MK Heland vert bygd

I 1936 kom det ei bestilling på ny båt hos “Einar og Arne Hellands Båtbyggeri” på Vestnes i Romsdal. Båtbyggeriet hadde bygd båtar sidan 1914, og dei som skulle ha båten var brødrene Severin A. Roald, Arne A. Roald og svogeren Olav Røssvik frå Vigra.
Båten fekk namn etter Helandsvika på Roald, Vigra, og kosta 30 000 kr då han vart levert i 1937.
Dei fekk truleg statslån for å byggje han, for etter første verdskrig var staten oppteken av sjølvberging og å auke arbeidsplassane langs kysten. Låna skulle sørge for at båtane som blei bygd kunne segle lengre ut og skaffe større fangst.

Skroget måtte vere sterkt
Båten blei kravellbygd og målte 56 fot frå stamn til stilk. Over vannlinja målte han 60 fot, på grunn av hekken. Det er store dimensjonar på stamner, kjøl og spant.
Dette var avtalt med båtbyggjaren, slik at han kunne tåle ei framtidig forlenging. Heland blei imidlertid aldri forlenga.
Sjølv om Heland blei bygd i 1937, er skroget mykje likt ein kutter frå 1910 – 1920-åra. «Den er kanskje blitt noko rundare i hekken», uttalte skipperen Severin A. Roald. Bestikklugar, bysse og egnehus var derimot «nytt» i høve dekksarrangementa på dei gamle seglkutterane.
Då Heland blei bygd, var kutterhekken på veg ut, og mange fiskarar i Møre og Romsdal skaffa seg båtar med krysserhekk. Hos Einar og Arne Hellands Båtbyggeri bygde dei begge deler på denne tida.
Diskusjonen gjekk om fordelar og ulemper. Sjøen slo nokså hardt under hekken, og om uhellet var ute kunne heile hekken bli slått inn. Det kom an på om konstruksjonen var solid nok.
Fordelen, meinte dei fleste, var at kutterhekken skapte god plass oppå til å arbeide med garn og not.
Nils Molnes har vore mannskap om bord under krigen og ei stund etterpå som mannskap under fiskeri. På spørsmål om han syntes Heland var en god sjøbåt, kunne han svare bekreftande på det.
Molnes fortalde at dei hadde vore ute for så dårleg vêr at dei fekk sjøar som gjekk godt opp på rorhuset. Dei fekk kvitt sjøen på dekk når båten krenga og resten gjekk ut gjennom svalkeportane.
Ved dårleg vær la dei båten på drift. Rak sidelengs med sjøen. Hadde passe med omstyring så dei kunne gå litt fram og bak så dei ikkje møtte sjøen med hekken eller baugen.

Rigg og rom for folk og arbeid
Riggen bestod av fokk, storsegl og mesan. Var vinden god brukte dei segl, for då låg båten stødigare. Etter kvart vart segla mest brukt dersom motoren stoppa.
Sevrin Roald har fortalt: «Dei vart mindre og mindre brukte, det var for mykje arbeid, og dei som var om bord kunne ikkje skjønne kva vi skulle med segl når vi hadde motor. Ein tenkte ikkje på å spare på olja den gongen, endå det nesten var større grunn til det enn i dag. I 1939 fekk vi 11 øre kiloen for kappa og sprekka torsk, og 11 øre literen for olje».
Under dekk var det ein forlugar med seks køyer til ei dekksbesetning på åtte. Dei to øvste køyene var to-mannskøyer. I tillegg var der lasterom, maskinrom og skipperlugar bak med 2 køyer for skipperen og maskinisten. På dekk var der styrehus, i tillegg til bysse og egnehus i same rorhuset.
Motor og fiskeriteknologi
Frå byrjinga var Heland utstyrt med ein Håhjemsmotor på 100 hk. Båten gjorde god fart, opp i 9 knop, med denne motoren.
Knut Haahjem, som dreiv Haahjem Mekaniske Verksted på Vigra frå 1915, laga semidieselmotorarfram til 1952.
Kåre Haahjem, barnebarn til Knut, har fortalt:
“Den (motoren) var av samme størrelse som den ble levert noen år tidligere til rutebåten “Nordsol” fra Valderøy. Disse motorene hadde to sylindere og var av de største semidieselmotorer som til da var laget på Sunnmøre.”

Navigasjonsutstyret var sekstant, slepelogg og kompass, og radiomottakar vart montert heilt frå båten var ny.
Sevrin Roald kjøpte ein kvalkanon som hadde blitt brukt til Bottlenosefangst på 1880-talet, som dei tilpassa sitt behov.
Den mekaniske vinsjen og spelet kom frå O. Synnes mek. verkstad.
Hans B. Haram, som var mannskap om bord frå 1951, har fortalt at vinsjen var kledd inne med tre, slik at berre vinsjenokkane stakk ut. Dei måtte legge reim rundt svinghjulet, og akslingen låg under dekk i lasterommet. Denne måtte dei vere forsiktige med når dei arbeidde med fisken i lasterommet.
Spylepumpa hadde eit spesielt patent med eit sykkelhjul som dei la ned mot svinghjulet. Dette var noko dei hadde byrja med på Roald. Det fungerte godt, men det var stor slitasje på sykkeldekka.

Kjeder nytta i artikkelseriane
- FISKEKUTTAREN MK HELAND
- MK HELAND OG 2. VERDSKRIG
Marie Vermersch
Avdeling kulturhistorie: Skipper (frå 1. mai 2026)
916 92 064 / marie.vermersch@vitimusea.no