Naturvenen på Grønningsæter

Fjellmannen og naturvenen Børre I. Grønningsæter (1916-1975) såg at breanetrekte seg tilbake. «Ingenting har teke så hardt på dei breane eg har granska, som varmt regn», skreiv han i Norddal bygdebøker si Kultursoge.
Slik korrigerte han glasiolog Liestøl ved Norsk Polarinstitutt som meinte «det er vatn, turr luft som får isen til å smelta mest.»
«I øvre delen av Valldal har eg i haust sett upp vardar ved frontane til desse brear: Storfjellbre, Veslelangdalbre, Langdalstolbre og Trollkyrkjebre.» Børre I. Grønningsæter var i gang med bremålingar hausten 1944 etter avtale med professor Werner Werenskiold ved Geografisk institutt ved Universitetet i Oslo. Slike brev med rapporteringar om utførte oppdrag og målingar heldt han fram med i heile 30 år.
Mange av målingane han gjorde er i dag tatt inn i Noregsvassdrags- og energidirektorat (NVE) sine datagrunnlag. For Trollkyrkjebreen i Fjord kommune har NVE no datagrunnlag for breen sine endringar over 80 år. Desse fortel oss at frå 1944 til 2024 har breen gått tilbake heile 540 meter.

Oppmålingar av brear gjennom 30 år
Frå skrivebordet sitt heime på Grønningsæter i Valldalen sende han brev etter brev med oppmålingar til professor Werenskiold. Seinare sende han rapportane til Norsk Polarinstitutt. Først var breva handskrivne, etter kvart skrivne på maskin. Med nokre få opphald gjorde han dette frå 1944 – 1974.
Han varda opp isbreane, front og sider, merka vardar og markante steinar med mønje og følgde med kvar haust.
Nokre isbrear følgde han i heile perioden, som Finnanbreen ved Trollstigen, Storbreen, også kalla Veslelangdalsbreen, og Trollkyrkjebreen.
Nokre år rapporterte han også inn målingar og observasjonar frå Storfjellbreen i Steindal, Sæterskardbreen ved Djupvatnet – Geiranger og Regndalsbreen i Velledalen – Sykkylven. Sistnemnde kalla han Rånabreen etter fjellet han ligg ved.
Han innleia frontmålingar ved Kolåsbreen i Ørsta og på Breidalsegga på Grotli, men dette vart vanskeleg å gjennomføre med sykkel. I brev til glasiolog Olav Liestøl ved Norsk Polarinstitutt melde han også tilbake at han trong større honorar for ein så lang tur.

Ein kunnskapstrong utover det vanlege
Grønningsæter lærte seg engelsk, tysk og fransk gjennom Norsk Korrespondanseskole, og han tok kurs i både matematikk, fysikk, kjemi og fotolære. Etter kvart vart det geologi og botanikk han konsentrerte seg om.
Frå arbeidsbordet sitt heime fekk han kontakt med fagmiljø ved universiteta i både Oslo og Bergen. I samarbeid med den kjende botanikaren Johannes Lid ved Botanisk museum i Oslo (no Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo) samla han inn planter frå heimtraktene, men også frå Svalbard. Dette var hovudsakleg på 1940-talet.
1995 planter er i dag registrert i bionomia.net, 1651 er identifisert. bionomia.net er ein internasjonal nettportal for digitaliserte herbarium.
Eit ukjent tal plantar, både karplantar og lav, er framleis oppbevart i den lokale samlinga etter han. Samlinga inneheld også ei stor mengd bøker og tidsskrift, fleire tusen bilete og lysbilete.
Børre I. Grønningsæter lurte på mangt, og hadde sine forklaringar på merkelege naturfenomen. På 1940-talet har han fleire smånotisar i Naturen, Noregs eldste populærvitskaplege tidsskrift, utgitt av Universitetet i Bergen. Her skriv han mellom anna om «Kvifor et skjæra glaskitt?» og om ein «Sverm av Podismafrigida» - ein grashoppeart.

Det internasjonale året for bevaring av brear 2025
Brear er sensitive indikatorar for endring i klimaet, og framstøyt og tilbakesmelting er eit synleg teikn på klimaendring. Brefrontmålingar er slik ein viktig metode for dokumentasjon av klimaendringar over tid, og Børre I. Grønningsæter gjorde eit viktig arbeid i si tid.
2025 er FN sitt internasjonale år for bevaring av brear, og frå og med i år er 21. mars den Internasjonale bredagen. Initiativet kom frå Tadjikistan i Sentral-Asia, med mål om å skape engasjement og kunnskap rundt minkande brear. Håpet er at internasjonal merksemd om bevaring av brear kan få fortgang i reduksjon av klimagassar.
Kjelder:
Kleiva, Ivar. 1975. Grunn og gror. Norddal Bygdebøker. Band III Kultursoge
Kleiva, Ivar. 1976. Grunn og gror. Norddal Bygdebøker. Band IV Kultursoge
Nekrolog i Sunnmørsposten. 08.10.1975
Naturen nr. 11. 1940, nr. 9. 1944, nr. 2. 1945
Pers. med. Lars Grønningsæter. 17.02.2025.
Korrespondanse frå Børre I Grønningsæter – rapportering av brefrontmålingar, NVE arkiver
Bionomia.net: Børre I. Grønningsæter