissen, derimot, skulle vere ein godsleg og venleg eldre mann.

Epilog: maskefall
Nissen hadde teke runda, og delt ut gåver til alle i rommet. No skulle han vidare, sa han med det tilgjorte målet sitt. I det nissen snudde seg for å gå mot døra fekk han i ein augneblink eit glimt av eit tøystykke med nokre små, rosa og raude blomar som stakk ut frå den store grå strikkagenseren.



Forfatta av: Torbjørn Akslen, historikar.


Kjelder:

  • Lily Weiser-Aall: Julenissen og julegeita i Norge. Oslo 1954.
Nissemaska — Viti — Viti