Minneord Jostein Fet
Språk- og litteraturvitar og folkemusikar Jostein Fet er død. Han døydde 16. juli i Volda, 98 år gamal.
Jostein Fet var fødd i Velledalen i Sykkylven og tok hovudfag i litteratur ved Universitetet i Oslo. Fet arbeidde ved Telemark landsgymnas i tre år, før han vende heim til Sunnmøre. Fet arbeidde ved Volda lærarhøgskule (no Høgskulen i Volda) som lektor og dosent i norsk, til han gjekk av med pensjon i 1990. Det store gjennombrotet som forskar fekk Fet som pensjonist.
Jostein Fet er ein av dei viktigaste forskarane innan skriftkultur. Verka "Lesande bønder" (1995) og "Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600-1850" (2003) endra kunnskapsgrunnlaget og forståinga for lese- og skrivekunna mellom folk flest. Fet dokumenterte at bøndene på Sunnmøre på 1700- og 1800- talet eigde bøker og var meir lese – og skrivekunnige enn det ein tidlegare visste. Med dette fekk ein heilt nye referansar for skrivekunna i Noreg.
I 2006 gav Fet ut "Eksetiana", der han dokumenterte alt som var trykt ved Aarflots Prenteverk på Ekset i Volda. Sivert Aarflot starta det første trykkeriet på landsbygda i Noreg i 1809. Her vart det trykt naturhistoriske og økonomiske skrifter, og avisa “Norsk Landboeblad” (forløpar til dagens lokalavis “Møre”). “Eksetiana” var meir enn eit oppslagsverk, Fet formidla innsyn i det kulturelle og intellektuelle livet på Sunnmøre og i landet elles. I dag er Sivert Aarflot- museet ein del av regionmuseet på Sunnmøre, i Stiftinga Viti, der vi skal formidle kunnskapen vidare.

Jostein Fet var ein røynd folkemusikar, han spela fele. Då Fet pensjonerte seg frå Høgskulen, tok han for alvor fatt på å grunnleggje Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Han samla og registrerte lyd- og videoopptak, skrift, tonar og notar. Ei av bøkene han skreiv var «Folkemusikken i Møre og Romsdal» (1999). Jostein Fet leia Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal frå grunnlegginga i 1990, til 2001. Han revitaliserte Sunnmøre Spelemannslag og var ein aktiv spelemann. I "Stemmer frå ei fjern tid" dokumenterte han viser frå 1600-talet og magiske formlar frå Hornindal.
Jostein Fet gav også ut boka "Sunnmørske tunnamn- individ, samfunn og landskap" (2010), der han studerte korleis gardstuna på Sunnmøre fekk namna sine. Fet viser at namna på tuna kan delast inn i grupper med språklege, historiske og sosiale kjenneteikn.
Jostein Fet fekk ei rekkjeutmerkingar for arbeidet sitt. Mellom annafekkhan Kongens fortenstmedalje i gull (2004), kulturprisen i Møre og Romsdal (2004), Sunnmørspostens kulturpris (2006) og var æresdoktor ved Universitetet i Bergen (2017).
Stiftinga Viti har mykje å takke Jostein Fet for. Han delte så raust av kunnskapen sin langsmed, engasjert, nysgjerrig og forskande til det siste.
Det å ha Jostein Fet sitt arbeid og Jostein Fet sjølv, som har fordjupa seg i og har ein slik kunnskap om kjernen av det museet formidlar og forvaltar, har vore ein unik ressurs. Når det har kome forskarar på besøk til Sivert Aarflot-museet har det vore ein stor tryggleik og styrke å ha Jostein i nærleiken, og han har alltid delt av sin store kunnskap på feltet. No er det arbeida hans som står att, eit sjeldantlivsverk.
Som vitskapleg museum står vi påskuldrane av arbeidet til Jostein Fet. Vi er djupt takksame for kunnskapen, perspektivet og musikken han har gitt oss.
Takk for songen, Jostein.
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Administrerande direktør for Stiftinga Viti (Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, Sunnmøre museum, Sivert Aarflot-museet med fleire)

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Adm. og leiing: Administrerande direktør
+47 908 43 977 / audhild@vitimusea.no